20/04/2026
I dag lamma Kaja. Ho har vore svært stor og me tippa på 4 lam og det hadde ho. Ho har stått 2 dagar over termin. I dag tidleg såg me at sauen ikkje var i toppform. Ingen teikn til at fødsel var i gang, men noko var gale. Bestemte meg for å undersøkja. I fødselsvegane fann eg berre ein hale og innanfor kjente eg berre krysset på lammet. Typisk for sete fødsel. Henta opp bakbeina som peika framover i sauen. Visste at det stod om tid så lammet kom ut i stor fart. Kjennte ikkje liv i lammet mens eg retta opp bakbeina. Då lammet (6,5 kg, det er stort for ein 4-ling)kom ut låg det livlaust. Ingen teikn til pusting, men eg registrerte svake hjarteslag. Lammet vart stimulert og handtert intensivt og etter 10 minutt pusta det jamnt, men låg heilt livlaust. Eg henta fram dei andre 3 lamma( desse var normale) og tok det fyrste lammet bort i stova. Det er svært viktig at slike lam vert stimulert. Denne jobben overlot eg til Fanta( sjå video). Ho sleikte lammet slik mora ville gjort, og etter 15 minutt lyfta lammet på hovudet og mekra. Me fekk mjølk i det sjølv om lammet iķkje hadde sugerefleks. Etter 1,5 time kom det seg endeleg på beina, og etter ytterlegare ein time fekk lammet endeleg vist sugerefleks. Slike lam som vert ståande for lenge i fødselsvegen dør ofte av oksygenmangel, eller får hjerneskade(CP). Triumfen føles difor stor når lammet er på beina, sug på flaske og oppfører seg normalt. Det er slike episodar som gjer lamminga til eit høgdepunkt på året, trass i at draumen om ei heil natt søvn føreløpig berre er ein draum.
Lammet er no plassert i barnehagen( i lag med dei andre koppelamma).