12/07/2026
Sumaren so langt kan vel beskrives best som varierande. Både været og aktivitetane har vert meget skiftande.
Slåtten og høyproduksjon er noko av det som er viktigast gårdsmessig om sumaren. Og der har vi gjort det ganske godt så langt i år. Takket vere kårfolk og svigerfolk kan vi skilte med å ha tørka alt graset vi skal, og fått det under tak også.
Vi har valgt å ikkje investere i mykje nytt og dyrt utstyr, så vi har tatt til takke med det gamle utstyret som har stått urørt på gården i mange år. Den gamle forhaustaren får køyrt seg hardt. Faktisk så hardt at i år takka toppen for godt, og vi må nok skaffe oss noko nytt å slå med til neste år. Forhåpentligvis er gråtassen endelig i gang då, og vi kan slå graset med enda lettare utstyr enn i år.
For det er litt poenget vårt og, mindre og lettare utstyr, skapar mindre press og stress på jorda. Og jorda vår kan ikkje seiast å vere i særs god stand fra før av.
Ein tur på nydelige Lomviksgården vart det tid til tidlig i ferien. Ein fantastisk vakker museumsgård/gårdskafe i Sverige, som svigermor har vert med å dreve i mange år. Her er det mykje rom for å koble av, roe ned, og ikkje minst å fiske gjedde. Gjedda var derimot litt slapp i år i motsetning til tidligare år, så kampane var ikkje like moro som tidligare år.
Etter å ha gått til innkjøp av ny båt, saman med drengen, fekk eg og Svigerfar endelig testa den eine vindstille dagen i veka. Turen gjekk til loftheimsgrunnen, innom Jokeren på Bulandet, før eg viste fram eit av mine finaste sommerminner, nemmelig Aralden. Fisk vart da og 🙂
Fotballpandemien nådde endelig gården og. For første gang slo eg på TVen for å sjå fotball når Norge slo Brasil. Ein viss entusiasme var til og med å spore. Så når spørsmålet kom om å rigge til Norge-England kamp i fjøset, så måtte vi berre sette igang. Med gråtassen under lerretet, og Norgesflagget i kraftfôr sekken vart det for andre gang nokonsinne satt på fotball i min regi.
No gjennstår avslapping, maling, kledning, mykje meir fisking, bremseskifte, bytting av vindu, med mykje meir før vi endelig kan begynne på jobb igjenn og roe ned.
God sommar til alle saman ❤️