26/02/2025
Ja,ja.... det er ikkje mange som bryr seg om kongen si oppmoding her i strøket.... (jfr nyttårs-talen)
I kveld inviterte vi til undervisning/ samtale om verdens mest solgte bok, Bibelen, og enkel kvelds. Heilt gratis, som bruker å slå an på våre kantar av landet, men folk trengte visst korkje kvelds eller undervisning / samtale.
Til tross for mange gode ord og interesse rundt arrangementet både på facebook og ellers, så var det berre nær familie som prioriterte det.
Vi har arrangert "Ingeløa Open " to kveldar i februar med til saman seks besøkande. Og vi som var der hadde det veldig kjekt:)
Men vi veit at folk har rikeleg med andre ting som skal prioriterast, så vi har ikkje mist motet.
Onsdag 26. mars prøver vi igjen. Men om ingen fleire ønsker å gå gjennom det fantastiske kompendiet som Bjørn Mannsverk har laga, ja, så må vi nok berre legge inn årane og innsjå at slik vart det.
Men det er vel lov å håpe at alle gode ting er tre?
Skulle du bestemme deg for at du vil vere med, så er det lurt å lese litt i Johannesevangeliet, neste undervisning handler om det.
Og du er sjølvsagt hjarteleg velkomen:)