31/05/2026
Endeleg er prosjektet med fiskarhuset ferdig - etter tre til tider særs intense månadar er undertaket vesentleg utbetra, takpapp og nye takrenner komen på og deretter ca 2000 skiferplater over mange, lange arbeidsdagar - ledda mine har vore i posisjonar eg ikkje trudde dei var i stand til og frustrasjonsnivået skyhøgt til tider.
I tillegg er huset målt, diverse dårleg treverk skifta ut og deler av det elektriske anlegget fornya. Ymse naboar, nesten-naboar og familiemedlemmar har bidrege på ulikt vis - utan den hjelpa hadde eg ikkje hatt sjanse å få gjort sopass mykje, so eg takkar og bukkar!
No håpar eg grunnlaget er lagt for at huset overlever meg med god margin - nye 180 år skal kanskje noko til, men ein kan håpa😊