Borgund Chili

Nettsted Kontakt bedriften

Borgund Chili www.borgundchili.no

To brør med eit evangelium om saus og solidaritet. Saus til folket! Snart på ein marknad nær deg.

25/09/2026

I morgon (teknisk sett i dag), laurdag 26.september, blir ein hektisk dag for Borgund Chili. Me startar dagen med ein av våre absolutte favorittmarknadar. Nydelege Lærdalsøyri har gode værmeldinger, og me har bilen bugnande med saus. De finn oss der mellom 10 og 16.

Rett etter me stenger boden stikk med pronte til Sogndal for lydsjekk, og etterpå konsert på det gule huset i Sogndal. Byrjar å bli skrint med billettar, men framleis nokre igjen. Det blir høgt, trangt og intimt.

Både sausen og kulturavdelinga skal til pers, håper me møter mange både på stand og konsert!

Saus (og musikk) til folket!

22/09/2026

Hello Risk!

For tredje år på rad så smeisar me til med pokersaus. Det har blitt nesten ein tradisjon at me snur nasen mot Gardermoen og Thon Hotel Oslo Airport i haustferieveka. Me står der mest truleg torsdag og fredag (1-2.okt).

Årets Risk er hakket heitare enn tidlegare batchar då habaneroen som me har brukt her er potent som pokker (også får folk berre vera ueinige om det er ein bra eller dårleg ting...).

Eg klinka den på kylling og kål i ei lompe, men meinar at denne luringen her går det svært mykje anna.

Risk kjem i nettbutikken om ei veke eller to, me kringkastar når det skjer.

Saus til folket!

Dette gledar me oss enormt til!
14/09/2026

Dette gledar me oss enormt til!

05/09/2026

Dag 2 Bergen matfestival

Me er så heldige at me har Haugen Gardsmat som nabo i år. Me byr på saus, dei byr på kjør, og burgeren dei diskar opp med er eit eventyr av kjøt, smak og glede. Me skrur gleden opp til 11 ved å dynka den i Brennande Bøthun, og det største og svoltnaste mannen på stand er dundrende lukkeleg.

Tilrår alle å få seg ein burger, og tilrår tyngre at den vert dynka i sterk saus

Samarbeidet mellom Flåm og Borgund er som Owen og Heskey i glansdagene.

Saus til folket!

04/09/2026

Hello Bergen!

Denne nydelege, regntunge byen syner seg frå si beste side i år også. Strålande vær, fantastiske folk, og ein stand full av saus

Me er i denne byen med ein agenda om å setta eld i ganane til bergenserane, og med denne ramma ligg alt til rette for ei heilt magisk bra helg

Musikk: Borgund Chili Band

29/08/2026

Sandvika byfest 2026

Borgund Chili tek ein ny runde på Sandvika byfest. I år som i fjor er me ikkje superheldige med været, men me kosar oss stort.

I morgon (søndag) er det meldt opphold og god temperatur. Håpar mange tek turen innom oss då.

Saus til folket, saus til Sandvika!

15/08/2026

Vivestad haustmarknad!

Borgund Chili flyktar frå labert og regntungt sommarvær i Sogn til reinaste syden i Vivestad i nærleiken av Tønsberg og Holmestrand.

Sola skin, livet leikar, og me badar (for fyrste gong???) Vestfold i sterk saus.

Saus til Vivestad, saus til folket!

13/08/2026

Vivestad, here we come!

Alltid like kjekt å prøva nye plassar, og denne gongen er eg òg delvis styrt frå yr.no. Meldt varmt sommervær, noko som blaute sogningar lengtar etter.

Det heile kokar ned til ein trivselsikker plan; sol, saus og sommar!

Eg og min storvokste sidekick står på stand laurdag og søndag frå 10.00 - 17.00. Ta turen innom så kan me både pynta deg med tshirts, bøttehatt og caps, eller setta fyr på ganen din med heimelaga sterk saus.

Saus til Vivestad, saus til folket!

For ei heilt bananas helg i Trondheim. Me har bortimot drukna bartehovudstaden i sterk saus, så det er ein lett bil som ...
09/08/2026

For ei heilt bananas helg i Trondheim. Me har bortimot drukna bartehovudstaden i sterk saus, så det er ein lett bil som me køyrer heimover mot Borgund.

Avsluttar oppholdet mitt i min gamle heimby med å leika turist og gledar meg enormt til å komma tilbake ved eit seinare høve.

Saus til folket, saus til Trondheim!

Reklame/annonseBorgund Chili slepp i dag to nye tshirts i nettbutikken presentert av flott haugesundar på knappe 2 meter...
02/08/2026

Reklame/annonse

Borgund Chili slepp i dag to nye tshirts i nettbutikken presentert av flott haugesundar på knappe 2 meter.

Pynt deg på seinsommeren med fargerike tshirts som ikkje veks på tre.

www.borgundchili.no

Du finn tshirts i svart og kvit, og frå xs til ###l

Mr.Liøen hangover noodles er Borgund Chili sitt sideprosjekt for å reparera trang hjelm etter litt for artige kveldar på Borgund sin beste (og einaste) pub. Den kinesiske teksten under skal angivelig seie: "sterkare enn far din, heitare enn mor di", dog ikkje muleg for oss å kvalitetssikra dette.

Breaking Bad - motivet av Joar med gassmaske som lagar Set Eld er ein klink nødvendigheit når carolina reaper forgiftar lufta ein pustar. Her har dagleg leiar teke seg kreative friheiter som har hausta mykje ris, men òg litt ros.

Blir me ein trendsettar? Eg tvilar, men til den nette summen av kr.180,- for ei tshirt så er det ingen som knekk ryggen økonomisk for litt blikkfang.

Løp og kjøp!

Saus og tshirts til folket!

Adresse

Vindhella 717
Laerdal
6888

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Borgund Chili legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Borgund Chili:

Snarveier

Del

Kategori