Drøsekaffi

Drøsekaffi Drøsekaffi er spesialkaffi som vert brunnen av ivrige kaffientusiastar i vårt mikrobrenneri på N?
(2)

Adresse

Torggata 2
Nærbø
4365

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Drøsekaffi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Drøsekaffi:

Del

“Ein god kopp kaffi vert betre når du drikk han i lag med andre. Den gode drøsen vert betre med ein god kopp kaffi”

Me nordmenn elskar kaffi, og me drikk mykje kaffi. Helst fleire gonger dagleg. Drøsekaffi skil seg ut frå mengda: Spesial-kaffi laga på dei beste råvarene som er å få tak i frå Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Ein nøye overvaka og kontrollert brenneprosess får fram potensialet i den verdifulle råvara.

Å drikka ein kopp med ekstra god kaffi kan verta ei lita pause i kvardagen, ei stund der vi kan sitja ned og kjenna at den gode smaken breiar seg og gjer godt i heile kroppen. Drøsekaffi finst fordi vi trur at ein god drøs; felleskap mellom menneske er grunnleggjande og viktig. Byr du på ein ekstra god kopp kaffi som er brent og pakka midt på Jæren viser du at du set pris på felleskapet og drøsen som veks fram.

Kaffi er ferskvare og er difor best om kaffibønnene vert kverna like før kaffibrygging. Drøsekaffi vert seld som heile bønner, og vi anbefaler at du sjølv kverner kaffien.