Sævareid Bruk

Nettsted

Sævareid Bruk Oppdretter av laksesmolt, etablert i 1978. Lokalisert innerst i Sævareidfjorden i Bjørnafjorden, Vestland. Selskapet er en del av Alsaker-konsernet.

19/09/2026
Takk for innsatsen, Jonas! 👏I september 2022 byrja Jonas hos oss som TAF-lærling. Gjennom nesten fire år har han kombine...
07/08/2026

Takk for innsatsen, Jonas! 👏

I september 2022 byrja Jonas hos oss som TAF-lærling. Gjennom nesten fire år har han kombinert skule og jobb på ein imponerande måte. Han har utvikla seg til ein dyktig, sjølvstendig og påliteleg medarbeidar, og blitt ein viktig del av laget på Sævareid. Etter fullført TAF-løp har han òg jobba vidare hos oss – noko vi har sett stor pris på.

No ventar nye utfordringar. Vi er sikre på at Jonas tek med seg den gode arbeidsinnsatsen, læreviljen og dei gode haldningane vidare.

Tusen takk for alt du har bidratt med, Jonas. Vi ønskjer deg masse lykke til vidare, og håpar vi får sjå deg att på Sævareid ein dag.

Lykke til – og takk for tida hos oss!

05/08/2026

🎉 Kranselag på Sævareid Bruk

I sommar nådde me ein viktig milepæl på Sævareid Bruk, og det måtte sjølvsagt markerast med kranselag og kake.

Om lag 50 gjester var innom for å markere milepålen saman med oss. Me samla oss i produksjonshallen som etter kvart skal heite Klimarommet – eit namn som stammar frå tida då det var papp- og kartongfabrikk på Sævareid.

Tusen takk til alle tilsette, entreprenørar, leverandørar og samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg så langt. Me ser fram til fortsetjinga! 🚀

02/06/2026

Gode naboar!

Her kjem ei ny statusoppdatering.

Som mange sikkert har sett, skjer det mykje på anlegget for tida, og det nye bygget reiser seg raskt. Dei siste vekene har montering av betongelement vore hovudaktiviteten, og om lag to tredelar av bygget er no på plass. Samstundes pågår det betongarbeid og legging av røyr i grunnen.

Planen er å ferdigstille det utvendige bygget i midten av juli. Parallelt held arbeidet fram med røyrmontasje i grunnen og dei siste utvendige betongarbeida.

Når bygget er ferdig utvendig, startar arbeidet inne i bygget. Først ut er støyping av golv i siste del av juli. Deretter kjem tekniske fag som elektro, ventilasjon, prosessmontasje og karmontasje. Dette arbeidet vil gå føre seg gjennom sommaren og utover hausten.

Det vil framleis vere ein del trafikk i perioden framover, hovudsakleg i samband med levering av betongelement. Når golvstøypinga startar, kan det òg bli noko auka trafikk.

Betongbilar til dei innvendige golva vil nytte tilkomst frå oversida av anlegget. Dei vil difor ikkje køyre gjennom sentrum.

Av omsyn til tryggleiken minner vi om at anleggsområdet er stengt for uvedkomande.

Anleggsområdet er sikra med gjerde og port, og porten er stengd på ettermiddag, natt og i helgar. Alle som arbeider på prosjektet, eller har løyve til å vere på området, registrerer seg via elektronisk tilgangskontroll.

Vi ber alle respektere sperringar og skilting, både for eigen tryggleik og for tryggleiken til dei som arbeider på området.

Ta gjerne kontakt dersom de har innspill eller spørsmål.

Takk for tolmodet og omsynet de viser i denne byggeperioden.

Gode naboar! Her kjem ei lita statusoppdatering frå oss på Sævareid Fiskeanlegg 👷‍♀️🐟🔨 Grunnarbeid- Det meste av grunnar...
08/01/2026

Gode naboar! Her kjem ei lita statusoppdatering frå oss på Sævareid Fiskeanlegg 👷‍♀️🐟

🔨 Grunnarbeid
- Det meste av grunnarbeidet er no ferdig, og alt sprengingsarbeid er avslutta.

🚛 Trafikk
- Januar–februar: Hovudsakleg betongbilar samt transport av armering og røyr.

- Frå medio februar og fram mot sommaren: Oppstart av elementmontasje. Dette vil føre til noko auka trafikk til og frå anlegget i denne perioden.

🔒 Sikring og adgang
- Anleggsområdet er stengt med port på ettermiddag, natt og i helger, og er i tillegg sikra med gjerde.
- Alle som arbeider på prosjektet, eller har løyve til å vere på området, registrerer seg via elektronisk adgangskontroll.
👉 Av omsyn til tryggleiken skal ingen uvedkomande opphalde seg på anleggsområdet.

🏗️ Hovudaktivitetar fram mot sommaren 2026
- Gjenståande grunnarbeid – Maskinentreprenør Steffen Berge AS
- Pågåande betongarbeid – Nilsen & Sture Betong AS
- Prefabrikasjon av råbygg – NOBI Bygg og Betong AS (oppstart medio februar)
- Botnleidningar og røyrarbeid – IPC AS (oppstart slutten av januar)
- Taktekking – Nygård Tak AS (oppstart tidleg sommar)

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål 😊

22/12/2025

🎅🎥 KI-video er ikke for alle – i alle fall ikke ennå. Uansett hyggelig av nissens reinsdyr, slede og lue å ta turen innom oss med julegaver i dag. 😄🐟 Heldigvis er vi bedre på smolt.

En stor takk for året som har gått til alle kolleger som står på hver eneste dag og produserer førsteklasses smolt. Innsatsen, fagkunnskapen og engasjementet deres betyr enormt.

Takk også til naboer, kunder, leverandører og samarbeidspartnere for tillit, godt samarbeid og gode dialoger gjennom året.

I år vil vi på AS Sævareid Fiskeanlegg rette en særlig oppmerksomhet til alle dyktige kolleger i As Bolaks, som har bidratt til å bygge AS Bolaks og AS Sævareid Fiskeanlegg til det flotte konsernet vi kjenner i dag. Vi er veldig takknemlige for å ha fått ta del i 50-årsjubileet – som skulle vise seg å bli ekstra spesielt mot slutten av året.

Nå går vi inn i en ny spennende fase, og vi ser frem til godt samarbeid med nye kolleger i Alsaker Fjordbruk i tiden som kommer. Sammen er vi godt rustet til å møte fremtiden – så dette blir kjekt.

🎄 God jul og godt nytt år! 🎄

Adresse

Sævareidvegen 644
Oslo
5644

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sævareid Bruk legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del