Håvardsrud Seterliv

  • Home
  • Håvardsrud Seterliv
Call Website Contact the business

Håvardsrud Seterliv Seterdrift med mjølkekyr og andre norske dyr, seterferie, dagsbesøk, gardsprodukt, turriding, opplevingar og seterkafe Ope kvar dag frå 10-17.

Rjomegraut frå kl 12-17

Kaninene bur i det gamle kufjoset når me ikkje er på staulen. Ein avdeling for h**r og ein herreavdeling. Dei får høy, b...
20/09/2026

Kaninene bur i det gamle kufjoset når me ikkje er på staulen. Ein avdeling for h**r og ein herreavdeling. Dei får høy, bittelitt kraftfor, vatn og gnagemateriale.

Tripp, trapp, tresko  i dag
19/09/2026

Tripp, trapp, tresko i dag

Geiteflokken bur på setra eit par veker til og i dag tok me ein tur heim i åsen for å sjå til hestane på Leiuvåsen (heim...
09/09/2026

Geiteflokken bur på setra eit par veker til og i dag tok me ein tur heim i åsen for å sjå til hestane på Leiuvåsen (heimstaulen).

Eg må få takke for ein nydeleg setersommar, med gode møte mellom menneske. Kvar dag syner me koreis kyrne finn mat i utm...
07/09/2026

Eg må få takke for ein nydeleg setersommar, med gode møte mellom menneske. Kvar dag syner me koreis kyrne finn mat i utmarka og korleis me mjølkar. Desse fine bileta fekk eg av naboen vår som møtte kyrne då dei var på tur. I går fekk me koke rjomegraut til ei fullsatt jubileumskyrkje, stas for oss å få ein slik jobb. Mange snakkar om kvar maten kjem ifrå og me byr på den lokale maten, ikkje langt frå tallerken.

Helsar frå kyrne våre og ynskjer dykk velkomne til seters juni 2027! Tusen takk til alle fantastiske gjester som tok tur...
28/08/2026

Helsar frå kyrne våre og ynskjer dykk velkomne til seters juni 2027! Tusen takk til alle fantastiske gjester som tok turen til oss i sommar! Når de bur på seterferie, et rjomegraut, bakst, kjøper med dykk seterprodukt og anna lokalmat er de med å føre seterlivet inn i framtida, takk!

For dei minste er det spanande nok å helse på dei små dyra.
22/08/2026

For dei minste er det spanande nok å helse på dei små dyra.

Ein flott seterdag gjeng mot slutten, tusen takk for besøket til Rjukan barneskole, ein herleg gjeng med lærarar og unga...
20/08/2026

Ein flott seterdag gjeng mot slutten, tusen takk for besøket til Rjukan barneskole, ein herleg gjeng med lærarar og ungar! Dei fekk helse på alle dyra, mjølke i seterfjoset, smake på koku, den ulitimate gjestematen til seters. Me såg regnet over fjella og nede i bygdene og her enda det med nokre dropar i solnedgongen. No brenn det i bakarovnen så me kan bake laurdag og sundag.Budeiene har plukka bringebær til seterklappen. I morgo kan de få smør, rjome, rjomegraut og koku!

20/08/2026

Trøytte og mette setergris, høyr lyden.

16/08/2026

Me bakar i veg og kokar graut til dykk i dag, det er fint seterver, velkomne innom! Sjølvsagt har me mykje godsaker frå desse nydelege kyrne i alt me lagar og me bakar med speltmjøl i vedfyrt bakaromn!

Geitekjea er fine og rare, endeleg kviler dei i geitehuset sitt.
15/08/2026

Geitekjea er fine og rare, endeleg kviler dei i geitehuset sitt.

Address


Opening Hours

Monday 10:00 - 17:00
Tuesday 10:00 - 17:00
Wednesday 10:00 - 17:00
Thursday 10:00 - 17:00
Friday 10:00 - 17:00
Saturday 10:00 - 17:00
Sunday 10:00 - 17:00

Telephone

+4795059725

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Håvardsrud Seterliv posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Håvardsrud Seterliv:

Shortcuts

  • Want your business to be the top-listed food & beverage service?

Share