Slåttene gard

Slåttene gard Utleige av hus for overnatting i tillegg til kurs og selskapslokale Slåttene gard har nyrestaurert sperrestove til leige.

Her finn du no eit moderne,fullt utstyrt kjøken,men og den restaurerte vedfyrte kjøkenomnen frå 1920-talet.Tømmeret på den eine veggen i kjøkenet er frå 1700 eller tidlig 1800 talet.

0pphaldsrommet/stova med det gamle tømmeret inntakt, sette sitt spesielle preg og gjer dette til eit hus med sjel.Her finn du og ein av to restaurerte etasjeomnar som varmar godt på kalde dagar.Før jul

vart det montert varmepumpe her, så etasjeomnen vert mest nytta for kosen sin del. I kammerset som har skifta farge frå gult til kvitt, og på hemsen over kjøkenet, finn du sengeplassar for frå 2 til 6-7 personar. I tidlegare tider var doen plassert i fjøsen,(utedo) men no er det laga eit lite moderne bad i inngongspartiet til sperrestova,dette gjorde gangen litt trang.Men den gjer nytten og det får vere greit nok inn til vidare. Når ein tenker på at dette huset var heim for opp til 11 personar frå 1920 talet til 1952 får ein eit anna syn på komfort. Utandørs er planen å opparbeida ein uteplass til våren, der det mellom anna blir høve til grilling. Velkomne til gards for overnatting, for fine opplevingar inne som ute omkransa av majestiske fjell og Jostedalsbreen nasjonalpark som nær nabo.Her er det høve til mange flotte turar sommar som vinter. Andre tilbod på garden:

Sperrestova eignar seg svært godt til små selskap eller grupper på opp til ca. 20 personar. I slike høve vert det catering frå til dømes Stardalen Sommarkafe. Som sertifisert Berøringspedagog og medlem av Foreningen for Berøring og Taktilterapi kan eg tilby behandling her på Slåttene gard. For timebestilling og pris ring:47248146
Om du lurer på kva slik behandling går ut på kan du mellom anna lese om slik behandling på nettstaden: dinesanser.no

Blomstrane på grasløk har sett farge,lukt og smak på kvitvinseddik.Vart ganske fin farge synest eg. Blir spennande å ta ...
10/07/2026

Blomstrane på grasløk har sett farge,lukt og smak på kvitvinseddik.Vart ganske fin farge synest eg. Blir spennande å ta den i bruk i matlaginga.

05/06/2026

Når ein går ut i sommernatta kan det bli slike inntrykk🙌
Frå 04.5 2026 i 03 tida🐦

18/02/2026
12/02/2026

Nordlyset i Stardalen 11.02.2026


Eit lite snødryss utanfor husa og kuldegrader framover kan kanskje gi håp om nokre slike opplevingar i starten av 2026 o...
29/12/2025

Eit lite snødryss utanfor husa og kuldegrader framover kan kanskje gi håp om nokre slike opplevingar i starten av 2026 og.❄️⛄️

VINTERLANDET

Overalt ser eg berre kvitt
Her eg går i riket mitt
Kalde,rein og kvite snø
På den er det mjukt å trø

I snøen eg legge meg ned
Sjølv om ingen det om meg bed
som i barndomen då vi var unga
Englar med hender og føter forma

Kan lage meg ein mann
ein av snø kan gå ann
Stable tre snøballar opp
Gulrot til nase og hatt på topp

Her i tunet mitt han står
ikkje med det første han går
i alt det drivande kvite
Er han i mitt dronningrike

Aldri han får av meg ein klem
Men han held ut til varmen kjem
Då vil eg sjå han forsvinne
og denne tida blir berre eit minne

Ski og kjelke skal plukkast fram
Nede på bøen vi trene kan
Ei løype eg laga med gode spor
knitring under ski når det er kaldt på jord

Etter turen vi kan sette oss ned
Du får kakao, kanskje eg drikke te
tenner bål, du vil spidde pølser
Så godt kan det vere å bu i Jølster

GWN-22.12.2014

Adresse

Stardalen
Skei I Jølster
6843

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Slåttene gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Slåttene gard:

Snarveier

Del