Clicky

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit Museumsgarden Kolbeinstveit ligg ved RV13 i Suldalsosen. I løa står ei fast utstilling om garden og folket som budde her Kolbeinstveit er ein del av Ryfylkemuseet

Åpent som vanlig

Museumsgarden Kolbeinstveit held ope kvar dag i juli frå 10-16Tradisjonsmat, tradisjonelle leiker, tradisjonelle klede, ...
02/07/2021

Museumsgarden Kolbeinstveit held ope kvar dag i juli frå 10-16

Tradisjonsmat, tradisjonelle leiker, tradisjonelle klede, hilsa på hønsa, hoppa i høyet, hesjing, sjå deg rundt i hus og tun

Velkommen til gards

Sommarsesongen 2021 på KolbeinstveitOpe kvar dag frå 2. juli - 30. juli kl 10-16VelkommenBillettprisar 100/vaksne 50/bor...
03/06/2021

Sommarsesongen 2021 på Kolbeinstveit

Ope kvar dag frå 2. juli - 30. juli
kl 10-16

Velkommen

Billettprisar 100/vaksne 50/born 250/familie

Her får du hilsa på hønene våre, du kan kle deg i gamle klede og vera med og hoppa i høyet eller leika med dei gamle leikene våre. Me kan og fortelja deg historia til garden om du vil

Salg av tradisjonsmat

På jakt etter interiørfoto frå M/S Suldal
09/04/2021
På jakt etter interiørfoto frå M/S Suldal

På jakt etter interiørfoto frå M/S Suldal

13. august 1885 tøffa dampbåten D/S Suldal sin første tur på Suldalsvatnet i det som skulle bli ei lang karriere som bindeledd mellom grendene kring det 28 kilometer lange vatnet i Sauda sin nabokommune. Båten blei i 1953 oppgradert, fekk dieselmotor og blei M/S Suldal, og heldt fram i rutefart...

Stilling ledig for 2 sommarvertar på Kolbeinstveit!Søknadsfristen er i morgon fredag 26. mars!
25/03/2021

Stilling ledig for 2 sommarvertar på Kolbeinstveit!

Søknadsfristen er i morgon fredag 26. mars!

https://ryfylkemuseet.no/ledig-stilling/

Søknadsfrist fredag 26. mars

Me vert glade om du deler 😄

Eit lite glimt frå Nissekveldarrangementet på Kolbeinstveit 11. desember. Takk til alle som kom og gjorde kvelden så kje...
12/12/2019

Eit lite glimt frå Nissekveldarrangementet på Kolbeinstveit 11. desember. Takk til alle som kom og gjorde kvelden så kjekk

Ryfylkemuseet
12/12/2019

Ryfylkemuseet

Var du på Nissekveld på Kolbeinstveit i går? Leita du etter husnissane? Me fekk 28 (!) svar, ikkje alle hadde funne alle 8 nissane, men det hadde Luca

Og han får sjølvsagt ein fin premie

Vinnaren er kontakta på sms

Me har ope til kl 18.00 i dag

Velkommen

Regn ute? Da er det godt å vera inne og spise god tradisjonsmat eller å hoppa i høyet. I smia er det heldigvis også tak ...
10/08/2019

Regn ute? Da er det godt å vera inne og spise god tradisjonsmat eller å hoppa i høyet. I smia er det heldigvis også tak over hodet. Velkommen!

På laurdag, 10. August, kjem Jan Gunnar Helmikstøl til Kolbeinstveit for å vise små og store korleis ein ekte smed arbei...
07/08/2019

På laurdag, 10. August, kjem Jan Gunnar Helmikstøl til Kolbeinstveit for å vise små og store korleis ein ekte smed arbeidar nede i smia. Dette trur me blir innmari kjekt! Kjem du?!

Det er ikkje så mykje stylteløp og tønneband når regnet pøser ned ute på tunet, men på løa er det både tørt og lunt! Run...
06/08/2019

Det er ikkje så mykje stylteløp og tønneband når regnet pøser ned ute på tunet, men på løa er det både tørt og lunt! Runa og Olaug tar gjerne med både store og små for å leike i høyet! =)

Velkommen til Kolbeinstveit, vi held ope kvar dag frå kl. 11-17.🐮🐱🐔
05/08/2019

Velkommen til Kolbeinstveit, vi held ope kvar dag frå kl. 11-17.🐮🐱🐔

Det er også mykje som skjer i Suldal i august! ☀️ Du kan oppleve smørgraut på Kolbeinstveit, nyte vaflar og fantastisk utsikt over Hylsfjorden frå Litunet, høyre historia om kvifor ein seier «skriv det på Jelsapresten» i Jelsa kyrkje, ta med familien på laksesafari i tørrdrakt nedover Suldalslågen og ha ein kjekk kveld med bowling, galleri og kino ved Kulturhuset i Suldal.

Sjekk ut arrangementskalenderen vår på VisitSuldal.no for å få med deg det som skjer i kommunen!

📷 Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Sekkeløp på Kolbeinstveit! Alma (8) vant over far, men storesøster Elsa (13) gikk til slutt av med seieren! Hvem vinner ...
29/07/2019

Sekkeløp på Kolbeinstveit! Alma (8) vant over far, men storesøster Elsa (13) gikk til slutt av med seieren! Hvem vinner i morgen?!

Det har vore travle dagar med mykje folk på Kolbeinstveit. Det syns me er kjekt! I dag var det stor konkurranseånd med s...
28/07/2019

Det har vore travle dagar med mykje folk på Kolbeinstveit. Det syns me er kjekt! I dag var det stor konkurranseånd med striesekkhopping, stylteløp og rebus for store og små. Her med italienske Julia som viser fram styltekunstene sine! =)

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo
26/07/2019

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo
26/07/2019

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo

I morgon har Anette med rokken. Kom til Kolbeinstveit og prøv deg på karding, så kan du få sjå kva som skal til for å få...
24/07/2019

I morgon har Anette med rokken. Kom til Kolbeinstveit og prøv deg på karding, så kan du få sjå kva som skal til for å få ein tråd frå ein ulldott. Anette kan spinne så du går heilt i spinn!

Dei er ikkje store, men bærbuskane våre på Kolbeinstveit gjev både smak av rips og av solbær til dei som vil ha! 😊
23/07/2019

Dei er ikkje store, men bærbuskane våre på Kolbeinstveit gjev både smak av rips og av solbær til dei som vil ha! 😊

Det kan verte både vått og småkaldt å farte rundt på vestlandsferie. Då kan det vere godt å la våte barnesko få tørke ve...
21/07/2019

Det kan verte både vått og småkaldt å farte rundt på vestlandsferie. Då kan det vere godt å la våte barnesko få tørke ved den varme peisen medan ein et fløyelsmjuk smørgraut med kanel og sukker på!

Skikken å ete vaflar og lefse saman har lange røter i Suldal. Ein puttsr eit dobbelt vaffelhjarte inni lefsa, og det sma...
18/07/2019

Skikken å ete vaflar og lefse saman har lange røter i Suldal. Ein puttsr eit dobbelt vaffelhjarte inni lefsa, og det smakar heilt nydelig! 😍

I dag hadde me besøk av Inger Apeland, og ho  viste oss korleis ein lagar ekte smørgraut verdig kongar og anna fintfolk....
16/07/2019

I dag hadde me besøk av Inger Apeland, og ho viste oss korleis ein lagar ekte smørgraut verdig kongar og anna fintfolk. Martin vart særs imponert, nesten salig, over resultatet.

Kom gjerne og et smørgraut frå Suldal med oss! Me har øvd, og står klar! =)

Det er på tide med litt quiz og hønenerding:På Kolbeinstveit har me i år fire høner og ein hane. Dei er av rasane toppho...
12/07/2019

Det er på tide med litt quiz og hønenerding:

På Kolbeinstveit har me i år fire høner og ein hane. Dei er av rasane topphollender, millefleur og halvt-om-halvt millefleur/dvergkochin. Er det nokon som klarer å sjå kva som er kva?!

Beste forslag får premievaffel her på garden! 🐓

Me fekk god hjelp av små gardsgutar og -jenter på garden i dag, både til vaffellaging, sosialisering av hønene og mating...
11/07/2019

Me fekk god hjelp av små gardsgutar og -jenter på garden i dag, både til vaffellaging, sosialisering av hønene og mating av kalvane. Takk for ein trivelig dag til alle som var innom!

Det har vore godt med folk på Kolbeinstveit i dag, med mykje hyggelig prat og latter rundt kaffebordet. Kattane Ronja og...
07/07/2019

Det har vore godt med folk på Kolbeinstveit i dag, med mykje hyggelig prat og latter rundt kaffebordet. Kattane Ronja og Birk tek den siste runden over tunet på jakt etter mus og andre spennende saker, og me ryddar vekk stylter og anna stas til ny dag i morgon. Me sjåast! 🌳

Det er kaldt og vått. Ronja har sete i dørkarmen i morgentimane og kikka ut, men ikkje heilt vore villig til å gå ut og ...
06/07/2019

Det er kaldt og vått. Ronja har sete i dørkarmen i morgentimane og kikka ut, men ikkje heilt vore villig til å gå ut og bli våt i pelsen.

Det vert friskt og grønt, og medan me ventar på opphald kan me sitte inne og kose med kattane, drikke kaffi og høyre historier frå gamle dagar på Kolbeinstveit - gamle Lars og Giske levde nemlig litt av eit liv!

Kom og høyr om turar til Stortinget i Kristiania med Hallvard sitt brennevin i sekken, om ein storfamilie på 15 personar, om å å luske seg bak ryggen på fosterfar for å karre til seg ekstra skulegang, og om vanskelege tider då sjukdom slår til utan nåde. Det er mykje spennande her, også når det regner! :)

Kalvane Kjetil og Knut får mjølk kvar morgon og kveld. I dag vart Knut så utolmodig at han greip til seg heile bøtta, og...
05/07/2019

Kalvane Kjetil og Knut får mjølk kvar morgon og kveld. I dag vart Knut så utolmodig at han greip til seg heile bøtta, og sølte mjølk over heile seg i forbifarten!

Kom og hels på dei fine dyra våre, då vel!
🐂🐓🐈

Når det er litt småkaldt ute kan Runa nyte nystekt vaffel og kaffe i peiskroken. Vil du ha? Det er meir vaffelrøre på kj...
04/07/2019

Når det er litt småkaldt ute kan Runa nyte nystekt vaffel og kaffe i peiskroken. Vil du ha? Det er meir vaffelrøre på kjøkkenet!

01/07/2019

Kom å varm deg på Kolbeinstveit i dag! Me har ope til 17 ☺️

Frå laurdag 29. juni opnar me dørene på Kolbeinstveit att. Du er velkommen kvar dag frå kl. 11 til 17. Hopp i høyet, bli...
20/06/2019

Frå laurdag 29. juni opnar me dørene på Kolbeinstveit att. Du er velkommen kvar dag frå kl. 11 til 17.
Hopp i høyet, bli med å hesja og kanskje det til og med vert ild i smia? Kom å sjå kva me held på med!

Vi nærmar oss ny sommarsesong. Frå laurdag 29. Juni til fredag 16. august er dyra på plass og dørene ope. Velkommen, vi ...
12/06/2019

Vi nærmar oss ny sommarsesong. Frå laurdag 29. Juni til fredag 16. august er dyra på plass og dørene ope. Velkommen, vi håpar å sjå deg!
Takk til Sand Bygdekvinnelag, kjekt med godt samarbeid.

I kveld var det dugnad: Vask på Kolbeinstveit. 15 kjekke damer møtte opp. Det blei vaska i hovudhuset og på toalettet og feia i løa. Etterpå smaka det godt med kaffimaten som Reidun hadde med. 😊 Takk til alle for flott innsats!

Me har satt i gang med stillasbygging rundt Guggedalsloftet fordi me har oppdaga svikt i takkonstruksjonen. Då dette er ...
22/03/2019

Me har satt i gang med stillasbygging rundt Guggedalsloftet fordi me har oppdaga svikt i takkonstruksjonen.
Då dette er den eldste trebygningen i Rogaland, dendrodatert til 1281, er det naudsynt å diskutere mulige løysingar med fagmiljøet og Riksantikvaren.
Det vil og truleg bli naudsynt med plukkhogst av nye materialar. Både diskusjonen og materialtilverkinga vil ta ei tid så difor vert Guggedalsloftet ståande med tak over tak slik at me kan ta av torva og avlaste konstruksjonen mellombels.
Foto Anne Lise Norheim

Foto Anne Lise Norheim
20/03/2019

Foto Anne Lise Norheim

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo
06/12/2018

Livet på museumsgarden Kolbeinstveit's cover photo

Onsdag 12. desember: Nissekveld på KolbeinstveitKl. 16.00-17.30 for dei minsteKl. 18.30-20.00 for dei litt størreAvgrans...
20/11/2018
Nissekveld - Ryfylkemuseet

Onsdag 12. desember: Nissekveld på Kolbeinstveit
Kl. 16.00-17.30 for dei minste
Kl. 18.30-20.00 for dei litt større
Avgransa med plass: kjøp billett på førehand via Vipps (#135791)

Om det ikkje høver 12. desember, me har fleire nissekveldar på andre museumsgardar. Vekommen!

I dag var vesle Oda og familien berre dei fyrste av riktig godt med besøk på Kolbeinstveit. Dette var ei trivelig avslut...
19/08/2018

I dag var vesle Oda og familien berre dei fyrste av riktig godt med besøk på Kolbeinstveit. Dette var ei trivelig avslutning på sesongen! :)

Ta turen til Kolbeinstveit før marknadsdagen er over, så får du sjå eller kanskje kjøpa noko fint hjå desse her!
18/08/2018

Ta turen til Kolbeinstveit før marknadsdagen er over, så får du sjå eller kanskje kjøpa noko fint hjå desse her!

Ein treng ikkje vere liten for å kunne leike og kle seg i gammaldagse klede på Kolbeinstveit! Belgiske Hannelore kom roa...
14/08/2018

Ein treng ikkje vere liten for å kunne leike og kle seg i gammaldagse klede på Kolbeinstveit! Belgiske Hannelore kom roande inn på besøk og vaffellunsj i dag, og me takkar for utrulig trivelig besøk. :)

Adresse

Suldalsvegen 1995
Suldalsosen
4237

Generell informasjon

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg kommunane Sauda, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.

Telefon

+47 5279 9304

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Livet på museumsgarden Kolbeinstveit legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Livet på museumsgarden Kolbeinstveit:

Our Story

I sommarsesongen er Kolbeinstveit ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Vi tilbyr omvisingar, vi serverer tradisjonsmat og har skiftande utstillingar på garden. I tillegg har vi ulike arrangement som konsertar, aktivitetsdagar og marknadsdag. Når du kjem inn på tunet trør du 150 år tilbake i tid. Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa som blei sett opp her rundt 1850. Midt på tunet står Guggedalsloftet, som opprinnelig kjem frå Bråtveit i Suldal, datert 1281. Dette er den eldste bevarte trebygningen i Rogaland.

Mat Og Drikke-selskaper i nærheten

Kommentarer

Flott plass og personale, jentene vil tilbake! Takk for opplevelsen.
Denne sesongen satsar me på å ha ymse aktivitetar på onsdagar. Handverkarane vil sitje her ein dag og m.a syne korleis ein lagar tradisjonelle verktøy. Ein annan onsdag blir det spinning med rokk og handtein. Kjell vil vera tilgjengeleg i smia. Programmet er enda ikkje ferdig, så fylg med og huk av på kalendaren etter kvart som datoane kjem.
I dag besøkte mine to barnebarn og jeg Kolbeinstveit og ønsker å gi ros til det unge vertskapet som " tryllet" frem vidunderlig smørgrøt på ekte Suldals vis og var veldig imøtekommende. Det var godt tilrettelagt for barn for å få gi de et innblikk i livet " den gang" hvordan boforhold var, hvordan en gård ble drevet m.m. Det er veldig kjekt at både lokale og turister kan få oppleve dette kulturstedet!
For et hærlig sted,