Clicky

Lygre Livsgard

  • Home
  • Lygre Livsgard

Lygre Livsgard Dag Kyrre og Veronica Lygre. Småbruk med geit, høns, grønsaker. Debio godkjent. Produserar brun g Kraftfôrfrie mjølkegeit, som beitar ute heile året.

Geitene går med 1 kje kvar over sommaren, og mjølkast kun om morgonen. Norskdyrka korn er lokkematen til mjølkepall og anna. Hønseflokken er også ute heile året og prøver livet med norsk korn istaden for kraftfôr. Økologisk drift.

Operating as usual

Jøss, dette hadde vi ikkje forventa! Mykje interessant i denne artikkelen!-Om vinteren hender det vi finn fram nrk på la...
23/10/2022
Fem grunner til å spise mer fra geita

Jøss, dette hadde vi ikkje forventa! Mykje interessant i denne artikkelen!
-Om vinteren hender det vi finn fram nrk på laptopen, og i år trur eg vi må få med oss 'Superbonden'!

Den kan mer enn å bare lage melk til brunost. Her er oppskrifter og gode argumenter for å spise mer geitost og geitekjøtt.

Vi kjem IKKJE, for vi er ferdig for i år, men eg skulle gjerne vore der, for is og ost av god kvalitet er noko vi liker ...
19/10/2022

Vi kjem IKKJE, for vi er ferdig for i år, men eg skulle gjerne vore der, for is og ost av god kvalitet er noko vi liker veldig godt!
Bondens Marknad er som vanleg mellom kl 10 og 16 no på lørdag 22.okt.

16/10/2022

Bukkeslepp 2022!
Vi har 12 bukker, som vi no har fordelt på 1) mjølkegeitene, 2) unggeitene som er så flotte at vi kanskje vil avle vidare på kje dei måtte få, og
3) unggeit der kjea blir til slakt.
Veslejenta vår har skaffa ein Boerbukk til sistnevnte unggeit. Boer er ein kjøtrase, og no kan vi finne ut om det har positiv innverknad på kjeslakta. Spennande og kjekt at neste generasjon er så engasjert i drifta, sjøl når ho bur og jobbar i Trøndelag 😍
(Så kan det vel nevnast at ho har i arbeidsavtalen at ho skal ha fri i tida vi har kjeing her på bruket, så ho kan vere tilstades då ;-) )

IKKJE FRYS KEFIREN I GLASFLASKENE! Her har vi fått bilde frå ein kunde som prøvde det.........Viss du vil fryse kefir/my...
12/10/2022

IKKJE FRYS KEFIREN I GLASFLASKENE!
Her har vi fått bilde frå ein kunde som prøvde det.........
Viss du vil fryse kefir/myse, kan du helle det over i ein plastbeholder, husk at væsken utvider seg litt, så anten må den vere meir enn 1 liter, eller får du drikke litt før du frys plastbeholdaren ;-)

Dyrk hvitløk!
05/10/2022
Dyrk hvitløk!

Dyrk hvitløk!

Nå er tiden for å sette hvitløk. Plant noen fedd før frosten kommer og å få ti ganger så mange tilbake neste år. Her er oppskriften på hvordan du skal lykkes som ”hvitløksbonde” langt mot nord.

Det er ein grå dag i Bergen by.....Men på torget står Teo og Dag Kyrre med fargerike egg, grøn agurk, og brun ost! Kvit ...
01/10/2022

Det er ein grå dag i Bergen by.....Men på torget står Teo og Dag Kyrre med fargerike egg, grøn agurk, og brun ost! Kvit kefir og kvark.
Det er ØKOVEKA denne veko, så du finn visst både økologiske bønner, og kaffi, samt info-boder!
Kom gjerne innom og smak før kl.16!

Dette er vår nest/siste marknad i 2022. Viss vi kjem att, er datoen 22. oktober.

Ha ein fin helg!
Beste helsing Veronica

Photos from Bondens marked i Bergen's post
01/10/2022

Photos from Bondens marked i Bergen's post

Passa bra å oppdage posten til vår faste kunde Gjertrud nett no, for  straks har vi nokre få kje att for sal. Dei fleste...
30/09/2022
Venter på ny lov – 100 millioner brød i søpla siden Hurdal

Passa bra å oppdage posten til vår faste kunde Gjertrud nett no, for straks har vi nokre få kje att for sal. Dei fleste er bestilt, men viss du ønsker heilt slakt (6-9 kg kanskje), kan du kontakte meg på 462 97 222.
Takk Gjertrud, for at du slår eit slag for kjekjøt, og for at vi et opp maten 🤎

Aktivister fortviler over at de ikke har sett snurten av en ny lov mot matkasting ett år etter at regjeringen kom med sitt løfte. En fersk rapport viser at også det skjulte matsvinnet er formidabelt.

No er vi nett ferdig med altfor sein middag, og har trukke Natursti-vinnarar! Som nevnt blei det trekning istaden for de...
28/09/2022

No er vi nett ferdig med altfor sein middag, og har trukke Natursti-vinnarar!
Som nevnt blei det trekning istaden for den som hadde mest rett-vinnar. -Og siden vi tulla det til med svar-skjemaet, trakk vi 2 vinnarar. Eg ba Dag Kyrre sei to tal, og han sa 3 og 9.
Ark nr 3 var Ada Alise, Henrik og Mildrid Aarvik.
Nr 9 var Irene Skutlaberg Johansen.
GRATULERAR! 🥳
Mildrid Aarvik og co. har vunne ein 400 gr.ost 🐐
Irene Skutlaberg Johansen har vunne eit brett med egg🐣
Til neste år skal vi ikkje vere så nørdete med spørsmåla, men klare å finne fleire barnevennlege spørsmål 😇 (Kom gjerne med forslag her!) Håper likavel de som kom hit hadde ein fin dag, de er hjarteleg velkomne tilbake til neste års 'Åpen økologisk gård'!
Vi hadde ein kjekk dag, og har skrive ned punkter til forbedring for neste år, så vi gler oss allereie.
God natt frå Veronica😴

I DAG SKULLE VI EIGENTLEG TREKKE* VINNAR AV NATURSTIEN ......Men dagen gjekk til å komme seg etter i går, (det kom kansk...
26/09/2022

I DAG SKULLE VI EIGENTLEG TREKKE* VINNAR AV NATURSTIEN ......
Men dagen gjekk til å komme seg etter i går, (det kom kanskje 10 ganger fleire menneske enn vi hadde trudd, og det var kjempekjekt!) flytte bukken Børre til dei andre bukkane, hønsestell, sleppe unggeit inn i den ledige fjøsen og redde kålfrøene mine frå å blir spist, telling av varer og svare REKO-bestillingar....mellom anna. No skal bonderomantikaren i kjellaren og pusse ost. Viss eg rekk det, skal eg annonsere vinnar i morgon før eg drar på REKO-utlevering. Viss ikkje får de vente i spenning til onsdag 😁

* Må trekke tilfeldig, for som uerfaren Natursti-skapar, kom eg ikkje på at eit par poster hadde 2 spm....Så då passa det ikkje med svar-rutene, ergo sannsynlegvis har ingen alt rett, sjøl om dei kanskje faktisk har det....Så då er det lik sjanse for alle å vinne, uansett kva de har svart!
Riktig god natt frå trøtt, men glad bonde 😴😄

Velkommen til å slappe av i timesvis på eit småbruk, utan å sulte! I fjøset kan du kose deg i hengekøye/stol med REN MAT...
24/09/2022

Velkommen til å slappe av i timesvis på eit småbruk, utan å sulte!

I fjøset kan du kose deg i hengekøye/stol med REN MAT og anna god litteratur, og deilige scones med brun geitost, bolle, is, gluten-og kumjølk-frie lappar og enkel suppe med rundstykke. Du kan også sitte inne med bukkene og prøve å få 'Børre' litt mindre folkesky!

Viss du vil bevege deg, kan du gå natursti ein liten runde i bygda, og kanskje vinne lokalprodusert premie!

Vi viser rundt på tunet, kl.12, 14 og 16. Då ser vi også om hønene har lagt nokre egg. Vil du sjå kraftverk-stasjonen, er det også muleg!
Unggeitene tar vi heim hit i dag, så vi er sikker på at dei ikkje er altfor langt i gokk når folk vil treffe dei ;-)

I hagen er det mest ugras, men finn du deg agurk i drivhuset, eller pære på Gøteborgs diamant-treet, kan du kjøpe det med deg, til- liks med kefir, geitost, myse & kvark (frosne). Egg. Litt anna i butikkhyllene også. Smaksprøver på produkta våre 😋

Hjarteleg velkomne frå Dag, Veronica, Teo og Fru Aarvik 😊🤎

20/09/2022

WOW, ein av dei store dagane vi har venta på, er overstått!
Tusen takk til gode hjelparar 🥰
-Og tusen takk til Innovasjon Norge for at vi kan dele utgiftene til kompostplass-prosjektet med dei 🙏

Vi gler oss vilt til å endeleg ha ein effektiv plass for rankekomposten vår! Veronica ville helst hatt eit tre i midten, men må som alltid innrømme at skulle vi gjort det slik eg ville her på bruket, ville vi nok vore fattige og sultne 🤣
-Så sjøl om eg (Veronica) har grått over mangt eit nedhogd tre som sto i vegen for Dag sine prosjekt for å gjøre bruket her liv laga, ser eg at det er mål, meining og nytte i det han får gjennomført❣️

Når systemene/arbeidsflyten oppgraderast, vil det kanskje bli muleg å halde arbeidsveken til 5 dagar, slik at vi faktisk får plass til litt bonderomantikk i helgene😍 !?
Kjem du på open økologisk gard på søndag, skal du gjerne få sjå denne gedigne sementplassen!

Då er geitebonden innstallert på Fisketorget sammen med resten av Bondens Marknad! Teo, 'bysønnen' vår, blir også der ti...
17/09/2022

Då er geitebonden innstallert på Fisketorget sammen med resten av Bondens Marknad!

Teo, 'bysønnen' vår, blir også der til kl 16 i dag, med geitost, kefir, kvark, myse, agurk, kvitløk og egg. -For deg som gjerne vil dyrke kvitløk -og er tålmodig- har dei med seg kvitløksbulbiller. Det er frøene til kvitløken, som viss dei får vokse nokre år, blir store og fine!

Bonderomantikaren våkna før kl 4, og har så langt i dag høsta agurk, passa på høns mens eg har gjort kontorarbeid i hagestolen, og plukka blåbær og høsta ringblom, alt i nærheita av hønsene.
-For det kom noko mørkt flygande ned blant dei, og eg veit ikkje om det var hønsehauk eller ørn, men hønsene gjømte seg i buskene og under huset sitt ei god stund etterpå, så NOKO var det!

Ønsker deg ei god helg i det som kjennast som høst,
Veronica🍁

VI NÆRMAR OSS SESONGSLUTT!-og tradisjonen tru, klarar ikkje Dag og eg å bli einig om nøyaktig kortid! Derfor informerar ...
15/09/2022

VI NÆRMAR OSS SESONGSLUTT!
-og tradisjonen tru, klarar ikkje Dag og eg å bli einig om nøyaktig kortid! Derfor informerar eg her, så flest muleg får vite kor og kortid og ca kor lenge dei kan få tak i geitosten til jul 🎀

58 geit bidrar til mjølkemengda, som er over 40 liter/dag. Det blir spennande å sjå om denne mengda rekk til å lage ost (og kefir og kvark!) til :

17. september- Bondens marknaden,
22.septembers utlevering REKO Eikelandsosen, Åsane og Fyllingsdalen
25. septembers opne økologiske gard-dag her på tunet
27.septembers REKO-utlevering i sentrum, Fana og Os
6. oktobers REKO-utlevering i Samnanger, Åsane og Fyllingsdalen
11.oktobers REKO-utlevering sentrum, Fana og Os
20. oktobers REKO Eikelandsosen, Åsane og Fyllingsdalen
og 22. oktober-Bondens marknaden!

Vi har ikkje rekna på det, vi bare føler forskjellig, så det blir nok den vanlege diskusjonen uti oktober, der eg prøver å forklare med t-skjei at det kostar meir i tid og strøm og tapt tid til vinterprosjekta våre, enn vi sitt att med.....Når vi er komt ned i rundt 15 liter/dag, pleier Dag å bli einig i at no er sesongen slutt😅

Pr no held han fast på at han mjølker til 31. oktober.

Tida vil vise, så eg kom visst ikkje med noko klar beskjed om kor lenge vi har ost, men viss du lurer, er det bare å ringe. Eg kan skrive deg på lista over dei som skal ha før sesongslutt ;-)

Mitt tlfnr er 462 97 222.

Beste helsing Veronica

Så deilig når nokon kallar ein spade for ein spade når ting ikkje heng på greip!
07/09/2022
Norske råvarer i sesong uke 36

Så deilig når nokon kallar ein spade for ein spade når ting ikkje heng på greip!

Velger du norsk velger du beredskap.

Så slapp eg å leite, fb poppa fram eit innlegg frå denne tida i fjor! Vi har framleis nokre kje som skal slaktast seinar...
06/09/2022

Så slapp eg å leite, fb poppa fram eit innlegg frå denne tida i fjor! Vi har framleis nokre kje som skal slaktast seinare i haust, uvisst kor mange, og sel først og fremst heile slakt, truleg rundt 6-8 kg. Sei ifrå på 46297222 viss du ønsker å stå på kunde-lista vår.

Håpar de som allereie har kjøpt, har kost dykk med minst ein kje-rett til no!
Helsing Veronica 🤠

I morgon blir vi i Os sentrum nokre timer, med geitost, rå kefir, kvark og kvitløk!Kom og smak😋Helsing Dag Kyrre, Veroni...
26/08/2022

I morgon blir vi i Os sentrum nokre timer, med geitost, rå kefir, kvark og kvitløk!

Kom og smak😋
Helsing Dag Kyrre, Veronica og Teo

Sett av laurdagen I Os Sentrum ☀🐄🐎🥦🍎 Brannmenn mot kreft kl 15.00 frå Likbrekko!

Oj, dette var ikkje eg (bonderomantikaren) klar over! Politisk sett ville eg heller budd i Sveits etter å ha lese dette!...
22/08/2022
De har kranglet i 28 år!

Oj, dette var ikkje eg (bonderomantikaren) klar over! Politisk sett ville eg heller budd i Sveits etter å ha lese dette!
Les, og tenk over kva du ønsker at staten skal gjøre for å ta vare på deg og resten av folket i dette landet, som har mykje beite....

Konkurransen har skapt krangling, beskyldninger og rettssaker i norsk meierisektor i snart tre tiår. Like lenge har Sveits gjort det stikk motsatte. Er det derfor sveitserne har lykkes med å bygge…

DÅ VAR DET (utsolgt for) KJE IGJEN! Økologisk kjøt av kje som har gått med mødrene sine fram til juli. Frå då av beita d...
17/08/2022

DÅ VAR DET (utsolgt for) KJE IGJEN!

Økologisk kjøt av kje som har gått med mødrene sine fram til juli. Frå då av beita dei på eige beite fram til slakting, og no skal dei parterast og vakumerast.

Vi sel heile og halve slakt til 170 kr/kg. Bog, ribbe, lår og nakke er vakumert kvar for seg. Slakta veg mellom 6 og 9 kg.

Kjea er slakta av Dag Kyrre og Lars Ingvald Folkedal i Larsastova

Vi kan ta med ferskt kjøt til Bondens marknad no på lørdag, 20.august, samt til REKO-utleveringar i Bergen og Bjørnafjorden!
-Eikelandsosen, Åsane & Fyllingsdalen 25.aug.
-Sentrum, Fana og Os 30.aug.

Kontakt oss på 462 97 222 / melding her for å bestille, og oppgje kor du ønsker å hente.

Beste helsing Dag Kyrre og Veronica

No er det svært få spekepølser av geitene våre att, så vi kjem ikkje til å legge dei ut i REKO-annonsene lenger. Vil bar...
10/08/2022

No er det svært få spekepølser av geitene våre att, så vi kjem ikkje til å legge dei ut i REKO-annonsene lenger. Vil bare sei ifrå her, då vi veit det er nokon som er glad i pølsa, og kanskje vil sikre seg før det er heilt tomt ;-)
Ta kontakt dersom vi skal sette navnet ditt på ei gamledame-spekepølse! Tlfnr 48 24 94 18.

Vi har slaktedato 1.nov. for geit vi ikkje skal beholde, men det tar tid før Evanger pølsefabrikk har forvandla dei til nydeleg fermentert og røkt spekepølse for oss! Viss pølsa er klar til 17.mai, er vi glade!

Denne garden vil vi besøke ein gang! Ser vi tenker ganske likt, og det er alltid fint å treffe likesinna i samme yrke 🤠🌱
01/08/2022

Denne garden vil vi besøke ein gang! Ser vi tenker ganske likt, og det er alltid fint å treffe likesinna i samme yrke 🤠🌱

KJÆRE REKO-KUNDER I FANA!Vi kjem til utlevering ved Nordahl Grieg VGS den 2.august!Eg har prøvd å legge salgsinnlegg til...
29/07/2022

KJÆRE REKO-KUNDER I FANA!
Vi kjem til utlevering ved Nordahl Grieg VGS den 2.august!

Eg har prøvd å legge salgsinnlegg til godkjenning 2 ganger, men algoritmene oppfatter det som spam.....Eg håper det går igjennom no, men vil bare sei ifrå her i tilfelle nokon lurer ;-)

Vi lager kefir søndag morgon, så forhåpentlegvis er annonsa godkjent før det!

God helg frå

😍 Søndager i juli er fru Aarvik på Våge med bakeriutsalget sitt😋(Og vi og andre lokale småbrukarar har ost/varer der!)Så...
27/07/2022

😍 Søndager i juli er fru Aarvik på Våge med bakeriutsalget sitt😋(Og vi og andre lokale småbrukarar har ost/varer der!)

Så rekk du det ikkje i år, får du glede deg til neste år, eller ta turen til Baldersheim når ho har ope der ;-)

Det var jo berre så kjekt 🤗 å få besøk av Bladet Tysnes 😍 når eg hadde bakeriutsal for ei vekes tid sidan. Det vart veldig hektisk når Vetle kom på besøk for å intervjua meg, slik at han måtte komme igjen når me var ferdig for dagen. Det er veldig kjekt å kunne få sette fokus på lokalmat og mat med gjenkjennelige råvarar, sjølv om det kanskje ikkje er alle som gjenkjenner dei ulike urkorna 💕. Men eg håpar at det vesle bakeriet vårt kan vere med å sette fokus på reine råvarar laga med omsyn til naturen, norske råvarar, og handlaga sakte, ekte mat.

Eg er forresten frekk nok til å sei innimellom at mat som er ultraprossesert, er uekte mat fylt opp med matsminke f.eks industribrød, pølser, frossenpizza, pålegg osv. Og det er virkelig ikkje bra for tarmen og folkehelse, noko sonen min påpeiker overfor Tysnesingen, altså at me så sant det er mogleg ikkje eter slikt 🥳💪💚

Dei siste helgene har me stort sett vore utseld for det meste av bakst etter knappe 2 timar og det har vore lang kø utafor utsalet på Våge, men det er jo høgsesong no og då kan det lett bli ekstra travelt😅. Eg må berre beklage til alle de fine folk som har prøvd å komme i kontakt med meg når eg har ope bakeri, det er ikkje alltid så lett å svare på meldingar når eg bakar eller betjener folk på besøk i bakeriet.

Gler meg til nest siste bakstehelg no før ferien min gjer seg gjeldande 🤩

PS: tusen hjarteleg takk til godaste Karsten Skare og Julie Eikeland som laga det fine skiltet som kom med i artikkelen ❤

Alt godt,
Fru Aarvik

Vi følger lite med på politikken i verden, men Anders Nordstad har ganske bra oversikt på tingenes tilstand.....Sjøl om ...
26/07/2022

Vi følger lite med på politikken i verden, men Anders Nordstad har ganske bra oversikt på tingenes tilstand.....
Sjøl om 'Truth is in the eyes of the beholder' / sannheten varierar etter kven som ser, kan det vere lurt å ta til følge det han her snakker om.

Eg trur beste tiltak vi kan gjøre i livet er å dyrke det vi kan av eigen mat og klare å unngå krig i eigen heim. Då får vi trent oss litt på ein potensielt vanskeleg framtid.....

Matvarekrise?

Ja, verden står overfor én.
Matvarekrise, altså.
Det trenger vi ikke å lure på.

Og de fleste beslutningstakere peker nå på krigen Russland har startet. Som om det er denne som utløser denne krisen.

Det stemmer ikke.
I det hele tatt.

Det som utløser matvarekrisen er energikrisen. I den grad det er krise at energi koster mer enn den gjorde før.

Men der er nå en gang sånn at det er tilgang på billig fossil energi som har gjort det mulig å øke matproduksjonen i verden med 50% de siste 20 årene - på omtrent samme areal som før.

Ja, i Norge har vi klart det på et mindre areal. Med mindre bruk av norsk jord.

Billig energi gjør innsatsfaktorene i jordbruket billige.

Billig energi gir billig mat, rett og slett.
Det er faktisk ikke mer komplisert enn som så.

Dette har alle visst. Og akseptert.

Og når vi nå ser inn i en fremtid der energi neppe kommer til å være billig lenger, havner vi fort i en matvarekrise.

Men den har fint lite med grusomhetene i Ukraina å gjøre.

Den skyldes noe annet.
Noe grunnleggende.

Noe som faktisk er mye viktigere.
Og mer alvorlig.

Både for matproduksjonen i Norge og i resten av verden.

På lista finn du Grindal, kor veslejenta vår har fått fast jobb. Ho mjølker geit i Trøndelag kvar dag!  Vi er også på li...
22/07/2022
Reis innom de beste ostene i sommer

På lista finn du Grindal, kor veslejenta vår har fått fast jobb. Ho mjølker geit i Trøndelag kvar dag! Vi er også på lista, sammen med flotte ystarar vi har møtt/kjenner andre plasser i Norges land. Verdt å sjekke ut, her er mykje godt!

Her finner du en guide til 29 økologiske ysterier.

21/07/2022

Nytt beite 🤎

JULEOSTEN I JULI?Vi får alltid spørsmål om vi har geitost når det nærmar seg jul (og vi har avslutta sesongen 🤠)No i jul...
19/07/2022

JULEOSTEN I JULI?
Vi får alltid spørsmål om vi har geitost når det nærmar seg jul (og vi har avslutta sesongen 🤠)
No i juli, derimot, er mange på ferie, og geitene er i høglaktasjon (så vi kan lage mykje ost!)

Osten har 5 mnd 'best før' dato (men held seg lenger, den er forsegla med voks) og kan fint frysast, så juli er ein god månad for dei som må ha sin geitost på julebordet!

REKO-ringene i Bergen har utleveringar kvar 14.dag nesten heile året! Bondens marknad startar opp att 20.august.
Velkommen både her og der, og også heime i tunet, viss du ønsker ost, kefir, kvark, egg eller pølse frå garden!

Artig geite-info frå eit barneblad! Mykje info på liten plass! Alt frå landskapspleie, immunforsvar, cola og Thor Heyerd...
15/07/2022

Artig geite-info frå eit barneblad! Mykje info på liten plass! Alt frå landskapspleie, immunforsvar, cola og Thor Heyerdahl. Og ein liten business-idè viss du vil skifte yrke!

03/07/2022

Plutseleg innsåg hønsebonden at det snart er manko på kveite til flokken....Geitene har massevis av bygg, men det er visstnok ikkje så bra til hønsefôr, så kanskje blir det ein periode med kraftôr frå Felleskjøpet.....🤠

ENDELEG STØLSTID!
29/06/2022

ENDELEG STØLSTID!

29/06/2022

BUFØRING! Eigentleg vil vi få geitene til stølen i begynnelsen av juni. I år blei det slutten av juni!

S**T, VI HAR GLØMT Å LAGE KVARK TIL BONDENS MARKNAD I MORGON....Då eg kom på at det er fredag i dag, og ikkje kunne husk...
24/06/2022

S**T, VI HAR GLØMT Å LAGE KVARK TIL BONDENS MARKNAD I MORGON....
Då eg kom på at det er fredag i dag, og ikkje kunne huske å ha tilsatt løype i mjølka i går, måtte eg spørre bonden sjøl, og ja, vi har glømt det!
Han var nok for opptatt med å få kjørt ut siste rest av møk frå stølen, slik at vi snart kan få geitene opp dit....

-Så vi må beklage til dei som pleier å kjøpe kvark, og samtidig sei at det blir mykje kefir på torget i morgon mellom kl 10 og 16!

Han har også med SPEKEPØLSE. OST, viss dagens koking går bra, sist blei osten for mjuk, så vi fekk han ikkje i form. EGG frå våre -for tida- gjerdefrie høner. Hønsene fekk forøvrig reker i forgårs, så eg gjentar at viss egg smaker fisk, mjølk smakar ramsløk o.l. vil vi ha beskjed, så får du nytt! Dag kan ta med MYSE til dei som seier ifrå i dag at dei vil ha. Sms i så fall til 48 24 94 18.

Dette er siste marknadsdag før BM sommarpause, men vi kjem til REKO-utleveringar i juli også, viss det er nok kunder heime i ferien ;-)

REKO er partalstorsdager i Åsane og Fyllingsdalen (+annakvar i Eikelandsosen)
Oddetalstirsdager i Bergen sentrum, Fana og Os. Då skal vi ha kvark!

God helg, håper du også kjem deg ut i solo i dag🌞
Helsing Veronica

Dag Kyrre + Arbeid = meininga med livet❣️Då runder Livsgardsbonden det magiske talet 42, på årets lengste dag.....Ikkje ...
20/06/2022

Dag Kyrre + Arbeid = meininga med livet❣️

Då runder Livsgardsbonden det magiske talet 42, på årets lengste dag.....
Ikkje rart arbeid er Livet for denne karen, for visjonen, verdiane og måla han sett seg, bringar med seg nettopp det 👨‍🌾🧑‍🐐🦌🍀🌏 Dyr skal inn og ut på beite kvar dag heile året, effektiviserande utstyr skal kjøpast og vedlikehaldast, bakkane skal bli flatare og lettare å få ein bedre & større mengd gras på....Mykje kunne vore nevnt her viss bonderomantikaren ikkje var så trøtt, men det som nevnast må, er at no er Dag endeleg komme i alderen kor fritid er komt inn på lista over verdiar 😍
42 år feirast forøvrig med eit bad innimellom alle ærend og REKO-utleveringar vi skal på i morgon, og forhåpentleg ein tur innom Solros kafe i Marken! Det blir stas🥳

Det er sesong for aktivitet og etterpåslep! Eg fekk ikkje tid å sei ifrå at vi var på Torgdagen i Bergen i går! Men vi b...
12/06/2022

Det er sesong for aktivitet og etterpåslep!

Eg fekk ikkje tid å sei ifrå at vi var på Torgdagen i Bergen i går! Men vi blei utsolgt for kefir likavel! -Så kjekt at folk begynner å tørre å prøve mat for tarmbakteriane sine, sjøl i form av geitmjølk, som mange er redd for!

Ellers er det mykje som foregår, og både bonden og bonderomantikaren er klar for å ha færre prosjekt i 2023!
Vi vil heller leve eit sesongbasert jord-liv, enn eit stressande menneskeverden-liv, så vi får sjå om vi klarar å skape ein god nok balanse i det.....💩🕸🍀

Siden 'Spiskammerset' mitt (=gardsbutikken) er så varierande i kva varer som finst der, ville eg bare sei at no står det...
04/06/2022

Siden 'Spiskammerset' mitt (=gardsbutikken) er så varierande i kva varer som finst der, ville eg bare sei at no står det egg på disken, geitost, kefir og kvark i det lille kjøleskapet. -I tillegg til økologisk smør og Norvegia.

Tørrvarer har eg ikkje bestilt på lenge, og vi får sjå når høsten kjem kva varer som er muleg å bestille frå den store verden.....

Men våre eigne produkt er laga på 100% norske ressursar, så viss høy-avlinga vår blir bra, og korn-avlinga til leverandøren vår ikkje må brukast til menneskemat, har vi vinterfôr til geit og høns, og kan fortsatt tilby våre geite-godsaker og egg!

God pinse frå Veronica

Address

Lygresvegen 399

5646

Telephone

+4748249418

Website

facebook.com

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Lygre Livsgard posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Lygre Livsgard:

Videos

Comments

Dag Kyrre og Veronica frå Lygre Livsgard er høvesvis styreleiar og styremedlem i laget vårt. Utruleg kjekt å ha så flinke og inspirerande folk i organisasjonen.

Gratulerer med velfortent pris! 🥳
Gratulerer så aldeles mykje til Lygre Livsgard med den gjeve økoprisen 2021 for Vestland fylke! Så heldige og stolte vi er som har så dyktige bønder hjå oss 👏🤗

Dag og Veronica frå Lygre driv med økologisk geite- og brunostproduksjon, samt egg og grønsaker. Dei og fleire andre bønder kan du bli kjent med på Nybrukar-seminaret vårt på Tysnes.
For arrangement: https://www.facebook.com/events/348194100520724

(Bileta er lånt frå Lygre Livsgard si side)
Me gratulerer Veronica og Dag Kyrre Lygre med ØKOPRISEN Vestland 21
🌟🏆 💚
dette fortener de verkeleg!
Lygre Livsgard
Illustrator Gunvor Rasmussen
Hele Ruter A/S
Økologisk Vestland
Økologisk Norge
Fin avrunding på ØKOVEKA 💚
Bondens Marked med økologisk fokus i Bergens Tidende
Lygre Livsgard Innigo Tekslo Seafood Nøring Hardanger gartneri Fjord Gardsmat Våg surdeigsbakeri Bondens marked i Bergen Økologisk Bergen Økologisk Vest Økologisk Norge Bergens Tidende
Nytt beite, med masse ramsløk, så osten fra Lygre Livsgard (og ikke minst kefiren og kvarken) blir spennende fremover. Du treffer Dag Kyrre og flere andre dyktige produsenter og bønder på Bondens Marked kommende lørdag på Havrommet.

Vi holder til ved enden av Gågaten på Nordnes fra kl.10 til 16. Velkommen til en trygg og hyggelig handel!
Når du handler på Reindyrka støtter du samtidig til dømes disse arbeidsplassane https://www.reindyrka.no/gåvekort-500-kr
(Velger å nevne berre ein spesiell som ikkje er norsk sjølv om alle arbeidsplassar og produsentar er like viktige)

Finnegarden på Voss Holli Mølle Volda Elektriske Mylne As Fjåk Chocolate Økodrift Homlagarden as Larsastova Kroken Frukt og Bær Innigo Hylleblomstsaft fra Telemark Hogganvik Landsby Grindal Ysteri Eggen Gardsysteri Solros Cafe Femenino Foundation Grøstad Sørværet Villsau SnillBie Vikja- økologisk kjøt frå gardar ved Sognefjorden Søren så godt økologisk smør Almgard iskrem Isrosa Lygre Livsgard Rørosmeieriet Stavanger Ysteri ASK Gård Foredling Reksta villsau Stavanger Kaffebrenneri Merand Kaffe Import AS. GODT BRØD TilStede mat og mer Salome AS Vossabia Rein hudpleie Lykkelig som liten RÅ Organic Skincare Fabrikk Den Gode Baker Linbakst Røyland Gård Bærgården Sogn Jord- og Hagebruksskule Gry Hammer Sikje Småbruk Solhatt økologisk hagebruk Berit Nordstrand Økosjokolade Csoaps Ukko as Norganic Vitalkost Tibi
Måtte berre innom Reindyrka ein tur før kurset idag 🤩 Masse digg med heim 🤩 Neste gong eg er innom var eg kanskje med litt økologiske urter du kan kjøpa her 😁🌱(filma av kjekke Veronica hjå Lygre Livsgard ❤️)