Vi kjem frå eit bruk i indre Nordfjord med lange bryggetradisjonar. Vi bryggar råøl (ukokt vorter) med kveik. Kornøl sidan 1783
(5)
Adresse
Bruland
Utvik
6797
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brulandselva legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Brulandselva:
Type
Kornøl med lange tradisjonar
Som det står på ein av dei mange ølbollane på garden: “Gamle Nordmann er du tørstig, jeg skal gjøre deg så lystig.” Signert vår tipp tipp oldefar Rasmus Bruland i 1861.
Det var kanskje ikkje lyrikken som var det viktigaste når gamle-Rasmus laga ølbollar til gjestebodet. Men det var sjølvsagt å servere godt øl i ein fint dekorert bolle som vart sendt rundt bordet. Og godt Nordfjordøl laga alltid god stemning. Det utløyste både spontan allsang og gode skrøner. Denne stemninga ynskjer vi å gjenskape slik at fleire kan ta del i denne stolte norske tradisjonen.
Vi er frå eit bruk i Nordfjord med lange bryggetradisjonar. Vi brygger kornøl og spissøl med dei gamle oppskriftene bevart gjennom århundra. Ølet er brygga rått med kveik frå Hornindal, ei verdifull ølgjær som vart passa på og kultivert av forfedrane våre.
Men ver så snill, mist ikkje gebisset i ølbollen!