Flatland Gard

Ring Kontakt bedriften

Flatland Gard Litt frå kvardagen til bøndan på Flatland Gard og nordigard Rorge. Me brukar gardens og bygdas gras- og beitetessursar til storfekjøt produksjon.

Overbevist om at dyr som går på beite med fin utsikt heile sommaren produserar kjøt med god smak og kvalitet!

På dette ca 10 daa «store» jordet i Straumekrysset i Øyfjell har me dei siste åra hatt mellom 13 og 16 rundballar pr slå...
26/09/2026

På dette ca 10 daa «store» jordet i Straumekrysset i Øyfjell har me dei siste åra hatt mellom 13 og 16 rundballar pr slått (2 slåttar i året)
Etter ein veldig tørr sommar og brunsvidde jorder etter 1. slåtten- blei årets 2. slått KUN 1 rundball….

MEN …me må sjå på det positive:

🌱Det blei grønt att etter det vart brunsvidd
🌱Me har ingen kjøreskader eller andre store og kostbare skader eller problem med oss over til neste vekstsesong

Satsar på to gode slåttar att til neste år💪🌱🚜

19/09/2026

På fine haustdagar som dette er det lett å sjå at dyra framleis kosar seg ute 🍁🐂🌞
Det blir å strekke beite og ute sessongen så langt som mogeleg… -snart er det tid for å starte fôring og få heim dyra 😉👌

18/09/2026

Kom innom – vi åpner døra litt ekstra! 🤩

Hver lørdag kl. 14–17 møter du nå oss med bemanning i butikken. Dette er en fin anledning til å slå av en prat, spørre om produktene og hilse på en av de flinke aksjonærene som leverer lokalmat til butikken.

Ellers er butikken selvbetjent og åpen hver dag kl. 8–22.

👉 Ta turen innom i helga – kanskje finner du en ny lokal favoritt! 🥕🍎🧀🍯

Velkommen til Lokalmat Telemark! 🌱

Dette er årets gjenlegg🌱. Altså eit jorde som er jordarbeida og sådd på nytt i år. Me har sandholdig jord som tørkar let...
08/09/2026

Dette er årets gjenlegg🌱. Altså eit jorde som er jordarbeida og sådd på nytt i år.
Me har sandholdig jord som tørkar lett. Det er godt på våren å ha jord som tidleg er køyrbar 🚜, men i tørre periodar er det ikkje like stas…
Frykta att det blei for lite vatn for den nye enga vår🌱… slo og pressa ei beskjeden avling for ca 1 veke sidan, då hadde det bare nokre dagar før kome ca 50 mm med etterlengta regn🤞🌧️ Etter slått har det kome 15 mm til og no er det grønt og fint🤩- så no har eg trua på at enga 🌱☘️ har klara seg godt og har gode sjangser for god overvintring likevel🤞

Me har både ferske og frosne varer i Lokalmat Telemark Bø🥩🍔🐂 Storfe som får godt stell og går på beite med utsikt heile ...
07/09/2026

Me har både ferske og frosne varer i Lokalmat Telemark Bø🥩🍔🐂
Storfe som får godt stell og går på beite med utsikt heile beitesesongen - kjennest att på smak og kvalitet 👌🤩

Har framleis litt ferske stykningsdeler i kjøla. Det er no når det nærmar seg holdbarhetsdato det er aller best 🥩🤩
🥩Flatbiff: Magert og mørt, perfekt til roastbeef, stek, gryter, wok eller som «minuttbiff»
🥩Bankekjøtt: Klassiker, langsom hurtigmat. Låg temperatur og lang tid- maten som lagar seg sjølv
🥩Rundbiff: Magert med èin del bindevev, fint i gryter som skal koke litt som f.eks. gulasj eller som stek
🥩Lårtunge: Magert og krever litt tid. Men knall god som roastbeef, pålegg eller i gryter som skal koke litt
🥩Cuvette eller tri tip: har fettlokk som gir mye smak. Heilsteiking i ovn eller på grillen til ca 58 grader- rosa og nydeleg
🥩Entrecote: Godt fettmarmorert stykke, perfekt til biff- når fettet smelter kommer smaken

Moro når varene våre sel! 🤩 I dag har Lokalmat Telemark Bø fått påfyll av kjøttdeig og Snarkjøp Åmotsdal fått påfyll av ...
25/08/2026

Moro når varene våre sel! 🤩
I dag har Lokalmat Telemark Bø fått påfyll av kjøttdeig og Snarkjøp Åmotsdal fått påfyll av 🍔 Hamburger.
Godt utval av storfekjøt i Lokalmatbutikken i Bø, Stasjonsvegen no!
🥩🍔 Masse ferske stykningsdeler til både kvardag og fest 🤩 Hamburger og kjøttdeig i fysen!

Når dyra beiter med utsikt heile sommaren er eg overbevist om at det gjer noko med smaken og kvaliteten på kjøttet 👌

Det er ikkje «bare skryt» at dyra har sommerbeite med utsikt 😉🤩👌 Beitesjekk i Lårdal i kveldinga 🌱🐂✅
19/08/2026

Det er ikkje «bare skryt» at dyra har sommerbeite med utsikt 😉🤩👌
Beitesjekk i Lårdal i kveldinga 🌱🐂✅

Som bonde har ein ofte litt maskiner og utstyr. Det lettar kvardagen og gjev mogeleghet til å ta på seg litt oppdrag ute...
17/08/2026

Som bonde har ein ofte litt maskiner og utstyr. Det lettar kvardagen og gjev mogeleghet til å ta på seg litt oppdrag utenom garden også.

Her har me grave og pussa litt rundt ei hytte. Flytta litt masse frå eine sida av hytta til den andre sida.
«Vipps» så blei det litt bedre plass rundt hytta😉👌 Lagt på eit lag med jord. Her skulle hytteeigar så sjølv.
Blir kjempe fint når det blir grønt att her 🌱🤩

Like stor forskjell mellom dyr som det er på menneske…. Nokon er skikkeleg linselus- medan andre heller snur ryggen til ...
16/08/2026

Like stor forskjell mellom dyr som det er på menneske….
Nokon er skikkeleg linselus- medan andre heller snur ryggen til kamera😉📷 og nyt utsikten⛰️
Sjølv om det er tørrt er det ok beite og vatn å finne🐂🌱🤩 heldigvis🤩

Det blir ein del farting 🚗 på oss bønder 🧑‍🌾👨‍🌾 om sommaren…. Ikkje nødvendigvis så langt😉🙈- men mellom dei forskjellige...
05/08/2026

Det blir ein del farting 🚗 på oss bønder 🧑‍🌾👨‍🌾 om sommaren…. Ikkje nødvendigvis så langt😉🙈- men mellom dei forskjellige beita, for å ha tilsyn med dyra- sjå at dyra🐮🐮 har det bra!
Hatt med ein ivrig hjelpar på runden i starten av denne veka. Kraftfôr og brødskive med Kraftfôr servera på «bord» stod på menyen 😉🌱🐮🧑‍🌾👨‍🌾
Akkurat no har me 88 storfe i alle størrelsar ute på 9 forskjellige beite, fordela på 2 kommunar… Heldige å ha gode hjelperar som følger med på dyra, beite og om dei har vatn. Nokon blir også godt bortskjemt med både brød og kaker 🍞🥐🥨 Det er gull verdt🤩

Adresse

Øyfjellvegen 1703
Vinje
3890

Telefon

+4792024385

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Flatland Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Flatland Gard:

Snarveier

Del

Kategori