Garen på Landro

Garen på Landro Garen er eit lite småbruk på Landro i Øygarden kommune.

Skuleåret er godt i gang, og Garen får besøk av skulebarn mandag-fredag. Dyra får mat, stell og kos. I tillegg til aktiv...
27/08/2026

Skuleåret er godt i gang, og Garen får besøk av skulebarn mandag-fredag. Dyra får mat, stell og kos. I tillegg til aktiviteter inne på «tunet», blir skogen nytta av klassar gjennom året. Vi takkar alle som ventar med turen over garden til skuledagen er over. Den siste veka har talet på dyr stige, to flotte hanar flytta inn sist veke og for to dagar sidan klekka heile 12 andungar ut og «Snøflak», som sjølv er født på Garen, er flink andemor.

29/07/2026

Ny dronning til bikuben kom med posten i dag. Håper den blir godt mottatt.

I går kveld fikk jeg en liten kanin til Garen. Den ble funnet langs veien på Angeltveit. Den virker veldig tam. Om noen ...
28/07/2026

I går kveld fikk jeg en liten kanin til Garen. Den ble funnet langs veien på Angeltveit. Den virker veldig tam. Om noen savner den, er det bare å gi en lyd. Den skal få bo her så lenge det trengs.

Alpakkaene koser seg med litt lauv fra hekken.

I dag vart det søndagstur i “Toneskogen”, som skogen på Garen er kjent som blant dei yngre. Mykje rart å finne der: Eit ...
26/07/2026

I dag vart det søndagstur i “Toneskogen”, som skogen på Garen er kjent som blant dei yngre. Mykje rart å finne der: Eit nedsaga tre i åpninga inn til Skogsstua, eit nøkkelklippemerke, ein metallstige, ein gjerdebit festa rett over stien og ei langt stykke metall. Uklart kva det siste har vore brukt til. Om du saknar noko av dette, så er du hjarteleg velkomen til å hente det. Fortsatt god søndag!

Alpakkane har fått den årlege klippen og KSL (Kvalitetssikring I landbruket) er gjennomført. Sommaren kan, òg må gjerne ...
04/07/2026

Alpakkane har fått den årlege klippen og KSL (Kvalitetssikring I landbruket) er gjennomført. Sommaren kan, òg må gjerne starte no.

Dyra på Garen nyt det fine vårvêret, og utforskar stadig nye områder. Særleg løpeanda Snøkvit og sonen er ofte på vandri...
18/04/2026

Dyra på Garen nyt det fine vårvêret, og utforskar stadig nye områder. Særleg løpeanda Snøkvit og sonen er ofte på vandring. Om du ser dei litt for nær vegen, må du gjerne «be» dei vandre heimover.

Vi skriv mars og det er vår. På Garen blømer bestemor Borghild sine snøklokker og endrikkene vier ho-endene stor interes...
01/03/2026

Vi skriv mars og det er vår. På Garen blømer bestemor Borghild sine snøklokker og endrikkene vier ho-endene stor interesse. I dag flytta ein liten skjønn kaninunge rett over brua, og han får det nok svært bra der. Nye høner har flytta inn, medan ei av dei gamle har forlatt oss. Biene har fått vår-mat og ser ut til å ha klart seg bra gjennom vinteren. Dessverre mista vi gode, herlege Sophie, hunden som vart henta på Osterøy ein kald novemberdag 2011. Ho har vore med meg gjennom godt og vondt, og ho har etterlatt eit stort tomrom.

21/01/2026

3. juledag kom desse skjønne små til verda. Nille er ei god mor, som gjerne deler maten sin med dei.

04/01/2026

Godt nyttår! Jula er over, og det likar alpakkane for dei elskar edelgran. Kjøpte du tre på Garen i år, så kom gjerne tilbake med det når du er ferdig med det inne. Har tre fine som blir svært glade! 🌲❤️

Salg av juletrær på Garen i år har vært formidabelt- tusen takk til alle som har hogd selv, og til de som har stukket in...
21/12/2025

Salg av juletrær på Garen i år har vært formidabelt- tusen takk til alle som har hogd selv, og til de som har stukket innom og kjøpt de ferdighogde. Det er fremdeles mulig å hogge selv, men om du vil ha ferdighogd må du gi beskjed for «lageret» er tomt. Vi kan selvsagt gjøre flere klar de neste dagene.

Adresse

Ågotnes
5363

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Garen på Landro legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type