Blindheim Samdrift

Blindheim Samdrift Ein gard på Vigra i Giske kommune med eit mål om effektiv, berekraftig og økonomisk matproduksjon med

Blindheim Samdrift held til på Vigra i Giske kommune og er beståande av tre sameigarar, ein tilsett og om lag 200 firbeinte, som i lag produserar mjølk og kjøt. Vi har som mål å drive med effektiv, berekraftig og økonomisk matproduksjon med fokus på god kvalitet og dyrevelferd.

Byfolk på vitjing når dyra skulle ut 😊 Takk til alle som kom for å helse på i dag 🐮🌼
19/05/2024

Byfolk på vitjing når dyra skulle ut 😊 Takk til alle som kom for å helse på i dag 🐮🌼

Laurdag er grautadag og vi dekte på med djuptallerken på fjøsloftet i går, laurdag, for førjulsgraut i lag med familie o...
03/12/2023

Laurdag er grautadag og vi dekte på med djuptallerken på fjøsloftet i går, laurdag, for førjulsgraut i lag med familie og naboar. Eit lite julebord kan det nesten seiast å vere! Vi kombinerte grautfesten med ei alvorleg forseinka feiring av Geir som vart 60 år i august, med marsipankake attpå grauten! 🎅🎂

God første advent og god førjulstid! Hugs å nyte mykje graut kokt på mjølk på Tine no før jul! Vi meinar sjølv at den feitaste H-mjølka er best, men både laktosefri og lettare variantar gjer nytta 🥛🐄

Tenk at vi skulle få snø på Sunnmøre første desember ❄️ i fjøset går dagane som normalt, og med alle dyra innomhus går d...
01/12/2023

Tenk at vi skulle få snø på Sunnmøre første desember ❄️ i fjøset går dagane som normalt, og med alle dyra innomhus går det i fôring og stell - enkelt sagt. Med mange dyr er det mykje som må følgast opp kan du tru. Vi har fått opp julelys rundt både døra inn til gardstanken og døra vi nyttar inn til fjøset - slik dyrlegen og tankbilsjåføren skal få litt julestemning når dei kikar innom. Vi har flytta gjødsel frå ein kjellar til ein k*m, vi har Molnes Maskin As på oppdrag for å fjerne nokre digre stubbar for oss og vi har vaska og pynta fjøsloftet til morgondagens førjulsgraut.

Vi håpar du har hatt ein fin dag, denne fine første desember 🐮☃️

Då dyrlegen var her i går vart det knipsa nokre bilete, og då meinte fleire at dette kunne bli eit greit innlegg på ein ...
06/10/2023

Då dyrlegen var her i går vart det knipsa nokre bilete, og då meinte fleire at dette kunne bli eit greit innlegg på ein fredag! Bileta du ser er behandling av skjedeframfall på ei kyr, der dyrlegen sett inn ei "stong" som sperrar for opninga der bak - slik at ikkje innholdet ramlar ut (enkelt forklart) :)

Etter kalving kan enkelte kyr få problem med at skjeden vert vrengt ut når ho ligg. For nokre er det snakk om bere litt, og framfallet glir fint inn igjen når kyra røyser seg. For andre krever det behandling då det er fare for tilgrising av slimhinnene, slik som dette tilfellet, der dyrlegen måtte tilkallast. Det er ein omstendig prosess der kyra får lokalbedøvelse, vert grundig vaska og området desinfisert før dyrlegen sett inn ei form for hindring slik at framfallet ikkje kjem ut.

Då veit du det :) God helg!🐮

Litt smått frå fjøset den siste tida 🐮☘️🚜Her hjå oss har vi spredt kalving, som vil seie at vi legg opp til kalving heil...
30/08/2023

Litt smått frå fjøset den siste tida 🐮☘️🚜

Her hjå oss har vi spredt kalving, som vil seie at vi legg opp til kalving heile året. Når vi har om lag 65 kalvingar i året, betyr dette at det må kome nokre kvar veke og no dei siste månadane har vi fått fleire tvillingpar. Vi nyttar stort sett kalvingsbingane når det er kalving på gong, og gjer oss opp erfaringar med dette. Anna som vi har gjort er å syte for stell og mating, føre tilsyn på dei ulike beita vi har og fylgje med på grasveksten for å vurdere å slå ein tredje gong i år. Nortura-bilen har vore her, og Tine-bilen kjem som vanleg kvar tredje dag og hentar mjølk.

Ikkje minst har vi to som fyller år denne veka! Geir vart seksti år på mandag, og Kristine fyller trettitre i dag, onsdag. Vi gratulerer kvarandre og gledar oss til feiring med kake når Geir er tilbake etter ferien 🥳

Pjuh! Nok ei arbeidsveke er over - og sidan vi er fire stykk som driv i lag er vi to som har frihelg og to som er på job...
18/08/2023

Pjuh! Nok ei arbeidsveke er over - og sidan vi er fire stykk som driv i lag er vi to som har frihelg og to som er på jobb. Neste helg byttar vi ☺️

Veka har vore innhaldsrik, med flytting av dyr hit og dit, foring og stell av dyr i fjøs og på beite, andreslått og dyrlegebesøk - og sist, men ikkje minst, under kveldens fjøsstell satte ei kyr i gong med å kalve to veker før tida. Vi fekk losa ho inn i ein kalvingsbinge og her fekk ho ein fin og kvikk kvigekalv. To veker før tida var det ikkje mykje mjølk i juret, og vi fekk ta opp råmjølk frå frysaren til den nyfødde!

God helg i frå oss i samdrifta 🚜🐮👨‍🌾👩‍🌾

17/08/2023

Ein liten fyr som har flytta i frå kalvingsbingen, der han har stått i lag med mor si dei siste fem dagane, over til ein kalvestekke. Å skulle syge mjølk frå smukkbøtte er det ikkje alle kalvar som tek like fort etter å sutta på spenane til mor, men denne oksen skjønte teikninga raskt. Mjølka smakar likt og temperaturen er som om mjølka kjem rett frå juret - og då er det bere nysgjerrigheita og svolten som står att 🐮 Fem liter heiv oksen innpå før han vart mett 🥛

Jauda! Mandag igjen, med kyr på beite, kadaverbilen som henta ein daud kalv, inseminering av kviger, ro for ku og kalv i...
14/08/2023

Jauda! Mandag igjen, med kyr på beite, kadaverbilen som henta ein daud kalv, inseminering av kviger, ro for ku og kalv i kalvingsbingen - ja, og nyplukka bringebær med vaniljesaus i sola. Kan det bli betre ? Trur ikkje det. God start på arbeidsveka 🐮

11/08/2023

Det går ikkje i rasande fart, men dei kjem smått om sen når bonden ristar med kraftfôrbøtta. Å gi kraftfôr til småkviger på beite gjennom sumaren gjer at dyra kjem når dei ser og høyrer bonden - noko som kan vere kjekt om dyra skulle finne på å stikke på bygda 🐮

God fredagskveld!

17/07/2023

Etter ei intens helg med slåtting før regnet kom laurdag kveld, skal vi no i regnevêret nytte tida til fjøsvask, stell av dyra og vidare utprøving av kalvingsbingane.

Kua Tiriltunge fekk ein oksekalv for nokre dagar sidan, og ho steller og stuller med kalven sin utan stopp 🐮

Det er kjekt når det går bra, men skal seiast at ikkje alle kyr er gode mødre - og vi gjer oss opp erfaringar om kven som får, og kven som ikkje får, gå ilag med kalven sin!

Ha ein herleg mandag 🚜

Adresse

Blindheimsgarden 201
Ålesund
6040

Telefon

92606749

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Blindheim Samdrift legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Blindheim Samdrift:

Del

Blindheim Samdrift

Blindheim Samdrift er ei gardsbedrift som held til på Vigra i Giske kommune og er beståande av tre sameigarar, to tilsette, ein avløysar og om lag 200 firbeinte, som i lag produserar mjølk og kjøt.

Vi har som mål å drive med effektiv, berekraftig og økonomisk matproduksjon med fokus på god kvalitet og dyrevelferd.

Vi har oppretta denne Facebooksida for å kunne vise korleis moderne matproduksjon går føre seg på ei forblåst øy på nordvestlandet. Her kan du lese om kvardagslege hendingar på eit moderne mjølkebruk med robot og få eit innblikk i oppgåver og gjeremål for bønder i samdrift, gjennom året. Legg gjerne igjen eit spørsmål eller ein kommentar til oss. God lesing