Hardanger Bygdeysteri

Hardanger Bygdeysteri Ysteri i Øystese i Hardanger! Eigd og drive av bønder frå regionen. Steikeost får du kjøpt her: Hardanger: Gardsmatbutikken i Øystese, Coop Extra Øystese.

Spildegarden Øystese. Coop Marked Tørvikbygd, Coop Prix Strandebarm, Coop Prix Norheimsund, SPAR Norheimsund, Kvamskogen Landhandleri. Omastrand Joker. Eidfjord: Fjord og Fjell kafè, Granvin: Janusen Gjestgiveri, Odda: Tut & Kjør Landhandleri

Bergen: Colonialen Fetevare (Strandgaten), Sentrum: Ren Fisk Fjellskål på fisketorge, Litlerè Mat på Nesttun, Stend gardsbutikk i Fana, Allinn Åsane (Åsane

vgs) Bakst & Brygghuset (Åsane),

Vestland øvrig: Erketunet Gardsbakeri, Vassenden, Førde

Me er på Rekoringen fleire stader og på Bondens Marked i Bergen. Sel og gjennom www.tastebuds.no og www.lokalmatringen.no i Bergensområdet.

31/05/2026

Takk for to flotte cuphelger i Øystese! ⚽🧀

Det varmar eit ysterihjarte når gjester fortel at dei har gleda seg til Øystese Cup – ikkje berre for fotballen, men òg for Steikeostburgeren! 😄

Tusen takk til alle spelarar, foreldre, frivillige og tilreisande som tok turen innom oss desse to helgene. De har bidrege til å skapa den gode cupstemninga som gjer Øystese Cup så spesiell.

Me set stor pris på kvar einaste burger som vart kjøpt – og alle dei hyggelege møta.

På gjensyn i Øystese! 💚

lokalmat steikjego’

⚽️ Øystese Cup = steikeostburger!Steikeostburgerane gjekk unna førre helg, så no har me fylt opp att og er klare for nye...
28/05/2026

⚽️ Øystese Cup = steikeostburger!
Steikeostburgerane gjekk unna førre helg, så no har me fylt opp att og er klare for nye burgermåltid 😄🧀🍔
Velkomen innom til både til tilreisande og bygdafolk for ein saftig burger, sal av steikeost og god cupstemning i Øystese! 🙌

Lørdag 30. og søndag 31.mai ved Coop'n

Steikeost passar perfekt attåt sesongens første grønsaker og friske vårlege salatar 🌽🧀Prøv steikt nykål og steikeost – h...
28/05/2026

Steikeost passar perfekt attåt sesongens første grønsaker og friske vårlege salatar 🌽🧀
Prøv steikt nykål og steikeost – heilt perfekt!
Og no kan du gjera eit ekstra godt kjøp: Me har med ein del altfor store ostar – til same pris som dei vanlege 😄

Her er det berre å vera tidleg ute… først til mølla! 🙌

Bilete av kålrett
Bondens marked i Bergen

🍃 STEIKEOST MED RAMSLØK🍃Me feirar våren! Marit har plukka og hakka ramsløk🍃Fredrik og Ingvild står for ystinga. Det vert...
04/05/2026

🍃 STEIKEOST MED RAMSLØK🍃
Me feirar våren!
Marit har plukka og hakka ramsløk🍃Fredrik og Ingvild står for ystinga. Det vert produsert berre i sesong. Osten er allereie på plass i lokale butikkar her i Kvam. I løpet av uka kjem den òg i hyllene i dei fleste butikkane våre. Både i Gardsbutikkane og i MENY. Og sjølvsagt på marknad og rekoringane. Knallgod, tør me påstå 🤩
Bondens marked i Bergen MENY Hanen

Lokal deilig salat! Kylling og Steikeost
19/04/2026

Lokal deilig salat! Kylling og Steikeost

🎉 Vinnarane er kåra! 🧀Tusen takk for alle gode tips – steikeost kan verkeleg brukast til mangt!Me har plukka ut éin vinn...
12/04/2026

🎉 Vinnarane er kåra! 🧀
Tusen takk for alle gode tips – steikeost kan verkeleg brukast til mangt!

Me har plukka ut éin vinnar basert på oppskrift. Det vart Linn Haugsland Ur med sin steikeostsalat med granateplekjernar. Ein perfekt kombo!
Me har og trekt to vilkårlege vinnarar blant alle som deltok. Desse vart Monica Daltveit og Merethe Gauden

Dei heldige kan vente seg 2 kg valfri steikeost 🤩

Takk for engasjementet 💛
Scroll nedover og la deg inspira.

• 🎖️🎖️Vinnar Linn: – Digg steikeostsalat: steikeost naturell, ruccola, isbergsalat, granateplekjerner, hakka valnøtter og vinaigrette av balsamico og honning. Kanskje nokre flak av parmesan, men det er steikeosten som er hovudpersonen:-)

• 🎖️Monica – Lun potetsalat: kok små poteter (helst med skallet) Kutt opp vårløk og rødløk, ha i skål sammen med ein pose babyleaf mix salat. Potetene er ferdig kokt del dei i to. Steik ein bunt med asparges i litt smør og ha på litt flaksalt. Del opp valgfri steikeost i terninger og stek. Alt blandes sammen med det samme, dvs lun. Passer godt som tilbehør til det meste Biff, kylling, svinefilet, grillmat.

* 🎖️Merethe – Pizzabotn, rømme eller noko liknande det eg har av grønsaker kutta i bitar og strødd på, og so masse tynne bitar av Steikeost på toppen, evt strø på litt salat e.l. etter steiking! Elskar! Elskar!

• Reisefruen – I salat og i ostesmørbrød 🧀🐣🤩

• Mtjongsbotnen – I burger, i pølsebrød, i salat, som erstatning til biff, i picknik-kurven (ferdig steikt) så den kan nytes som den er i parken 🙌❤️

• Anja – I salatar, som snacks, topping på supper og som burger 🧀😊

• Sverre – Koker opp 2 dl vann, 0,5 dl rødvinseddik, 0,5 dl olje sammen med litt gurkemeie og sort pepper, når det koker hiver jeg oppi 200 g coscos, skjærer opp tomat, paprika og agurk og blander inn i coscosen, så steiker jeg opp firkanter med steikeost, favoritten er provence, og serverer med peanøtter på. Stor favoritt her i huset 😉

• Gunnar – Riv den som pizzaost og brukar den på same måten (til pizza, lasagne, fløtepoteter) tynne skiver av osten oppå pizza eller som stavar i ein salat.

• Regina – Vi hadde den til middag idag! Jeg skjærer den i skiver og steker 1 min på hver side i en varm panne. Vi hadde potet og grønne bønner til.

• Sverre – Tar en til her, 1 påskedag frokost, steikeost salat med søtpotet, sylteagurk, agurk, tomat, vannmelon, valnøtter, kylling, egg og selvfølgelig steikeost.

• Marco – Ovnsbakt med rødløk, tomater, oliven, kappers, oregano og ekstra virgin olivenolje.

• Brit – Tacolefser, salat itte ynskje, rømme og steikeost! Topp enkel middag.

• Charlotte – Wrap med steikeost! Fyller lefsa med masse digge grønnsaker, steikeost og tzatziki 😁

• Bente – Nydelig ost og smaker 👌🥰 vi brukte den som tilbehør til diverse salater, bakt potet og ikke minst til biff 👌 stekt på på panna 👌

• Ingvill – I ferske vårrullar med gulrot, mango, agurk, paprika og peanøttsaus 🤩

• Øystein – Patentsmørbrød med stekeost. Tungt, men godt.
• Inger – På urfé burger frå Kari-garden

• Kari – Topper betesalat med steikeost😋
• Silje – Godt i omeletten. Nam!🥰
• Mali – Heilt enkelt, passe tjukt delt og steikt i margarin til dei blir sprø.
• Irene – Steker på grillpanne med Rørossmør, godt å lage salat av! 🥰
• Øyvind – Chiliosten er enormt god som pizzatopping, funkar både riven og i tynne bitar(i tillegg til litt mozzarella)🍕

30/03/2026

Sjå utsalsstadar på heimesida vår. Flest regionalt, men du finn oss f eks i Oslo, Sogndal, Jæren, Vinje…

Påskehandel? Me har osten! 🐣🧀Siste marknad før påske - gjer eit kupp! 👇👉 STORE bitar Steikeost Provence (topplag i ostef...
29/03/2026

Påskehandel? Me har osten! 🐣🧀

Siste marknad før påske - gjer eit kupp! 👇

👉 STORE bitar Steikeost Provence (topplag i osteforma)
(ca. 400 g til same pris som 230 g!) 🍃🌿🥬

👉 1,5 kg pose med naturell steikeost
– nylaga, perfekt konsistens, nydeleg smak - og kan frysast!

Her er det berre å fylle opp lageret 😍
Først til mølla!

📍 Norheimsund – Bondens Marked
🗓 Onsdag 1. april kl. 11–15
Bondens marked Kvam i Vestland Norheimsund

🧀 Lokalmatmarknad  på Voss laurdag 28. mars!🎶Vi køyrer posesal på NM-gullvinnande naturell steikeost:👉 1,5 kg for 560 kr...
26/03/2026

🧀 Lokalmatmarknad på Voss laurdag 28. mars!🎶

Vi køyrer posesal på NM-gullvinnande naturell steikeost:
👉 1,5 kg for 560 kr

Nylaga, perfekt konsistens, nydeleg smak, god holdbarheit – og kan frysast!

Kom innom standen vår for smaksprøvar på alle steikeostane våre 😋
Velkomen!
Vossa Jazz Voss Sentrum

Adresse

Sjusetevegen 14
Øystese
5610

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger Bygdeysteri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardanger Bygdeysteri:

Del