Stiftinga Severinbrauta

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Stiftinga Severinbrauta Severinbrauta er ein freda husmannsplass i Eidsdal frå 1870. Bygning, interiør, og særleg tekstilane, Det er som om tida har stått stille her. Velkommen!

Severinbrauta er eit freda kulturminne i Eidsdal i Fjord kommune. Husmannsplassen blir drifta og vedlikehelden av Stiftinga Severinbrauta som blei etablert i 1998. Styret består av representantar frå Storfjordens venner, Fortidsminneforeningen, Eidsdal skule og Fjord kommune. I 1995 døydde Nelly Veiberg, den einaste etterkomaren etter folket på husmanns-plassen Severinbrauta. Ho etterlét seg ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Noreg. Nelly budde åleine på Severinbrauta med sin før-industrielle levemåte til inn i 1990-åra. Bygning og interiør, og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar. Samfunnet rundt endra seg dramatisk frå 1870 til 1995. På Severinbrauta får ein eit blikk inn i korleis det var før, kva som er blitt betre – og kva som er gått tapt. På Severinbrauta kan du sjå ei røykstove bygd saman med fjøs og løe. Ho er heilt intakt og har aldri vore modernisert. Inne finn du ei stove som er rekonstruert slik ho kan ha vore i 1960-åra. Brauta-tausene tok vare på det meste, og vi har stilt ut noko av det i "Rommet med det rare i". Garden har 6,3 dekar med kulturmiljø: slåtteeng på mura terassar, bær- og frukthage, urte- og staudebed og andre kulturskapte element. Det er spesielt at Severinbrauta vart driven som sjølvbergingsbruk heilt til slutten av 1980-åra. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert gjennom kvardagsutstyr og andre gjenstandar, tekstilar, bilete og brev. Av dette rikhaldige materialet kan vi lese tallause historier. Det kan vere historiene om:

-lokalsamfunnet
-husmannsplassar og plassefolk
-å vere fødd utanfor ekteskap
-draumen om Amerika
-kvinnene – om liv og gjerning
-kvardagen
-å vere nøysam
-kulturlandskap
-byggjeskikkane

Gjennom året har vi opne dagar med ulike aktivitetar. I tillegg gir vi gjennom året omvisingar på garden på bestilling. Ta kontakt med oss om du har spørsmål eller ynskjer å besøke denne unike plassen. Du kan nå oss på:
E-post: [email protected], eller tlf. 45 48 06 34.

Adresse

6215
EIDSDAL

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stiftinga Severinbrauta legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stiftinga Severinbrauta:

Snarveier

Del

Kategori