Naustvoll Gard og Kennel Citagarden

Naustvoll Gard og Kennel Citagarden Skule- og arbeidstilbod utan prestasjonskrav. Avlastning. Friidstilbod. Inn på tunet. Oppdrett av fjordhest, dølahest og schäfer (brukslinjer). Saueproduksjon.

Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og avlastning. Visjonen vår: Naustvoll Gard s

kal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere. Vi vil nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, for å lage spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Anne-Brit er utdanna adjunkt med tillegg. Utdjupa fag på høgskule er naturfag, matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel. Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena". Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket.I tillegg er det Schäferhund-oppdrett i namnet Citagarden. Det er detaljert info om hundane og filosofien bak, på websidene til garden.

30/07/2026

Filmsnutt av sauer og hundar. Dei fekk ny saltstein, og det var populært.
Den eine filmen viser maktkamp mellom Kela og eine sauen. Hundane skal akseptere sauene, men nokre av sauene mine blir litt "tøffe" fordi eg dempar hundane. No let eg Kela får sette seg i respekt 😅

29/07/2026

Det har vore så flotte og aktive dagar, at oppdatering har blitt dårleg 😅
Her er ein liten filmsnutt frå i dag med alpakka-hoene og hundane.

Fantastisk 👏👏👏👏👏  Eg blir så stolt av desse tobeinte, som legg ned så mange timar året rundt i all slags vèr - for å tre...
18/07/2026

Fantastisk 👏👏👏👏👏 Eg blir så stolt av desse tobeinte, som legg ned så mange timar året rundt i all slags vèr - for å trene fram dei firbeinte, som har eigenskapar og iver etter å samarbeide.
Og dette for å vere i den frivillege redningstenesta. TAKK!

Ny ekvipasje klar på tenestelista til Norske Redningshunder 🤩
GRATULERER til Tore Johnny Milde med Citagardens Gabby Luna, med godkjenning idag 💐

Hipp-hipp 🐾🍗🍖🥩

Eg er så stolt av Heidi Timm og Citagardens Khan 👏👏👏Godkjent ettersøks-ekvipasje på Norske Redningshunder sitt hovedkurs...
11/07/2026

Eg er så stolt av Heidi Timm og Citagardens Khan 👏👏👏

Godkjent ettersøks-ekvipasje på Norske Redningshunder sitt hovedkurs på Røros og klar for tenestelista, når leiteaksjon er påkrevd.
Fantastisk! GRATULERER 💐

For dei som ikkje kjenner organisasjonen, så er her ein film frå godkjenningsveka: https://www.facebook.com/reel/1041637145534491

Adresse

Kvamsøy 47
Balestrand

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naustvoll Gard og Kennel Citagarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Naustvoll Gard og Kennel Citagarden:

Snarveier

Del

Type