07/02/2026
Topp stemning hos Tedragen på Bryggen!🍵
Tedragen Tedragen er ein nettbutikk som sel kinesisk te av høg kvalitet. Velkomen!
Jacobsfjorden 7
Bergen
5003
| Onsdag | 11:00 - 16:00 |
| Torsdag | 11:00 - 16:00 |
| Fredag | 11:00 - 16:00 |
| Lørdag | 11:00 - 16:00 |
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tedragen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Send en melding til Tedragen:
Tedragen starta opp i 2010, då John Hegre gjekk tom for både oolong og puer han hadde kjøpt på ei reise i Asia, og oppdaga at det ikkje var å få tak i her i landet. Saman med Jørgen Træen, Frode Flatland og Nils Are Drønen, alle fire musikarar frå Bergen, starta han opp Tedragen som byrja å selgje te over internett det same året. Gjetord om te frå Tedragen spreidde seg gjennom musikk, kultur og kunst-Noreg, heilt fram til nettbutikken vart lagt ned i 2011.
I 2013 starta John butikken opp att, denne gongen saman med økonomen Tarjei A Heggernes og ingeniøren Thomas Borsholm. Dette gjorde det lettare å ha orden på både forretning og formalia rundt import av næringsmiddel, og den nye nettbutikken opna 5 april 2014. I tillegg til å halde fram med samarbeidspartnarane frå Tedragen MK I vart det no oppretta nye kontakter både på innkjøp av te, logistikk og drift av nettsider.
Like etter 5-års jubileet til nettbutikk versjon 2 opna Tedragen opp fysisk butikk på Bryggen 23. Intensjonen er at det skal verte ein samlingsplass for te-entusiastar på Vestlandet, og eit besøksmål for te-interesserte i heile Noreg.
Tedragen har eit lite kuratert utval av te frå Kina og Japan, samt eit utval brukarutstyr. Utvalet er sett saman slik at det ikkje skal vera avskrekkande komplisert for dei som er nyfikne på te, samstundes som det skal vera nokre godbitar for tenerdar. Frå Kina har vi te frå dei klassiske kategoriane: Kvit te, grøn te, oolong, svart te og puer te. Frå Japan har vi sencha, hojicha og matcha.