Fusabær

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Fusabær Fusabær produserer og sel ferske bringebær rett frå garden på Fusa, nærare bestemt Foer Gard.

No er det på tide å takka for i år på Fusabær 🌸 Etter ein uvanleg sein, kald og våt — men lang og fin sesong.Me er heilt...
30/08/2026

No er det på tide å takka for i år på Fusabær 🌸 Etter ein uvanleg sein, kald og våt — men lang og fin sesong.
Me er heilt overvelda og takksame for alle dei gode tilbakemeldingane og den store interessa for bringebæra våre 🩷🌿 Stas var det òg at MakRonnys ville laga makronfyll av Fusabær – me fekk smaka og dei var heilt himmelsk! 🤩
Til dykk som sakna meir vegsal eller venta på kanskjelista: Me skulle gjerne levert til fleire. Neste sesong ventar me større avling og håpar å klara både meir vegsal og fleire bestillingar 🌸
Ein stor takk til dei flinke, lokale ungdommane som har plukka i striregn og sol – de har gjort ein kjempejobb! 👏
Tusen takk til alle som har handla, besøkt garden og støtta oss. De har gjort bærsesongen på Fusabær til ein skikkeleg fin sesong 🩷🌸🌿

🌿💗 Ei lita oppdatering frå Fusabær 🌸🌿Me har hatt nokre fine dagar med forsiktig modning i feltet, og endeleg fått levert...
24/07/2026

🌿💗 Ei lita oppdatering frå Fusabær 🌸🌿

Me har hatt nokre fine dagar med forsiktig modning i feltet, og endeleg fått levert dei første bestillingane. Me har òg fått til litt vegsal medan finvêret var. ☀️💕🌿

No ser det ut til at regnvêret blir verande ei stund. Me er difor litt usikre på kor mykje plukking me får til dei neste dagane, men håpar på litt opplett til plukking innimellom.

Me jobbar oss jamt nedover bestillingslista, men kald temperatur og sein sesongstart gjer at ein del leveringar vert flytta til seinare i sesongen. Takk for tolmodet og forståinga. Me gjer vårt beste ut av situasjonen og gler oss til å få levert bringebær til fleire så snart modninga skyt fart og vêret kjem seg. 🌿💗

☀️ Endeleg er sommarvêret her, og det håpar me vil hjelpa godt på modninga ☀️Framleis ikkje eit einaste raudt bær å sjå,...
13/07/2026

☀️ Endeleg er sommarvêret her, og det håpar me vil hjelpa godt på modninga ☀️

Framleis ikkje eit einaste raudt bær å sjå, men det er mykje kart og me håpar på ei god avling i år 🤞

Det har kome inn uventa mange bestillingar, så no må me rett og slett ta ein liten pause i nye bestillingar. Me vil ikkje skapa forventningar om at me kan levera meir før me har betre oversikt over avlinga. Bestillingsskjemaet er difor mellombels stengt, men me opnar igjen dersom me ser at me har meir å gå på 🌿

🌿 Hei og god sommar ☀️ Me gler oss til ny bringebærsesong og er klare for å ta imot bestillingar 🌸 Blomstringa kom litt ...
02/07/2026

🌿 Hei og god sommar ☀️ Me gler oss til ny bringebærsesong og er klare for å ta imot bestillingar 🌸 Blomstringa kom litt seint i gang, men utviklinga ser lovande ut, og me håpar å vera i gang med plukking og sal frå veke 30, kanskje litt før. 🤞☀️
👉 Bestill gjerne via nettsida vår: https://www.fusabær.no/bestilling – Då kjem bestillinga di rett inn på lista, og me tek kontakt så snart me ser at me kan plukka til deg💗
Og så må me nett fortelja litt om kva som har skjedd på Fusabær sidan sist. Me har, som nemnt i fjor, vore på saka for å auka produksjonen! – Og i vår planta me ut heile 11 nye bringebær-rader. Det er skikkeleg kjekt å sjå kor fint plantene utviklar seg, og no gler me oss til å sjå kva avling dei vil gje frå neste sommar.
Men først ventar årets sesong, og me gler oss verkeleg til å dela den med dykk💗🌸

Takk for ein deilig sommar – fylt med bringebær, sol, smil og trivelege besøk på garden 💕Det har vore ein knallsesong! M...
03/08/2025

Takk for ein deilig sommar – fylt med bringebær, sol, smil og trivelege besøk på garden 💕

Det har vore ein knallsesong! Me skulle berre ønska at bringebærfeltet var minst dobbelt så stort, for me klarte ikkje levere til alle på bestillingslista i år... Men me er på saka og satsar på at me om nokre år kan sei JA! til alle som vil ha Fusabær🌸

Kjekt å få sjå korleis mellom anna Kafè Eierschegge, og andre nyttar bringebæra våre til deilige desertar og kaker 🤩

I dag kom regnet, kvardagen står for tur og me avsluttar årets bringebærsesong her på Fusabær🌸

For ein nydeleg sommar me har fått!☀️Det gjer oss så glade at Fusabær har blitt smaken av sommar for så mange💕 Her er bå...
19/07/2025

For ein nydeleg sommar me har fått!☀️
Det gjer oss så glade at Fusabær har blitt smaken av sommar for så mange💕 Her er både store og små i full sving, og me vil så gjerne at flest mogleg skal få smaka Fusabær i år òg!🌸

Samtidig må me fortelja at bestillingslistene for i år dessverre alt er fulle😅
Men – du kan framleis leggja deg til på «kanskje-lista» her, så tek me kontakt om me ser me klarar å levere nedover på kanskje-lista óg:
👉 https://www.fusabær.no/bestill-1

Me prøver også å halda litt liv i vegsalet på ettermiddagane – så følg med på parasollen vår! 😂😉☀️

Hurra for deilig sol og sommervarme ☀️Me gler oss over ferie og at årets bringebærsesong no er i gang 🥳🌸🙌 Me har tjuvsta...
11/07/2025

Hurra for deilig sol og sommervarme ☀️Me gler oss over ferie og at årets bringebærsesong no er i gang 🥳🌸🙌 Me har tjuvstarta med litt vegsal denne veka, men det har vore litt langt mellom dei modne bæra. No trur og håpar me modninga skyt fart, slik at me kan levere bestillingar frå og med neste veke. Denne helga blir det vegsal — og då er det som vanleg «førstemann til den opne parasollen» som gjeld. Så snart parasollen er lukka, er me diverre utseld for dagen 😅

04/07/2025

Hei og god sommar frå Fusabær🌸
Me nærmar oss sesongstart og humler med fleire jobbar på mellom bygene. Bærfeltet har bra med kart i år, men når sol og varme sparar på krutet, let modninga vente på seg.

Me gler oss til ny bringebærsessong og held dykk vidare oppdatert om endeleg sesongstart ☀️🌸

Takk for ei kjempefin start på Bringebærsessongen! Det er så kjekt med besøk på garden og så stas med alle som set pris ...
07/07/2024

Takk for ei kjempefin start på Bringebærsessongen!
Det er så kjekt med besøk på garden og så stas med alle som set pris på bringebæra våre!

Men det er ein litt kald sommar, og modninga går ikkje så raskt som me hadde tenkt. Difor let me bringebærfeltet kvila litt no, slik at det vert litt tettare mellom dei modne bæra.

Me held stengt i to dagar (i dag sundag og måndag) og gler oss til sol, gardsbesøk og masse bringebær på tysdag!

Velkomne til gards!

Her har små og store humler og folk vore i full sving denne våren. Det vart travelt på oss med den varme våren som resul...
02/07/2024

Her har små og store humler og folk vore i full sving denne våren. Det vart travelt på oss med den varme våren som resulterte i tidleg blomstring og no tidleg sesongstart. Men no er me klare, smaksprøven er godkjent og årets bringebærsessong er i gang her på Fusabær!

Dei som vil bestille kan gjerne gjere det via skjemaet i denne linken: https://www.xn--fusabr-tua.no/bestill

Ellers prøver me å halda vegsalet i gang så godt det går, og ynskjer små og store velkomne til gards!

Adresse

Vinnesvegen 80
Bergen
5641

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fusabær legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fusabær:

Snarveier

Del

Kategori