14/06/2026
På tilsyn med geitene på Langøyna har vi også lokalisert årets måseegg.
Vi veit kvar dei ligg, og måsen kjenner oss etter kvart. Han er ikkje særleg redd oss, så vi får lov til å vere stille vitne.
I dag såg vi at eitt av egga har fått hol i skalet.
Snart kjem årets første vesle måseunge ut i verda 🐣
Det er noko fint med slike små oppdagingsrundar. Vi går for å sjå til geitene, men endar ofte med å sjå til mykje meir: graset, fuglane, egga, spora og alt det ville livet som høyrer øya til.