Kvamme Gard

Kvamme Gard Lite innblikk i livet i og rundt fjøsen og på garden elles. Glimtar til med bilder på lambing, slått, sanking med meir.

Gratulerer med dagen til alle. Håper de har ei fin feiring.🇳🇴
17/05/2026

Gratulerer med dagen til alle. Håper de har ei fin feiring.🇳🇴

❤️
08/05/2026

❤️

Ein haug med bilder ifrå lamminga så langt☺️🥹 Det har våre både oppturar og nedturar i år også.. Det er vel igrunn noko ...
03/05/2026

Ein haug med bilder ifrå lamminga så langt☺️🥹 Det har våre både oppturar og nedturar i år også.. Det er vel igrunn noko ein ikkje kjem utanom...

Natt til i dag var det ei så lemde 3lingar, der minste frøkna var berre 1,7(!!)kg❤️🥺 For ho vart det ein hard start på livet då ho var så nedkjølt at ho var begynt å bli kald i munnen. Det er eit dårleg teikn.. Men no har ho fått kome i pallekarmen og er kvikk og drikk endeleg sjølv🥳

Elles har vi hatt eit kopplam som har vore forstoppa og vi var redd det skulle ende med avliving. I dag vart det observert bæsj🤩🤩 Aldri vore så glad for å sjå bæsj før, så han er heldigvis med oss vidare. 🥳

Tidlegare i lamminga hadde vi ei som lemde to, der det eine var bitte lite og dødt ved fødsel.. Heldigvis fekk vi adoptert til ho eit lam, så der redda vi oss ifrå eit kopplam og mora har to lam som skal vere med til fjells 😄

Og så til slutt på elendigheita (forhåpentligvis) hadde vi ein sau som hadde ein uproblematisk fødsel på natta. På morningen vart ho observert liggande og trykke ut børa.. Sele vart smekka på og utpå ettermiddagen var veterinær på plass for å sy. Sauen hadde to værlam som ikkje heilt skjønte kvifor det skulle vere så vanskeleg å få mat ifrå mor. Etter ho var sydd låg ho stort sett, og var vanskeleg å få på beina.. Dagen etter var det bestemt at ho skulle få sleppe.. Det vart for vondt for oss å sjå på kor ho falma. Dessverre døydde ho ein times tid før Kristine kom heim for å ta farvel..🥺 Dermed vart det to ekstra i kopplambingen på den måten…
Men dei har det strålande ilag med resten av gjengen no, vi dei skjønte nok at ho mor ikkje kom til å vere der med dei..

Elles over på gledesida, så har vi snart 200lam sprettande rundt i fjøsen😃 Berre vi får gjennomført DyreVelferdsProgrammet (DVP) snart, så kan vi omsider sleppe ut fleire😁 Per no er det 5 værer ute i beitet og 6 sauer med lam på eine bøen, så vi gler oss til å få letta på trykket inne no 😉

16/04/2026

Ganske fascinerende å sjå kor lett Suffolk sauer lammar🤔

Kjekt å prøve noko nytt. Fosterteljing. Godt fornøgd med 2 i snitt.
31/01/2026

Kjekt å prøve noko nytt. Fosterteljing. Godt fornøgd med 2 i snitt.

Vi har fine Spælskinn for salg no. kr 1600,- pr stk.  Send pm ved interesse. Har sendt nokre til garving i år og, men de...
31/10/2025

Vi har fine Spælskinn for salg no. kr 1600,- pr stk. Send pm ved interesse. Har sendt nokre til garving i år og, men det tar ca 1 år før vi får dei frå garveri.

Første gong vi er med på kåring, og alle 6 🐏🐏🐏🐏🐏🐏 lamma vart kåra. Dette gav meirsmak. Veldig moro😊
05/10/2025

Første gong vi er med på kåring, og alle 6 🐏🐏🐏🐏🐏🐏 lamma vart kåra. Dette gav meirsmak. Veldig moro😊

Ein haug med bilder ifrå haust og sanking så langt 🙈 Endå manglar vi nokon, og heldigvis har vi kjekke folk som sit med ...
04/10/2025

Ein haug med bilder ifrå haust og sanking så langt 🙈 Endå manglar vi nokon, og heldigvis har vi kjekke folk som sit med kikkert og følger med og held oss oppdaterte 😄 Vi har til og med måtte hatt kjekke folk med på løysing då eine madammen med lam hadde sotte seg fast i enden av Lisjehesten😅 Heldigvis kom alle seg trygt ned og heim til gards🥰

Herleg å kunne begynne å sende sauene til fjells allereie i mai! 😅🤩Og så håpar vi at dei får gå i fred i sommar, og at b...
25/05/2025

Herleg å kunne begynne å sende sauene til fjells allereie i mai! 😅🤩

Og så håpar vi at dei får gå i fred i sommar, og at bandtvangen vert overheld😉

Mange år sidan sist vi måtte få dyrlegen på plass for å ta keisersnitt på sau. Kjekt med dyktige dyrleger. Sau og lam ha...
15/04/2025

Mange år sidan sist vi måtte få dyrlegen på plass for å ta keisersnitt på sau. Kjekt med dyktige dyrleger. Sau og lam har det heilt fint i dag🥰

Adresse

Kvamsvegen 75
Bygstad
6977

Telefon

+4799035452

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvamme Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type