Bergsdalstunet

Bergsdalstunet Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Bergsdalstunet, Gård, Bergsdalsvegen 1010, Dale.

*utseld* Langfredag 3.april fyrer me opp steinomnen. Nysteikte skillinsbollar og kaffi  frå kl 13.30 til kl 16.30. Ser f...
02/04/2026

*utseld*

Langfredag 3.april fyrer me opp steinomnen. Nysteikte skillinsbollar og kaffi frå kl 13.30 til kl 16.30. Ser fram til å sjå deg.

Me gler oss stort til å ta imot brudepar og gjester til valentinsbryllaup her på garden i morgon ❤️ Kjærleikens dag er n...
13/02/2026

Me gler oss stort til å ta imot brudepar og gjester til valentinsbryllaup her på garden i morgon ❤️ Kjærleikens dag er noko heilt spesielt, og me ynskjer alle ei varm og fin valentinsfeiring 🌹

Når me ser attende på 2025, kjenner me på takksemd for alt me har fått vera med på. Det har vore eit år fylt med trivele...
15/01/2026

Når me ser attende på 2025, kjenner me på takksemd for alt me har fått vera med på. Det har vore eit år fylt med trivelege og varierte dagar her på garden. Me har hatt gleda av å arrangera bryllaup, konfirmasjonar, bursdagsfeiringar og julebord. Me var med på Matmarknaden på Vaksdal i oktober og Husflidmessa på Dale i november – to kjekke dagar der me fekk treffa mange av dykk. Me har òg levert julelunsjar til firma i Bergen og hatt små og store selskap her på tunet.

Sonen vår Erling har no teke over drifta av garden, og me er glade for å kunna tilby kalvekjøt frå vår eigen gard, i tillegg til lammekjøt frå nabogardane Fosse og Rødland.

Alt dette er mogleg fordi de vel oss. Tusen takk til alle som har feira, handla og besøkt oss – og som har vore med på å skapa liv og varme her på Bergsdalstunet.

No ser me fram til 2026 og alt det spennande som ventar. Me gler oss til å vera med på Vinterkonferansen på Vaksdal i februar, til konfirmasjonar i mai, og til å arrangera Fiskefest i juni i samarbeid med Dale jakt- og fiskelag og Bergsdalen jordbrukslag. Me ser òg fram til å feira små og store merkedagar, som bryllaupsdagar og jubileum, og til å arrangera den tradisjonsrike Smalahovefesten. Me vil òg fortsetja å dela våre lokale produkt gjennom 🌻REKO-ringen Stanghelle.

Takk for at de støttar oss og hjelper oss med å halda liv i garden og det me brenn for. Me ønskjer dykk alle eit godt nytt år og ser fram til å sjå dykk i 2026!

Godt nytt år frå oss på Bergsdalstunet! Jan 11 Written By Lisbeth Bringebøen Når me ser attende på 2025, kjenner me på takksemd for alt me har fått vera med på. Det har vore eit år fylt med trivelege og varierte dagar her på garden. Me har hatt gleda av å arrangera bryllaup, konfirmasjon...

02/01/2026
KARAMELLPUDDING til NYTTÅR.  Bestilling i Kommentarfeltet innan Mandag 29.des kl.16. 1 form 1200 gram kr 250,-Betal til ...
27/12/2025

KARAMELLPUDDING til NYTTÅR. Bestilling i Kommentarfeltet innan Mandag 29.des kl.16.
1 form 1200 gram kr 250,-
Betal til Vipps 606950 eller bankterminal som har med oss.
UTLEVERING 31.des
Dale, Torget kl 12 til 12.10
Vaksdal, senteret 12.30 12.40

No er det tid for Smalahovefest igjen, og me håpar å få deg med på moroa! Me byr på skikkeleg god middag med smalahove, ...
17/10/2025

No er det tid for Smalahovefest igjen, og me håpar å få deg med på moroa! Me byr på skikkeleg god middag med smalahove, dessert og ikkje minst dans til god musikk. Two4you spelar opp til dans, så her blir det god stemning utover kvelden!

Pris: 790 kroner per person. Det er lurt å melde seg på tidleg, så ta kontakt med Olaug på telefon 93 21 32 13 for å sikre deg plass.

Me gler oss til ein kjekk kveld saman med deg!

No er det tid for Smalahovefest igjen, og me håpar å få deg med på moroa! Me byr på skikkeleg god middag med smalahove, dessert og ikkje minst dans til god musikk. Two4you spelar opp til dans, så her blir det god stemning utover kvelden! Pris: 790 kroner per person. Det er lurt å melde seg p....

Onsdag 24/9 kjem me til 🌻REKO-ringen Stanghelle! Me byr på: Årets Bergsdalslam:Ferskt lammelår u/skank, ca 3 kg, kr 220,...
17/09/2025

Onsdag 24/9 kjem me til 🌻REKO-ringen Stanghelle!

Me byr på:
Årets Bergsdalslam:
Ferskt lammelår u/skank, ca 3 kg, kr 220,- pr kg
Fårikålkjøt av bog, pakker på ca 1 kg, kr 190,- pr kg

Karamellpudding, 1200 gr (6-8 pers), kr 250,- pr stk
(Innhald: mjølk, egg, sukker, vaniljestong. Karamellpuddingen kan ikkje frysast, men han held seg godt i inntil ei veke i kjøleskap frå produksjonsdagen).

Karbonder av reinsdyrkjøt, ca 4 stk ca 400 gr., 295,- pr kg
(Innhald: Kjøt av ca 80 % reinsdyrkjøt og ca 20 % kalv, egg, kraft, fløyte, potetmjøl, løk, salt, pepar).

Ynskjer du å bestilla? Ta kontakt med oss på telefon 93 213 213, epost [email protected] eller legg att kommentar i kommentarfeltet til innlegget vårt på rekoringen 😊

Adresse

Bergsdalsvegen 1010
Dale
5722

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bergsdalstunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bergsdalstunet:

Del

Type