09/07/2026
DILLA PÅ LILLA!
Siste dag med farging og butikkåpning blir på søndag. Bonden har snart farga ferdig dei 3,8 kiloa med ullgarn, men lilla står att.
Så på søndag går det nokre hesper i kjelen, saman med vassarve og blåtre. Truleg var det også dette tipptippoldemora til bonden brukte då ho farga brudgomsvottane. No skal òg eit par fingervottar, som Berit har strikka, få seg same fargebadet.
Til og med diskenspringaren er kledd i lilla, i ein ny gamal busserull med lilla striper. Reinhekla ivrar for lengebruk.
Butikken er open, og me byr på kake og kaffe. Sidan det er siste fargedagen, vert det 20 prosent på alt lilla.
Åpent: Søndag 12. juli klokka 13–15.
Velkomen!
Jon Fredrik & Kai