Vestbø gard

Vestbø gard Midt i kulturlandskapet ved porten til Fitjarøyane, der helleristningar vitnar om levd liv i 3500 år, der ligg Vestbø gard.

Me ynskjer å drive matproduksjon tufta på beitebruk og kulturlandskapspleie. Her beitar urfeet vestlandsk fjordfe og villsau.

I dag vart det taco med pulled beef, denne gongen laga av bogsteik frå Vestbø gard. Nydeleg godt!!
17/04/2026

I dag vart det taco med pulled beef, denne gongen laga av bogsteik frå Vestbø gard. Nydeleg godt!!

Då er våren for alvor i gang. Årets tre fyrste lam kom i dag. Nyfikne frå fødselen. Skulle tru dei aldri hadde sett folk...
01/04/2026

Då er våren for alvor i gang. Årets tre fyrste lam kom i dag. Nyfikne frå fødselen. Skulle tru dei aldri hadde sett folk før🤔

Treng du godt kjøt til påske? Me har framleis nokre gode stykningsdelar for sal, anten du vil ha til ei god steik eller ...
26/03/2026

Treng du godt kjøt til påske? Me har framleis nokre gode stykningsdelar for sal, anten du vil ha til ei god steik eller grytekjøt i ulike former og fasongar. Flatbiffen kan også skjærast og steikast som biff. Sjølv om den er mager, er den nydeleg marmorert i kjøtet!

Kos i floren. PlutseLiv gjev mor si,  Mjølbolletryne, ein klem🥰
08/03/2026

Kos i floren. PlutseLiv gjev mor si, Mjølbolletryne, ein klem🥰

Då håpar me framtida er sikra. Ny avlsokse henta i Hardanger på laurdag. Ein kraftig plugg som har fått namnet Hardingen...
08/03/2026

Då håpar me framtida er sikra. Ny avlsokse henta i Hardanger på laurdag. Ein kraftig plugg som har fått namnet Hardingen, i alle fall inntil vidare.

Det er mange år sidan vinteren har teke bort all grønfarge frå landskapet på Vestbøstad! Men no går det mot vår💚
06/03/2026

Det er mange år sidan vinteren har teke bort all grønfarge frå landskapet på Vestbøstad! Men no går det mot vår💚

Vårens vakraste eventyr (del I) er godt i gang på Vestbø gard. Friske, fine kalvar💚 Kua er aldri langt vekke om bonden v...
01/03/2026

Vårens vakraste eventyr (del I) er godt i gang på Vestbø gard. Friske, fine kalvar💚 Kua er aldri langt vekke om bonden vil stelle og kose litt med kalven - vil ha full kontroll!

TAKK for fantastisk respons på sal av storfekjøt av vestlandsk fjordfe! Og takk for strålande gode tilbakemeldingar frå ...
28/02/2026

TAKK for fantastisk respons på sal av storfekjøt av vestlandsk fjordfe! Og takk for strålande gode tilbakemeldingar frå dykk som har både kjøpt og smakt på råvarene! I dag har me frose ned det me har att pga haldbarheitsdato på ferskvare, men me sel framleis frosne varer! Sjå bilde for det me har att. Kjøtbileta er av ein flatbiff me delte opp for eige bruk. Nydeleg lokal, rein råvare👍
(Redigert: er nå tom for kverna kjøt)

Me sel framleis ferskt kjøt - her er ei oppdatert liste over dei stykningsdelane me har for sal. Kverna kjøt er pakka i ...
22/02/2026

Me sel framleis ferskt kjøt - her er ei oppdatert liste over dei stykningsdelane me har for sal. Kverna kjøt er pakka i kilospakkar. Hugs at kjøper du ferskt kjøt, kan du sjølv velgje å dele opp kjøtstykka i mindre deler før du evt. frys ned til seinare bruk.

Kverna kjøt - heilt reint kverna kjøt utan tilsette stoff av noko slag. Kverna kjøt av grasfora vestlandsk fjordfe. Loka...
22/02/2026

Kverna kjøt - heilt reint kverna kjøt utan tilsette stoff av noko slag. Kverna kjøt av grasfora vestlandsk fjordfe. Lokal råvare av beste slag. Har du prøvd t.d. heimelaga hamburger på slik råvare? Me har framleis ferskvare til sals pakka i kilospakkar. Kr 200/kg. (Sjå også førre innlegg for fleire kjøtprodukt!)

Me har slakta to ungoksar av rasen Vestlandsk fjordfe, og har framleis kjøt til sals - sjå lista for stykningsdeler. Det...
17/02/2026

Me har slakta to ungoksar av rasen Vestlandsk fjordfe, og har framleis kjøt til sals - sjå lista for stykningsdeler. Dette er kjøt som er svært møyrt, godt marmorert og har ein unik smaksprofil.

«Eit villsauskinn er ikkje berre eit naturprodukt, men eit stykke norsk kystkultur»! Me har nydelege lammeskinn til sals...
03/02/2026

«Eit villsauskinn er ikkje berre eit naturprodukt, men eit stykke norsk kystkultur»! Me har nydelege lammeskinn til sals, garva av Granberg garveri. Hos oss er villsauen viktig i forvaltninga av kystlyngheia på garden. Pris under bileta.

Adresse

Vestbøstad
Fitjar
5419

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestbø gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type