Vidme Gard

Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Vidme Gard Sau og grønnsaker på ei fjellhylle i Flåmsdalen. Artsrike slåtteenger og kulturminner frå bronsealderen.

Her vidareførar me tradisjonane frå generasjonane før oss i eit vilt og vakkert kulturlandskap.

13/05/2026

Me fekk besøk av ei ung kongeørn i dag, som speida strategisk på alle lamma våre som går ute på beitet. Men det tok ikkje lang tid før kråkene kom og jaga den vekk! 🦅🐑

Me er klar for eit nytt samarbeid med Fjordsafari 😀 Gjennom Fjordsafari kan du komme på gardsbesøk hos oss og få høyre o...
09/04/2026

Me er klar for eit nytt samarbeid med Fjordsafari 😀 Gjennom Fjordsafari kan du komme på gardsbesøk hos oss og få høyre om historia til Vidme og få omvisning på garden. For å komme opp til Vidme kan du enten sykle opp med el-sykkel frå Flåm eller bli køyrt opp i bil. Me er spent!

Category: Simple Hike Trip length: 3 hours Availability : May - September

Vårteikn! Ein lang og kald vinter mange utfordringar med vatnet vårt er endelig over. No har nokre av sauene våre tjuvst...
22/03/2026

Vårteikn! Ein lang og kald vinter mange utfordringar med vatnet vårt er endelig over. No har nokre av sauene våre tjuvstarta på lamminga. Værene var på friarferd då me var på haustferie 🙈 Resten av lamma kjem etter påske. Imens har hønene begynt på sine daglege turar rundt om i tunet, grasløken har begynt å spire i markedshagen og bonden har begynt med opplæring. Det er aldri for tidlig å lære om traktor!

"Stakkars mann, det er eit hardt liv du går til", sa Kari til Steinar. Ho budde på aldersheimen då Steinar, far til Håva...
24/01/2026

"Stakkars mann, det er eit hardt liv du går til", sa Kari til Steinar. Ho budde på aldersheimen då Steinar, far til Håvard, overtok Vidme. Det var eit hardt liv ho hadde levd, og ho følte kanskje ho måtte advare Steinar, visste han i det heile tatt kva han begav seg ut på? Han overtok ein gard utan veg, med straum nok til eit par lyspærer og kun innlagt vatn til fjøset. Om vintaren køyrde bror til Kari vatn frå be**en ved Tråmyra, og i år har me fått kjenne på litt av det same.

Berre ein brøkdel, men likevel, då det var full storm ute og me vakna til 12 grader i stova og snø i yttergangen og me hadde vore utan vatn i ei veke, då følte me oss ganske motlause her oppe på fjellhylla vår. 17 minus med barfrost i fleire veker blei for mykje for vassforsyninga, sjølv med varmekablar.

Så Håvard køyrde etter vatn i be**en og me tilpassa oss på eit vis. Etter å ha jobba frå morgon til kveld med å tine røyr og lokalisere dei fryste punkta, la Håvard opp ein ny vassledning slik at me fekk vatn i tanken igjen. Stormen løya, sola varmar og me er tilbake til vårt behagelige, moderne liv, med ein liten smak av korleis det ein gong var å bu her oppe.

Godt nyttår!Det er lenge sidan me har posta eit innlegg her, så her er ein liten oppsummering av året som har gått. - I ...
01/01/2026

Godt nyttår!

Det er lenge sidan me har posta eit innlegg her, så her er ein liten oppsummering av året som har gått. 

- I år var eit godt år for slåtten, Håvard fekk inn mesteparten av graset som tørrhøy og slåtten blei unnagjort rekordfort takka vere nytt utstyr. Me fekk støtte til ny tohjulstraktor og venderive og er veldig glad for det! Det gjer arbeidet med slåtten lettare i åra framover, så me fekk slått fortare og meir enn tidlegare. Men heten gjorde det til tider uforsvarlig å arbeide om dagen i dei bratte bakkane våre, så me måtte ha siesta.

- Me hadde ein altfor modig revunge på besøk i sommar, som tok to av hønene våre. Heldigvis har me ikkje sett noko til den i høst og vinter, men både me og hønene fekk oss ein skrekk.

- Det var også eit godt år for markedshagen. Til tross for ein kald juni og varm sommar, fekk me ein bra avling og mykje som ikkje klarte seg i lavlandet gjorde det bra hos oss. Det er nokon fordelar med å dyrke i høgda.

- I starten av sesongen var kokkane på Fretheim Hotel og Hotel Aurlandsfjord på besøk, dei fekk omvising på garden og hjalp oss med å plante ut planter. Etterpå grilla me ilag. Det var ein veldig kjekk dag og det er kjekt for oss å bli kjent med dei som me har eit godt samarbeid med. 

- Me hadde markvandring med NLR i markedshagen og fekk mange gode tips av dei og me har hatt omvisning på garden i samband med Kulturminnedagane.

- Me haldt ein presentasjon om Vidme og samarbeidet vårt med Fretheim Hotel til ein reiselivsdelegasjon frå Eidfjord. Veldig kjekt å gjere slike ting også! Kokkane på Fretheim hadde laga ein liten rett med rødbet og grønnkål frå Vidme og geitost frå Li.

- Sauene våre har gått ute heilt til no og kanskje får dei vere litt meir ute i vinter også. Sauene stortrives med å vere ute og det er lett for oss å mate dei med høy rett utanfor låvedøra. I tillegg blir det mindre talle som me må spa vekk for hånd til hausten. 

- Det er travelt med små barn og gardsdrift, så nokre prosjekt må vente ei stund til. Det er viktig for oss å ha tid til kvarandre og ha fine stunder ilag mens ungane er små.

Håper dykk alle har hatt ein fin juleferie og får eit godt nytt år!

Adresse

Vidmevegen 3
Flåm
5743

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vidme Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vidme Gard:

Snarveier

Del

Kategori