Rørtveit Gard

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Rørtveit Gard Gunleik med familien driv garden Rørtveit. Me driv med mjølkeproduksjon på telemarkskyr og kjøtproduksjon på sau, utegris og telemarksfe.

Økologisk eplemost laga på eple frå gamle epletre – mange av dei yvi 100 år gamle 🌳🍏Desse trea har stått gjennom generas...
02/09/2026

Økologisk eplemost laga på eple frå gamle epletre – mange av dei yvi 100 år gamle 🌳🍏

Desse trea har stått gjennom generasjonar, år etter år, og gjev epla ein heilt eigen smak. Samstundes må også ein gammal apalhage fornyast. Nokre av trea er difor nyare, planta for å føre tradisjonen vidare i mange år framover.

Her møtest gammal kunnskap og nye plantar – med respekt for naturen og råvarene🍎🌿

Eplemosten kan du kaupe på garden, eller få servert til frukosten på Tuddal Høyfjellshotel og Nutheim Gjestgiveri❤️




Endeleg kom regnet! 🌧️Somaren har vore nydeleg – solrik, varm og med lange, lyse kveldar ☀️Men det heve vore for tørt. G...
30/08/2026

Endeleg kom regnet! 🌧️

Somaren har vore nydeleg – solrik, varm og med lange, lyse kveldar ☀️

Men det heve vore for tørt. Graset veks dårleg, og me er usikre på om me får nok – og godt nok – vinterfôr til dyra🐄🐑

Mange av bekkane som vanlegvis gir dyra friskt vatn på beitet, har tørka inn, og dei må gå langt for å finne vatn.

Regnet kjennest ekstra godt no💚
For graset. For bekkane. For jorda. Og for oss som skal fylle fjøset med vinterfôr.

Me set pris på sola – men akkurat no er me aller mest takksame for regnet🌧️

28/08/2026
Sesongen på Storstaul nærmar seg slutten for i år. Ynskjer dikkon å bestille staulsprodukt er det lurt å ta kontakt no🥛🐮...
20/08/2026

Sesongen på Storstaul nærmar seg slutten for i år. Ynskjer dikkon å bestille staulsprodukt er det lurt å ta kontakt no🥛🐮
#

Telemarkfeet er kånns eldste storferase og ble definert som eigen rase allereie i 1856. Med den karakteristiske raudbrun...
11/08/2026

Telemarkfeet er kånns eldste storferase og ble definert som eigen rase allereie i 1856. Med den karakteristiske raudbrune, ofte sidete teikninga og dei vakre horna er ho lett å kjenne att ❤️

Telemarkskua er meir enn eit vakkert syn på beitet. Ho er ei hardfør og nøysam ku som er godt tilpassa norske forhold. Ho utnyttar beite og utmarksressursar godt, og eignar seg difor godt i eit variert og ressursbasert landbruk🌿

Telemarkskua har og vore viktig for norsk mjølkeproduksjon gjennom historia. Mjølka har gode eigenskapar for foredling, noko som gjer rasen særleg interessant for småskala produksjon og tradisjonell ysting 🧀 I fjoset kånns er 13 av 15 mjølkekyr av rasen telemarksfe🐮

I dag er det registrert 549 avlsdyr i Noreg og rasen er definert som trua. Av dei er det kun rundt 100 kyr som blir mjølka.

🐖 Utegris – godt for grisen, godt for smaken!Vi meiner at lykkelige dyr og godt kjøt går hand i hand🤎Grisar er nysgjerri...
09/08/2026

🐖 Utegris – godt for grisen, godt for smaken!

Vi meiner at lykkelige dyr og godt kjøt går hand i hand🤎

Grisar er nysgjerrige dyr som trivst med å få bruke naturen slik dei er skapte for. Ute kan dei rote i jorda, søkje etter mat, ta gjørmebad og utforske omgivnadene – naturleg åtferd som gir eit rikare liv og betre dyrevelferd🌱

Når grisen får god plass, frisk luft og høve til å leve eit aktivt liv, veks dei i eit naturleg tempo, og kjøtet får ein fyldig og god smak🐷





Svartros og resten av gjengen inviterer til åpen staule på Storstaul lørdag 8 august, frå klokka13.00 til 16.00. Det bli...
04/08/2026

Svartros og resten av gjengen inviterer til åpen staule på Storstaul lørdag 8 august, frå klokka13.00 til 16.00. Det blir salg av vaflar og rjomegraut samt staulsprodukt. Velkommen🐮

Hanen har vore på besøk og laga fleire fine reportasjer frå garden, samtTuddal Høyfjellshotel og Nutheim Gjestgiveri som...
03/08/2026

Hanen har vore på besøk og laga fleire fine reportasjer frå garden, samt
Tuddal Høyfjellshotel og Nutheim Gjestgiveri som me leverer til😊

Ingen sak for bonden å reise på ein liten ferie når me heve så flinke folk i arbeid.  Dei siste tri dagane er det Ingrid...
02/08/2026

Ingen sak for bonden å reise på ein liten ferie når me heve så flinke folk i arbeid. Dei siste tri dagane er det Ingrid Marie Bøe Finnekåsa som heve hatt ansvar for ysteriet og alle dyri på staulen🌿🐮

📷Ingrid Marie Bøe Finnekåsa





Dyra lev det gode liv på staulen🌾🐮
26/07/2026

Dyra lev det gode liv på staulen🌾🐮




Adresse

Natadalsvegen 57
Flatdal
3841

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Rørtveit Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rørtveit Gard:

Snarveier

Del

Kategori