03/06/2026
28.05.2026
Ny tur til Storøyna med sau. Byrjar å bli ganske grønt og fint. Elva har igjen gjort skade og rundt 4-5 meter er vaska vekk og den vesle delen av samlekvea som fortsatt står igjen nærmar seg elvekanten😔 Til tider frustrerande å ha beitedyr i eit område med ei elv som gong på gong raserar heile dalen og lagar mykje ekstra arbeid. Området er ein del av nærøyfjorden landskapsvernområde og er veldig fint, sett vekk i frå utfordringane med elva. Me håpar at det ikkje blir for utfordrande, slik at me kan fortsetta å ha beitedyr der, også i framtida🐑🐴😊