Soltun Besøksgard

Soltun Besøksgard Tidlegare kjend som Bergen 4H undervisningsgård. Samme drift, men med nytt namn. Velkommen til gards!

18/06/2026

Eira har vert i Hagebø på Osterøy saman med hingsten Gunnar(Askongen sitt avkom❤️). No har ho parra seg med Gunnar og er klar for å komma heim igjen😃 Me er så glad for å få ho tilbake på garden, og Vikke har endeleg fått sumarens leikekamerat på plass🥰

14/06/2026

Deilig å vere and i sommersola🦆❤️

22/05/2026

Våren er ei hektisk tid og det er lett å gløyme å nyte gardslivet bittelitt, her er ei påminning❤️

17/05/2026

Gratulerer med dagen alle saman, helsing alle store, små, to og firbeinte på Soltun Besøksgard!❤️🇧🇻

Me er svært glad for at Bygdanytt eksisterer og me har hatt mange fine artiklar i vår lokalavis, men her opplever me at ...
12/05/2026

Me er svært glad for at Bygdanytt eksisterer og me har hatt mange fine artiklar i vår lokalavis, men her opplever me at de ikkje treffer heilt...
Kva gjer at vår drift reduserast til "idyll" på Garnestangen og kvifor beskrivast vegen som svært nærme barnehagen, men det nevnast ikkje at den potensielle annleggsvegen går heilt inntil og ikkje minst rett gjennom vårt dyrehald og landbruksareal.
Vår "idyll" er næmleg 4 dagsenter sitt aktivitetstilbod 3 dagar i veka, 6 arbeidsplassar for menneskjer som treng hjelp tilbake i arbeidslivet, aktivitetsdagar og undervisning for bornehagar og skular med meir...
Denne "idyllen" vil sjølvsagt lide under annleggsarbeid, det vil bli utfordrande å ha god hms på garden for tilsette, deltakarar og besøkande, blandt andre større og mindre utfordringar dette vil medføre...
Me har tillit til at fagfolk og politikarar setter seg inn i saka frå begge sider med all den informasjonen me har sendt inn til høringsforslaga. Det er andre som har ropt høgt i media og dei skal få kjempe for si sak på sin måte, men når Bygdanytt sjølv skriv så unyansert med tydelege manglar i perspektiv frå begge sider må me nesten få "rope" litt i media me og... Det er næmleg eit samfunnsnyttig levebrød på denne sida av vegen også🥰

Høyringsinnspela delte på midten om kvar anleggsvegen til reinseanlegget bør gå. Sjå link i kommentarfelt.

Adresse

Garnestangen 60
Garnes
5264

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Soltun Besøksgard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Soltun Besøksgard:

Del

Type