Svisdal Gard

Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Svisdal Gard 🐄 Mjølkeproduksjon, sauehald og lokalmat
🏔️ Svisdalen | Fjellgardane i Sunndal
🥛 Fjellmjølk frå eigne kyr

Kva med Fjellsau til haustmiddagen?No har me skiver av lår og nakke av ung sau klare for sal.Store, fine kjøttstykke som...
04/10/2026

Kva med Fjellsau til haustmiddagen?

No har me skiver av lår og nakke av ung sau klare for sal.

Store, fine kjøttstykke som passar godt til fårikål, gryter, langtidssteiking og andre gode haustmiddagar. Kjøttet kjem i store stykke, slik at du sjølv kan dele det opp etter kva du skal lage.

Sauene har beita i Grødalen gjennom sommaren, og kjøttet er slakta, partert og pakka hos Øre Vilt.

FJELLSAU – kjøtt av ung sau frå Svisdal gard
Skiver av lår og nakke
220 kr/kg

Kjøttet får du kjøpt heime på garden – det er berre å kome innom og ringe på. Vil du vere sikker på at me er heime, kan du sende oss ei melding på førehand, så pakkar me klart. Me kan også avtale henting på Sunndalsporten.

Perfekt å ta med vidare til hytta i haustferien.
Kjøleskapet i gårdsutsalet er også fylt med fersk Fjellmjølk, så du kan ta med deg både Fjellsau og Fjellmjølk heim.

29/09/2026

Endeleg er kjøttet frå våre eigne sauer klart for sal!

Dette er eit lite prøveprosjekt for oss i år, og me har valt å satse på ung sau.

Kvifor ikkje berre lam?

Ung sau har den milde, gode smaken mange forbinder med lam, men har fått litt meir tid til å vekse – og dermed får me meir kjøtt på beina.

Dette er sauer som ikkje skulle vidare i avlen på garden, og som uansett skulle slaktast. Me ville heller utnytte ressursen og lage eit produkt me sjølve hadde hatt lyst til å kjøpe.

Og me er kjempefornøgde med resultatet!

Me kallar det Fjellsau, og no har me to produkt:

Sadel av ung sau – 350 kr/kg
Indrefilet og ytrefilet med bein. Ei flott råvare til ein skikkeleg god middag, og nok til fleire rundt bordet.

Fjellsau – skiver av lår og nakke
Perfekt til fårikål, men også til andre gode haustrettar av sau – som gryter og langtidssteking i omn.

Kjøttet er skore i større stykke enn det du kanskje er vand med frå butikk-fårikålkjøtt. Det gjer at du sjølv kan skjere til passelege bitar etter kva du skal lage – fårikål, haustgryte eller langtidssteiking i omn.

Me synest det er kjekt å kunne utnytte meir av det me har på garden og lage eit skikkeleg godt matprodukt av kjøttet. Dette er eit produkt me sjølve har tru på – og som me gjerne ville kjøpt sjølve.

Slakting og nedskjæring har me fått hjelp til av Øre Vilt, ein lokal slakter me er veldig fornøgde med.

Kjøttet kan kjøpast hos oss på Svisdal gard.

Me har ikkje fryser i gårdsutsalet enno, så kjøttet må hentast hos oss i huset. Ta gjerne kontakt på Facebook eller Instagram, eller på:

📞 478 17 728
📞 992 51 626

På Vipps ligg prisen inne per 100 gram. Det betyr at du legg inn talet på 100-gramseiningar sjølv – til dømes 12 stk. dersom pakken veg 1,2 kg.

Velkomen innom for å prøve Fjellsau frå Svisdal gard!

18/09/2026

Visste du at Svisdal gard ligg i eit Utvalt kulturlandskap?

Det er kanskje ikkje alle som veit kva det betyr – eller at Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal var med heilt frå starten då ordninga blei etablert i 2009.

Den gongen blei berre 20 område i heile Norge valt ut. I dag er det 51.

Utvalte kulturlandskap er område som har særlege verdiar knytt til jordbruk, natur og kulturhistorie. Landskapet er forma gjennom generasjonar med folk, dyr og drift.

Og her på Svisdal har det vore jordbruksdrift i mange hundre år – truleg heilt tilbake til 1100-talet.

Så når me går ut med kyrne, sanka sauene eller ser utover jordene og fjella rundt garden, er me faktisk ein del av eit landskap som Norge har valt ut som spesielt verdifullt.

Det synest me er ganske fint å få vere ein del av.

Og akkurat no skjer det mykje her: sauesankinga er i full gang, Fjellmjølk-salet går over all forventning, og snart kan me tilby kjøtt frå eigne sauer som har beita i Grødalen.

Berre ein liten fun fact frå fjellgarden i dag. 🤎

12/09/2026

Fin dog litt kald dag i fjellet på sauleiting. Godt fornøyd med resultatet på over 50 dyr.

FJELLSAU – kjøt av ung sau frå Svisdal gardSom sauebønder har vi i mange år slakta ung sau til eige bruk. Vi lagar både ...
07/09/2026

FJELLSAU – kjøt av ung sau frå Svisdal gard

Som sauebønder har vi i mange år slakta ung sau til eige bruk. Vi lagar både pinnekjøt og fårikålkjøt av eigne sauer, rett og slett fordi vi meiner dette er noko av det beste kjøtet vi har.

Ung sau har ein god kjøtsmak som ikkje er så ulik lam, men dyra har fått vekse litt lenger og har meir kjøt på beina. For oss er dette skikkeleg god, norsk tradisjonsmat.

Samtidig har vi sjølve synt det er vanskeleg å finne gode produkt av ung sau i butikkane. Difor tenkte vi: Kvifor ikkje lage meir av den maten vi sjølve har lyst til å ete?

I haust gjer vi nettopp det.

Vi har valt ut seks unge sauer frå eiga besetning som har beita i Grødalen. Sauene blir slakta 23. september hos Øre Vilt, og kjøtet blir også foredla hos dei.

Først kjem fårikålkjøt og sadel. Litt seinare kjem pinnekjøtet, som blir laga på tradisjonelt vis med salt og tørking.

Vi håpar fleire får lyst til å prøve det vi sjølve har ete og hatt tru på i mange år.

FJELLSAU
Kjøt av ung sau frå Svisdal gard

Følg med – vi kjem tilbake med meir informasjon når kjøtet nærmar seg klart for sal.

TUSEN TAKK! 🥛🤍Tusen takk til alle som har vore innom gårdsutsalet i helga – og for alle dei gode tilbakemeldingane me ha...
24/08/2026

TUSEN TAKK! 🥛🤍

Tusen takk til alle som har vore innom gårdsutsalet i helga – og for alle dei gode tilbakemeldingane me har fått! 🙌 Det er så kjekt å høyre at Fjellmjølka smakar så godt 🤍

Og for ein start! Me har allereie nesten selt ut alle litersflaskene – på berre to dagar! 😍 Derfor blir det pasteurisering av meir mjølk i dag, slik at me får fylt opp att kjøleskapet.

No i starten testar me oss litt fram, mellom anna når det gjeld haldbarheita. Datoen på flaska er sett litt forsiktig medan me framleis samlar erfaring og følgjer med på korleis mjølka held seg. Det er derfor godt mogleg at ho held seg lenger enn datoen som står på flaska.

👉 Me tek veldig gjerne imot tilbakemeldingar frå dykk – både på smaken, haldbarheita og eigentleg alt anna! Kva likar de? Er det noko me kan gjere betre? Og korleis har mjølka halde seg hos dykk?

Tusen takk for at de handlar lokalt og for at de vil vere med på starten av Fjellmjølk-eventyret 🥰🐄🏔️

22/08/2026

ENDELEG ER FJELLMJØLKA HER! 🥛🏔️🙌

Etter mykje planlegging, førebuingar og venting er det ganske spesielt å endeleg kunne fylle kjøleskapet i gårdsutsalet med vår eiga mjølk 🥹

No kan du kjøpe Fjellmjølk direkte frå Svisdal gard – låg-pasteurisert på garden og ikkje homogenisert.

Fersk mjølk frå kyrne våre, rett frå fjellgarden og på flaske 💛

Gårdsutsalet er ope, og du kan betale med Vipps eller kort.

I løpet av dagen blir det også sett ut nokre flasker på Matkroken 🥛🙌

Velkomen innom!

📍 Svisdal gard

18/08/2026

I morgon skjer det endeleg! 🙌🥛

Minimeieriet står klart, gårdsutsalget er på plass – og i morgon kjem endeleg pasteurisatoren! 🤎

Det har vore mykje arbeid, planlegging og venting for å komme hit. No er me så nære at me nesten kan kjenne smaken av det som skal fylle kjøleskapet. 🐄🥛

Viss alt går som det skal, kan me fylle opp kjøleskapet med FJELLMJØLK allereie i morgon eller torsdag! 🙌

Frå våre eigne kyr, laga her på Svisdal gard – og snart klar for dykk i gårdsutsalget. 🤎

No skjer det verkeleg!

Adresse

Fjellgardsvegen 639
Gjøra
6613

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Svisdal Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Svisdal Gard:

Snarveier

Del

Kategori