Høgt og Vilt

Høgt og Vilt Produserer økologiske urter i vill vestlandsnatur. Alle ingrediensane i produkta vi lagar er hausta og foredla på garden

Vist er det idyllisk med sol, og det er godt med stabilt, kaldt vær dag etter dag. ☀️Men her er for lite snø så telen se...
02/02/2026

Vist er det idyllisk med sol, og det er godt med stabilt, kaldt vær dag etter dag. ☀️
Men her er for lite snø så telen set seg.
Det er, om ikkje skummelt, så i alle fall vel spennande i forhold til overvintring.
Spenninga gjeld særleg salvie, sar, isop, timian og sitrontimian som ikkje visnar heilt ned, men skal bryte frå kvist. 🪾🌱

Vi er på plass i PopUp butikkane på Sandane, Stryn og Eid med eit godt utval varer og gåvepakkar.                       ...
02/12/2025

Vi er på plass i PopUp butikkane på Sandane, Stryn og Eid med eit godt utval varer og gåvepakkar.

Siste løpstikkedag i denne omgang.Det blir garantert fleire seinare i sesongen. Vi treng mykje til det populære urtesalt...
02/06/2025

Siste løpstikkedag i denne omgang.
Det blir garantert fleire seinare i sesongen.
Vi treng mykje til det populære urtesaltetet vårt.

Sjå på desse lekre blada!  Frå skogen, inn og ut av tørka, innom pakkerommet og ut i butikk på under ei veke. Ramsløk er...
30/04/2025

Sjå på desse lekre blada! Frå skogen, inn og ut av tørka, innom pakkerommet og ut i butikk på under ei veke. Ramsløk er kanskje aller best i smør, olje og dressing, men prøv også til fisk, egg, potet og sopp. De finn den blant anna hjå der vi har fylt på i dag, coopen på Sandane, i Bergen og hjå oss.

Det er ein merkedag for oss når vi set i gang hovudtørka. Då har vi det surrande og gåande eit heilt halvt år med innhau...
24/04/2025

Det er ein merkedag for oss når vi set i gang hovudtørka. Då har vi det surrande og gåande eit heilt halvt år med innhausting og tørking, og grasløken er alltid fyrst i køen. I år var den klar allereide i veke 16, men måtte, og tok slett ikkje skade av å vente på oss til påskehelga var over. Den står her lang, grøn, sprø og fin, fortsatt utan blomst, og er ei fryd å skjere. Hakk, hakk, hakk. Til små bitar som passar i posen det står Grasløk på, og i Fiskekrydder og Potetkrydder. Og så treng vi grasløk i Urtesaltet.

Om nokre veker kan vi hauste meir. Den vesle "tappen" de ser på tredje bildet har vokse fram frå vi starta om morgonen til rett over lunsj, ca fire timar.
.

Mynte har fått ufortjent lite plass her på instagrammen vår siste tida.Vi har både eplemynte, grønmynte, gullmynte, pepp...
18/03/2025

Mynte har fått ufortjent lite plass her på instagrammen vår siste tida.
Vi har både eplemynte, grønmynte, gullmynte, peppermynte.
Fire fasinerande og gode smaker.
No når kalenderen viser mars har vi tørka urter i pakkar. Etter kvart som sommaren nærmer seg sel vi dei ferske også.
Mynte er svært gode te-urter.

Der lukter godt av oregano på arbeidsrommet for tida. Norsk oregano og gresk oregano.Vi rensar, rensar og rensar.På mask...
03/03/2025

Der lukter godt av oregano på
arbeidsrommet for tida.
Norsk oregano og gresk oregano.
Vi rensar, rensar og rensar.
På maskin og for hand.

Oregano kan brukast til så mangt,
blandt anna pizza, pasta, omelett, supper og marinadar.
Ps Norsk oregano passer utmerka til viltkjøt.

Vi får stadig spørsmål om kva vi egentlig gjer på no om vinteren.Har vi fri?Tørker vi urter?Tvinner vi tommeltottar? Sid...
17/02/2025

Vi får stadig spørsmål om kva vi egentlig gjer på no om vinteren.
Har vi fri?
Tørker vi urter?
Tvinner vi tommeltottar?
Sidan så mange lurer, så skal vi rett og slett vise litt kva vintersessongen innebærer i Høgt og Vilt.

Akkurat no har vi mykje å tenke på.
Berfrosten og kulden si påvirkning på plantefelta er ein ting. Kor mykje må såast på ny i april🤔🌱

Adresse

Devik 95
Gloppen
6828

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Høgt og Vilt legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Høgt og Vilt:

Del