Høgstein Gard

Høgstein Gard Høgstein Gard er eit familiebruk med to generasjoner. Vi produserer ca 670.000 liter melk i 2024 Høgstein Gard vart etablert på 1860-tallet.

I 1946 kjøpte bestefar/mor til Odd Christian Stenerud, Lars og Ruth Støbakk garden. Dei bygde hus (1939) og fjøs med plass til 5-6 kyr (på 1950-tallet) på eigendommen Bakketun, cirka 100 m frå Høgstein. I 1984 tok Margreta og Odd Christian Stenerud over Høgstein, og vi starta med 6 kyr. Vi starta med å bygge eit nytt tun på Høgstein med båsfjøs som hadde plass til 14 kyr. Den vart tatt i bruk haus

ten 1985. Dette var den første fjøsen på Vestlandet (kanskje i Norge) som vart finansiert gjennom Landbruksbanken uten at det vart bygd siloer. Styret i Landbruksbanken sa først nei til å finansiere utbygginga fordi dei ikkje hadde trua på å satse på rundballer og ikkje bygge siloer. 22 år unge Odd Christian ringte til formann i styret og sa direkte til han at nå snakka dei om ting dei ikkje hadde peiling på. Da fekk eg svar frå ein vaksen kar som sa at eg hadde heilt rett. Derifra vart vi einige om at eg skulle skrive litt om kva rundballer var og kvifor eg ville satse på dette. Da fekk vi finansiering, men det stod i vedtaket at det vart gjort under tvil.. Vi satsa på rundballer og dette var også noko som bestefar Lars hadde god tru på. Han hadde vore i Trøndelag og snakka med bønder som hadde pressa rundballer som eit tillegg til siloene. Det å satse på rundballer vart viktig for oss, ettersom vi auka melkeproduksjonen frå 30.000 liter i 1984 til 470.000 i 2022. Som nemd bygde vi fjøs i 1985. Da budde vi i eit av husa på Høgstein Fyrstasjon som vi eigde. I 1989 var bolighuset i det nye tunet klart til innflytting. Vi bygde om fjøsen i Bakketun til ungdyrfjøs (cirka i 1995). Melkefjøsen bygde vi om i fleire etapper:

1997: ombygging til lausdrift. 22 båsplasser, med 2x2 tandem melkestall.

2008: utvida til 55 båsplasser, utvida til 2x4 tandem melkestall. Kaldfjøs med vindbremseduk.

2018: sette opp ny fjøs med stålbuer over fjøsen og redskapshuset frå 1984. Reiv den fjøsen og redskapshuset etterpå frå innsida, med dyr i fjøsen. Bygde om til robot (De Laval), som vart satt inn til melkegrava. Vi fekk ein av dei siste robotane av ein modell som hadde vore i utvikling sidan år 2000. (Vi monterte vår robot i Mars og i April/Mai samme år kom ein ny robot med store forbetringar). Då fekk vi 66 båsplasser og ei god kalveavdeling med halmbinger, og kalvekjøkken med liten melketank, slik at vi kunne få råmelk/melk rett frå roboten.

2022: vi ønsker å utvide melkeproduksjonen frå 470.000 liter til 570-600.000 liter i 2023. Vi valde å bytte robot for å få ein som hadde enda større kapasitet, framleis De Laval. Nabogarden Johans:
I 1999 kom vår gode nabo Petter Godø og fortalde at dei hadde bestemt seg for å kjøpe ein større gard på Hustad nord om Molde. Dette var eit sjokk for oss, fordi vi såg på Petter som ein erke Godøying. På Hustad var det mykje større areal og dei kjøpte etterkvart to bruk til, og det er no Åsgeir som driv garden. Vi fekk spørsmål om vi ville leige kufjøsen i Johans. I 2000 bygde vi derfor med stålbuer oppå ein gjødselkjellar som Petter hadde bygd nokre år før. Slik at fjøsen vart forlengd med ca 12 meter. Vi bygde og tok vekk fjøsgolvet, og la spalter slik at vi fekk fem binger på kvar side av fórbrettet og 12 båser. I 2016 kjøpte Ørjan Johansgarden av Petter og Synnøve Godø, og dette la grunnlaget for at vi kunne satse saman. Gardane Johans og Høgstein har ca 1,3 km felles grense.No eig Ørjan Johansgarden sammen med sin kjære Helene. I 2017 totalrenoverte vi våninghuset i Johans, som består av to boenheter. En hoveddel med 5-6 soverom og en leilighet med to soverom. I 2018 samtidig som vi bygde om melkefjøsen på Høgstein, reiv vi fjøsen i Johans, utenom stålbyget frå år 2000. Her ble det gjort mye betongskjering og annet betongarbeid før fjøsen vart satt opp med stålbuer, kaldfjøs med vindbremseduk. I fjøsen er det 16 binger med plass til ca 80-100 ungdyr. Totalt disponerer vi 550 da (2021), fordelt på Godøy, Alnes, Valderøy og Vigra, og arealet vil auke framover til ca 750 da. Mekanisering på garden:

På sommaren 1985 vart den første rundballen pressa på Høgstein, og dette var kanskje første rundballen som var pressa på Vestlandet!? Eg snakka med maskinselgar Lindseth på Felleskjøpet i Ålesund hausten 1984, og spurte om han ville bestille inn ei rundballepresse til neste sesong. Det ville han og sommaren 1985 stod det ei Krone 125 rundballepresse klar på garden. Den hadde tråbinding som ein måtte starte manuellt. Eg pressa ca 25-30 baller første sesongen, og vi brukte store plastsekker som vi tredde rundballen inn i. Pressa vart seld til ein Longva frå ei av Nordøyane. Eg kjøpte ny presse av merket Krone året etter. Eg var det året med på mange demonstrasjoner, blant annet på Emblemsfjellet og i Sædalen på Gurskøya. I 1989 var eg i Valldalen for å vise rundballe-pakkeren og måtte vere der ein dag ekstra for å presse til fellesbeita på begge plassane. I 1988 var det landbruksdagene på Gjermundnes, og da presenterte Kverneland for fyrste gong i fylket ein rundballepakker. Denne var på hjul, og det var ikkje montert arm for å løfte rundballen opp på pakkaren. Eg kjøpte denne på messa, og da hadde vi den første pakkaren i fylket. Vi brukte den stasjonær, og kjørte ballene til tunet for å bli pakka. Det var først bestefar som stod og kjørte pakkeren, og det var ikkje rundeteller så han måtte rekne til 30 runder og skjere av plasten. Pakkaren hadde hydraulisk tipp og eg laga ein rampe som ballane landa på. Etterkvart var det gutane våre, først Kristian og så Ørjan som måtte kjøyre rundballe-pakkeren. Dette var slitsomt for dei, sa dei sjølv. Det vart telt mange ganger til 30 desse somrane, men dyra måtte ha mat! Ettersom vi var så tidlig ute med rundballer var det mange firma som ville at eg skulle kjøyre deira merke. Etter Krone 125, vart det Deutz Fahr, Class 46, Riviere Calasis, Orkel 1202. I 2001 kjøpte eg ei Kverneland Bio presse av ein som var fabrikkjører for Kverneland, og den hadde gått 15000 baller då eg kjøpte den. Eg husker at eg pressa cirka 200 baller første dagen. Det var eit kvantesprang. Kjøpte ny Biopresse i 2005 og ny Kuhn Biopresse i 2012. Våren 2020 kjøpte vi ei John Deere 441 R kombipresse. Slåmaskinene vart breiare med tida, og vi kjøpte Kverneland (1986). Første slåmaskina var 165 cm brei, og no har vi frontslåmaskin på 320 cm og slepeslåmaskin bak på 320 cm med stengelknekkar. Det største kvantespranget etter starten med rundballer var i 2008, då vi kjøpte slåmaskin med stengelknekker og breispreding og samlerive. Det førte til mykje betre forkvalitet og melkeproduksjonen auka frå 7500 liter til 9900 liter per ku. I 2016 kjøpte vi oss slangespredingsutstyr som vi bruker for å få ut husdyrgjødsla på markane. Dette har og ført til at vi slepp svært mykje kjøring med gjødselvogn og sparer både traktor og sjåfør.

HMS-helse,miljø og sikkerhet har vore i fokus på garden siste tida,har fått god hjelp av HMS rådgiver i Norsk Landbruks ...
30/05/2026

HMS-helse,miljø og sikkerhet har vore i fokus på garden siste tida,har fått god hjelp av HMS rådgiver i Norsk Landbruks Rådgiving Karianne Skotte til ein grundig gjennomgang av ulike planer som skal vere på plass👍

HMS i praksis er òg å finne tid til kvile og gjere noko anna enn berre å arbeide😅 Arbeidsdagane er som regel lange og gjerne 7 dagers veke,så då er det viktig å samle krefter av og til😅

Ørjan og Marius styrer i fjøsen,Marius seier melkemengda auker,når vi tek oss fri,vi har full oversikt over roboten på mobiltlf og ser at jammen skjer det samme igjen,nærmer seg 2100 liter melk pr dag. Ikkje sikkert vi har råd til å kome heim😩

Vi hadde ein fin tur inn til Briksdalsbreen,veien opp er bygd av bønder på 1920 tallet,dei såg muligheter i turismen og bygde vegen og satsa på hesteskyss. Slik var og ein del av starten på turismen i Geiranger.
Bonden har alltid vore innovativ!

Alltid spennende å gå oppover mot breen,mellom store som isbreen har skubba på.
Budeia måtte sjølvsagt teste om ho var like slank som sist😅,veldig fornøgd som dokke ser på bilde❤️

02/05/2026

Når matmor kjem om morgonen er det mange som kjenner igjen stemma hennar❤️
Margreta har viktigast oppgåva med å gi dei små kalvane ein god start👍
Det er grunnlaget for god produksjon i framtida!
Helg og kvardag får kalve godt stell og omsorg 👍

03/04/2026

Kvar dag må dyra ha stell også i Påska😅
Då er det kjekt med litt god hjelp👍

Vi på Høgstein Gard gratulerer vår kjære gardsbestyrer Marius med dagen🇳🇴Takk for god hjelp og støtte🇳🇴Vi får feire med ...
02/03/2026

Vi på Høgstein Gard gratulerer vår kjære gardsbestyrer Marius med dagen🇳🇴
Takk for god hjelp og støtte🇳🇴
Vi får feire med Softis når dei e klar i byen😅

Senior på Høgstein Gard,markerer at han går inn i sitt 43.år som bonde.Han har i alle år vore plaga av stadig nye påfunn...
31/12/2025

Senior på Høgstein Gard,markerer at han går inn i sitt 43.år som bonde.
Han har i alle år vore plaga av stadig nye påfunn😅
Ser ikkje betre ut for 2026😇
Vi på garden ønsker alle eit godt nytt år🇳🇴

25/12/2025

Med ønske om ei velsigna god jul til dokke alle😀
Helser til alle som er på vakt i julehelga 🇳🇴
Legg ved ein liten skryte video og håper fruen synest eg har stelt kalvane godt i jula😇

Brannvern i fokus på garden i dag KS Brannsikring ved Ole Tommy Reite var på besøk,vi inviterte andre bønder til å ta me...
11/12/2025

Brannvern i fokus på garden i dag KS Brannsikring ved Ole Tommy Reite var på besøk,vi inviterte andre bønder til å ta med brannslukningsapparat for årlig kontroll.
Ole Tommy gav oss ei god orientering om potensielle brann feller på ein gard.
Vi fekk òg informasjon om forebyggingende tiltak.
Etter kaffi og julebrød med brunost,så kunne vi konkludere med,at dette var ein matnyttig samling👍
Takk til budeie og husfrue Margreta for god mat👌

18/11/2025

Når dagene blir korte og snøen daler ned,kan det vere fint med ei tilbakeblikk på sommaren som var😄

På tidens sikre seg billig gjødsel.Mange kunder har spart fleire 100.000 kr etter at dei tok i bruk Urea Gjenbruk!Vi på ...
07/09/2025

På tidens sikre seg billig gjødsel.
Mange kunder har spart fleire 100.000 kr etter at dei tok i bruk Urea Gjenbruk!
Vi på Høgstein Gard har spart ca 900.000 kr dei seks åra vi har brukt Urea Gjenbruk!

Deilig med ny halm i kalvebinger👍
03/09/2025

Deilig med ny halm i kalvebinger👍

Adresse

Høgsteinvegen 2
Godøy
6055

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Høgstein Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Høgstein Gard:

Del