Ekta Skåramat

Ekta Skåramat Velkomne opp til beste plassen!

Åpent i tunet etter avtale. Me foredlar kjøt etter tradisjonelle oppskrifter, med salting og røyking.

Ein del av kjøtet er frå vår gard. Me lagar mest Skårapylsa og pinnakjøt!

Røykjelaks til helga?Me har nokre heile sider og me har oppdelt laks. Gi ein lyd snarast om du ynskjer noko. 550 pr. kg....
04/06/2026

Røykjelaks til helga?
Me har nokre heile sider og me har oppdelt laks.
Gi ein lyd snarast om du ynskjer noko. 550 pr. kg.
Kjempegod fisk!

Noko som viser seg gong etter gong for oss,  er den store tragedien jordskifte. Stein Torleif Bjella seier så godt det e...
03/06/2026

Noko som viser seg gong etter gong for oss, er den store tragedien jordskifte. Stein Torleif Bjella seier så godt det er to tragediar i livet, å miste ein kjærast og jordskifte.
No er målet å rasera vår utmark, med skogsbilveg over Skår og innover urørt natur. Å bli overkøyrd av eit ubrukeleg rettssystem kjennest sårt og støytande. Ein føler seg makteslaus. Livsverket skal dei berre ta frå oss, og øydelegge ein gard som er bærekaftig. Sauen er det som gjer at me har Ekta Skåramat. No skal sauen fordrivast, skogsbilveg kl.4 skal dei laga for å få mest mogeleg tilskot frå Staten. Og det hjelper ikkje å seia nei.
Det verste er likevel at naturen vert rasert, berre for at litt skog skal hoggast på andre sin eigendom. Takk skal de ha som har starta med dette , de er verkeleg kjekke.

Me tar turen utover på Rekoring utlevering på onsdag. Ålvik, Øystese, Steinsdalen og Tørvikbygd .Nylaga grillpylser, røy...
31/05/2026

Me tar turen utover på Rekoring utlevering på onsdag. Ålvik, Øystese, Steinsdalen og Tørvikbygd .
Nylaga grillpylser, røykelaks og mykje anna godt😉
Vil du bestilla noko kan du skriva på sida REKO-RINGEN KVAM eller ta kontakt med meg.Tlf.90867649😉Høyrer frå deg!😃

Nylaga grillpylser klare i dag!Røykjer laks i dag, ferdig om nokon dagar😉
30/05/2026

Nylaga grillpylser klare i dag!
Røykjer laks i dag, ferdig om nokon dagar😉

02/05/2026

Bestillingar for henting på Reko-ringen Kvam på onsdag tek me imot med takk!

Endå ikkje for seint å tinga varer for utlevering på Reko-ringen Voss i morgon. REKO-RINGEN VOSS
28/04/2026

Endå ikkje for seint å tinga varer for utlevering på Reko-ringen Voss i morgon. REKO-RINGEN VOSS

Ventar på gaukjen!!
28/04/2026

Ventar på gaukjen!!

27/04/2026
MAI-pakke🇧🇻 🇧🇻 🇧🇻1 spekjekjøtlår(ca 1.8 kg)1 morrpylsa (a.250 gr.)1/2 hjortespekepylse (ca.275 gr.)1/2 lammespekepylse(c...
23/04/2026

MAI-pakke🇧🇻 🇧🇻 🇧🇻

1 spekjekjøtlår(ca 1.8 kg)
1 morrpylsa (a.250 gr.)
1/2 hjortespekepylse (ca.275 gr.)
1/2 lammespekepylse(ca.275 gr )

Pris for alt dette er 1100 kr

Me skal på Reko-utlevering på Voss 29.04.og i Kvam 06.05. Bestilte varer kan me ta med der det høver🇧🇻
Ellers er det berre å ta kontakt, me kan senda og tek imot kundar her etter avtale.
Ring 90867649

Finaste tolkinga ❤️❤️❤️
17/04/2026

Finaste tolkinga ❤️❤️❤️

Stein Torleif Bjella · Me vil elske deg då (Besvärjelse) · Song · 2025

Adresse

Skårsvegen 244
Granvin
5736

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ekta Skåramat legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ekta Skåramat:

Snarveier

Del