15/02/2026
Olympisk standard 🏅❄️
*Gratulerer til Pia Krogvig Segerberg, som vart trekt som vinnar av osten 😃
Visste du at Heidalsosten har vore offisiell OL-ost? Og at ein Heidøl har delteke i OL?
Heidalsost i OL-utgåve:
Det var folkefest i heile Norge når vinter OL vart arrangert på Lillehammer i 1994. Dette var stort og Norge, Lillehammer og Gudbrandsdalen skulle vise verda kva vi hadde å by på - og ysteriet i Heidal, kjent for den flotte osten, vart engasjert til å lage ein offesiell OL-ost.
Det vart laga to ostar i forskjellig størrelse med OL-motiv. Den minste skulle ut i butikkar over heile landet og den andre på heile 2,6kg var på hotellfrokostar under mesterskapet.
Vinterolympier Erling Steineide (1938-2019):
Steineide var langrennsløpar og sanka mange NM-gull på 60-tallet, både individuelt og som ein del av «Heidalstrioen» og «Sjårdalstrioen». Radioreporter Bjørge Lillelien i NRK beskreiv Steineide som uslåeleg i stafettspurt på denne tida.
Heidalstrioen vart kjent over heile landet og besto av Erling Steineide, Arvid Ryen og Reidar Bekkemellem.
«Heidalstrioen ble et nasjonalt begrep, og de var like kjente som det Ingebrigtsen-brødrene er i norsk friidrett i dag» sier forfatter Thor Gotaas.
Vi har ofte innom gjester i kafeen om sommaren som spør om Heidalstrioen. Da blir dei begeistra når vi kan fortelje at to av oldebarna til Steineide har deltidsjobb i kafeen idag 😃
Steineide deltok i vinter-OL for Norge i Innsbruck i Østerrike, der han gikk 2. etappe på stafettlaget som kom på fjerdeplass.
Kommenter hvilket år Steineide gjekk OL-staffet for Norge i Innsbruck og du med i trekninga av ein stor OL-ost 😃 Kan sende til heile landet!
Lykke til på herrestafetten i dag 🇳🇴🇳🇴