29/09/2026
Torsdag kl 16.00-17.30 har me ny runde med betjent gardsutsal på Fausko - denne gongen også med ferskt fårikålkjøtt og ribbe (fyrstemann til mølla)! I tillegg til andre stykningsdeler frå utegrisane våre, grønnsaker, herunder hodekål (så lenge åkeren rekk) og poteter.
Det kan hende me er størst i dalen på potet for augneblinken (?), ellers driv me ganske smått - det er 7 grisar og 7 sauar (lam) me har sendt til slakt. Alle dyr har gått ute så mykje dei vil heile året, primært ete økologisk fôr. Grøden frå marka er produsert heilt utan sprøytemiddel og kunstgjødsel.
Velkomen til å ta del i haustgildet vårt!