Hagalid Julatre

Veibeskrivelse Nettsted

Hagalid Julatre Me sel fjelledelgran, edelgran, gran og furu. Hillevåg torg 1.des-23.des 2025
Hjelmeland YX 1.des-23.des 2025 Hagalid i 1996.

Hagalid julatre held til på heiagarden Hagalid i Ryfylke. Med utsikt over Jøsenfjorden produserer me norsk fjelledelgran til torg- og engrossal. Kven er folka bak:
Jone og Hanne tok over garden Hagalid etter farfar Ola J. Dei har drive med melkeproduksjon, sauedrift, julatre, skog og gardsturisme. No har neste generasjon teke over og det er Birgit og Rasmus som driv med julatre, skog og sau. Bror Ola har drive juletreproduksjonen dei fem siste åra og har vore å treffe mykje på juletretorget på Hillevåg. Jone, Hanne og Ola vil framleis vere ein stor del av enten produksjonen eller salet av julatre. Kva me kan tilby:
I frå starten av desember sel me julatre på Hillevåg torg. Her tilbyr me sjølvprodusert fjelledelgran og nordmannsgran frå våre kollegaer i Ryfylke. Me har også vanleg gran og furu frå skogane og heiene som tilhøyrer garden Hagalid. Trea er i alle størrelsar, frå 1 meter til 3.5 meter. Av tilleggsprodukt sel me juletreføter frå Easy-fix. Desse er solide og varige i emaljert stål og kjem i fleire fargevariantar. Me har også eit utval av andre naturprodukt i form av pyntegreiner og pyntemose. Frå midten av desember sel me fjelledelgran og nordmannsgran i samarbeid med YX i Hjelmeland. Følg med på facebook-sida i november for meir informasjon om kva dato salet startar. På Hagalid gard skjer det mykje anna i tillegg til juletreproduksjon. Hanne og Jone driv gardsturisme i form Galleri Hagalid med kunstutsal og matservering. Sjå facebooksida og nettsida til Galleri Hagalid for meir informasjon om utstillingar og opningstider. https://www.facebook.com/GalleriHagalid/
https://www.hagalid.net/

Hei:)Her er litt fra sesongen i år frem til nå. Vi er litt på etterskudd på Hillevåg, men er mer eller mindre klar fra i...
02/12/2025

Hei:)

Her er litt fra sesongen i år frem til nå. Vi er litt på etterskudd på Hillevåg, men er mer eller mindre klar fra i morgen av.

Nyhogd fjelledelgran er på veg frå Hagalid til Hillevåg torg i dette øyeblikk😄 Me håper å sjå deg der!🎄
20/12/2024

Nyhogd fjelledelgran er på veg frå Hagalid til Hillevåg torg i dette øyeblikk😄 Me håper å sjå deg der!🎄

HeiDa e vi godt i gang med årets salg på   og Tappen på  . Først uke har vore prega av veldig variert vær🌧🥶⛈️🎄Vi e åpent...
05/12/2024

Hei

Da e vi godt i gang med årets salg på og Tappen på . Først uke har vore prega av veldig variert vær🌧🥶⛈️🎄

Vi e åpent 10-20 (med litt justering for vær) på mandag til fredag og søndag 12-20.

Som vanlig he me fjelledel, nordmann, gran og furu.

Ps. For den som ønsker furu så kom tidlig, der e utvalget mindre i år.

Vi snakkes :)

Adresse

Hagalidvegen 462
Hjelmeland

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hagalid Julatre legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori