Isdal Gard

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Isdal Gard Småskala gardsproduksjon mellom husa i det gamle klyngetunet på Isdal, Nordhordland.

Så mange flotte værlam, kven av dei skal vi ta med på kåring? No vert dei målt og veid, vi ser på ulla, horna, føter, ve...
03/09/2026

Så mange flotte værlam, kven av dei skal vi ta med på kåring? No vert dei målt og veid, vi ser på ulla, horna, føter, vekt. Spelen (halen) må vere maks 14 cm, ulla på krysset min 17 cm. Ulla bør ikkje ha grove hår. Strenge krav for ein stakkars vær, dessverre ikkje alle som kjem seg gjennom nålauga.

Då var sommaren over - og saueflokken fulgte villig med ned att frå fjellet. Veldig greie å sanke😍. Og heime ventar grøn...
02/09/2026

Då var sommaren over - og saueflokken fulgte villig med ned att frå fjellet. Veldig greie å sanke😍. Og heime ventar grøne bøar😊🐏

No har vi fått spunne nydeleg garn av ulla til sauene våre😍! Ulla er sortert på garden, i sauen sine naturlege fargar, o...
12/08/2026

No har vi fått spunne nydeleg garn av ulla til sauene våre😍! Ulla er sortert på garden, i sauen sine naturlege fargar, og så sendt til leiespinning hjå Kraftull i Gausdal.

Vi har nytta ulike spinneri tidlegare, og det er alltid like spennande å sjå kva type garn og kvalitet vi får tilbake av ulla vår. Kraftull har maskiner som passar spesielt godt til den lange ulla til gammalnorsk spelsau. Ulla er todelt, med mjuk, kort bunnull og sterke, lange dekkhår, noko som gjev ein fin g***s i garnet.

Så no er vi i full gang med teststrikking, veldig kjekt å sjå kor godt garnet passar med strikkeoppskriftene våre 🤩.



KraftUll

På tilsyn hos sauane i fjellet. Ei av dei, Fjellrose, hadde skada foten sin. Beste måten å få ho ned på var å ta heile f...
09/08/2026

På tilsyn hos sauane i fjellet. Ei av dei, Fjellrose, hadde skada foten sin. Beste måten å få ho ned på var å ta heile flokken ned, då hinka ho etter sjølv, saman med lammet sitt. Så var det å sende resten oppatt til fjells. Dei lurte nok på kva vi holdt på med😆. Veldig fint søyelam ho har, Fjellrose. Ho virka pigg, men kunne ikkje gå på eine forfoten. Ingen ytre skade, men opphovna under kneet.

Potet likar visst våte, kjølige somrar. Dette er ein tidlegsort «Solist», i håp om å komme tørrråten i forkjøpet. Nokre ...
05/08/2026

Potet likar visst våte, kjølige somrar. Dette er ein tidlegsort «Solist», i håp om å komme tørrråten i forkjøpet. Nokre «Asterix» poteter lurte seg med, store dei og😄

Fin kveldsstund på værabeite. Den svarte, Birk, er far til lamma våre i år - og sjef på beitet. Imponerande stor og flot...
12/07/2026

Fin kveldsstund på værabeite. Den svarte, Birk, er far til lamma våre i år - og sjef på beitet. Imponerande stor og flott for fjorårslam å vere! Den heilt kvite, Snø, skal i teneste til hausten. Begge er kåra, og med godt resultat (37 og 36 poeng), så vi håper på nye, gode gener inn i flokken. Særleg når det gjeld ulla, som ofte kan ha ein del grove hår på gammalnorsk spælsau.
Ikkje lett å få tak i avlsværar med god ull, men desse to fekk 9 og 10 poeng på ulla! Så det blir spennande når vi skal plukke ut søyelam til hausten!🐏🌸

Skodde på fjellet i dag, men plutselig var dei der! Øverst i Sætragjelet hørte vi bjellene, plystra litt - så kom sauene...
11/07/2026

Skodde på fjellet i dag, men plutselig var dei der! Øverst i Sætragjelet hørte vi bjellene, plystra litt - så kom sauene ut av tåka. Trollsk❤️🐏



Høyslåtten vart unnagjort med høg arbeidsintensitet på dei tre samanhengande dagane med sol vi fekk til no i juni. Det v...
19/06/2026

Høyslåtten vart unnagjort med høg arbeidsintensitet på dei tre samanhengande dagane med sol vi fekk til no i juni. Det vart nesten tørt. Litt færre skyer og noko høgare temperatur hadde gjort seg. Juni som pleier å vere så fin…

18/06/2026
Rabarbrahausting - det vert heilt nydeleg farge på saft av rabarbra!
06/06/2026

Rabarbrahausting - det vert heilt nydeleg farge på saft av rabarbra!

Adresse

Isdal 85
Isdalstø
5916

Telefon

+4797129193

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Isdal Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Isdal Gard:

Snarveier

Del

Kategori