Bokko gard

Bokko gard Nyahuset på Bokko er eit småbruk ved Herandsvatnet i Hardanger Nyahuset på Bokko er eit småbruk i Hardanger. Den skal tole norsk klima.

Her har ikkje vore drift på mange år, så vi har nok å ta tak i med hus, jord, planter og dyr. Vi får stadig fleire vaktlar og høner, og kan tilby egg frå begge. Dei får økologisk for og massevis av plass å bevege seg på. Hønene får gå fritt på eit stort uteområde, men vaktlane må vi beskytte betre så dei ikkje blir rovdyrmat. Dei har store bur/voilere der dei kan fly rundt, med ulike typer strø, m

asse rom for sandbading, og godt med gjømmestader. Vi jobbar og med å plante ut bærbusker, nøtte- og frukttre slik at vi om nokre år kan tilby eit rikt utval av frukt og grønt. Vi jobbar særskilt med hjartenøtt, ein japansk type valnøtt. Det har vore vanskeleg å få kjøpt hjartenøtt-tre, så difor har vi blitt registrert som såvareimportør hos Mattilsynet. Dei første nøttetrea spira i fjor, og no ligg dei neste til stratifisering i kjøleskåpet.

Om det er nokon i bergensområdet som har lyst på mat eller drikke frå Herand, så er Una Eiken og eg på Julemarked på Lys...
02/12/2023

Om det er nokon i bergensområdet som har lyst på mat eller drikke frå Herand, så er Una Eiken og eg på Julemarked på Lystgården 2023 i dag og i morgon. Vi har med eple, eplesaft, tørka eple, eplekaramellar (av gravenstein, filippa/aroma og elstar), kransekake og -stenger, egg av ulike sortar, og i morgon kjem og nybaka fattigmann.

Sto og baka i heile natt, så håper noko av det fell i smak!

Følg oss gjerne på instagram:
09/01/2023

Følg oss gjerne på instagram:

45 Followers, 201 Following, 12 Posts - See Instagram photos and videos from Guri Bugge ()

Adresse

Jondal
5628

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bokko gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bokko gard:

Del