Anda andelsgard

Anda andelsgard Anda andelsgard starta i 2021. For meir informasjon sjå heimesida vår.

Fin tid på andelsgarden nå utover seinsommaren og hausten. Vi er i gang med hausting av mykje forskjellige grønnsaker, m...
29/07/2026

Fin tid på andelsgarden nå utover seinsommaren og hausten.

Vi er i gang med hausting av mykje forskjellige grønnsaker, men mykje godt er ennå i vente.

Her er bilete av feltet der vi dyrkar ulike typar beter, polka-, gul-og rødbetar og bilete av løkfeltet.

Potetene har vi byrja på og snart kan vi også startavå hausta gulrot. Det er berre å gle seg.

Kjekt at Jærbladet skriv om andelslandbruk. Eg håpar at neste gong dei skriv kan dei rapportera om nye andelslandbruk so...
16/07/2026

Kjekt at Jærbladet skriv om andelslandbruk. Eg håpar at neste gong dei skriv kan dei rapportera om nye andelslandbruk som har starta, ikkje berre om andelslandbruk som er nedlagde.

Det er travelt, men også veldig kjekt og meiningsfyllt å vera andelsbonde. Det er kjekt å sjå alt som veks og gror, og det er kjekt å møta så mange ulike flotte menneske. Det kom kanskje ikkje så tydeleg fram i Jærbladet sin artikkel, så det hadde eg berre lyst å seia i dag.

I 2022 hadde distriktet seks andelsgårder. De lå på Lye, på Orre, på Klepp Stasjon, på Randaberg, i Sandnes og i Stavanger. Av dem er bare den på Klepp Stasjon igjen.

Endeleg er vi godt i gang med haustesesongen. I lag med andelshavarane har vi rydda og klargjort, sådd, planta og luka, ...
11/07/2026

Endeleg er vi godt i gang med haustesesongen.

I lag med andelshavarane har vi rydda og klargjort, sådd, planta og luka, og nå ser og smakar vi resultatet av arbeidet.

Mykje godt å hausta nå, og meir blir det utover sommaren og hausten.

Altfor lenge sidan me har lagt ut noko her. Men her kjem ei aldri så lita oppdatering. Det har vore ein travel vår og fo...
05/07/2026

Altfor lenge sidan me har lagt ut noko her. Men her kjem ei aldri så lita oppdatering.

Det har vore ein travel vår og forsommar. Nå for tida er det stort sett luking som står på programmet når me har dugnad.

Her er bilete frå gårsdagens lukedugnad. God jobbing og god stemning.

Elles er me endeleg skikkeleg i gang med haustesesongen. Nå er det salat i lange baner og litt av kvart anna godt også.

Me gler oss til å kunne hauste mykje meir gode grønnsaker utover sommaren og hausten.

I morgon er det meldt sommar! Det kan du feira med lokalproduserte, ureiste og usprøyta blomar frå Anda blomstergard til...
18/06/2026

I morgon er det meldt sommar! Det kan du feira med lokalproduserte, ureiste og usprøyta blomar frå Anda blomstergard til deg sjølv eller nokon du vil glede.

Vi har ope fredag kl 12-20 og laurdag kl 10-18.

Denne helga blir det litt av kvart i bukettar og buntar, mellom anna levkøy. Den er både vakker, velduftane og har eit langt vaseliv.

Ranunkelsesongen er på hell, men også denne helga kan du kjøpa ranunklar. Anemonene gir og gir blomar, så du kan også denn helga kjøpa små buntar av desse vakre blomane.

Elles har vi masse marikåpe og nydeleg brudeslør (ikkje det vanlege du får kjøpt i butikken, men eit mykje vakrare).

Og om du er heldig finn du kanskje ein vakker romantisk rose eller ein av årets første dahlia i ein bukett.

Velkommen innom oss. Vi tek også i mot bukettbestillingar. Bestillinga må vera inne seinast dagen før du skal ha buketten.

Kjekk tid på andelsgarden nå. Det meste er i jorda, både av planter og frø. Det er godt veksevêr - både for planter og u...
06/06/2026

Kjekk tid på andelsgarden nå. Det meste er i jorda, både av planter og frø. Det er godt veksevêr - både for planter og ugras.

Så i dag har me hatt lukedugnad. Luka i sellerien. (Bilde 1). Blei ikkje heilt ferdige pæ dugnaden, så me andelsbønder luka ferdig etterpå, før selleriennigså fekk litt gjødsel.

Løken veks også godt (bilde 2), og dei siste vekene har andelshavarane kunna hauste plukksalat ( bilde 3), rabarbra og litt urter. Kjekt å vera så smått i gang ed haustesesongen.

Kjekt at så mange var innom for å kjøpa småplanter onsdag ettermiddag. Fekk du ikkje sjansen til å koma på onsdag, får d...
04/06/2026

Kjekt at så mange var innom for å kjøpa småplanter onsdag ettermiddag. Fekk du ikkje sjansen til å koma på onsdag, får du ein ny sjanse. Vi har fortsatt mykje planter planter, så det blir nytt utsalg laurdag 6. juni kl 13-14.

Vi har følgjande planter for salg:
- Mange ulike typar kålvekster som kålrot, blomkål, brokkoli, romanesco, grønnkål, spisskål, savoykål, rødkål, knutekål og vanleg hovudkål
- Ulike typar gresskar, både hokkaido og store halloweengresskar
- Purre
-Stangselleri
-Litt blomar som er fine til snitt, f.eks. Narregulrot, sørgescabiosa og limonium

Plantene står inne i den vesle veksttunnellen ved sida av geitegarden. Me er til stades og hjelper deg om du har spørsmål. Betaling med Vipps til Anda andelsgard.

Treng du planter til kjøkkenhagen? Det får du hos oss. Vi har planta ut det vi skal på andelsgarden, og har ein del plug...
01/06/2026

Treng du planter til kjøkkenhagen? Det får du hos oss. Vi har planta ut det vi skal på andelsgarden, og har ein del pluggplanter til overs.

Vi vil difor ha salg av planter onsdag 3. juni kl 18.30-20.00. Om det er mykje planter igjen etter den dagen, kan det hende vi lagar ein ny salgsdag laurdag 6. juni. Meir info om det kjem etterkvart.

Vi har følgjande planter for salg:
- Diverse kålvekster kr 5 per stk: Blomkål, brokkoli, romanesco, spisskål, savoykål, hovudkål, knutekål. kålrot og ulike sortar grønnkål.
-Diverse gresskar kr 10 per stk: Grønn hokkaido, red kuri (hokkaido), blue ballet, og Jack O’lantern
-Squash kr 10 per stk: To sortar
-Purreløk (utan plugg) kr 2 per stk
-Persille og bladpersille kr 10 per stk
-Stangselleri (ikkje prikla) gratis

Velkommen til vårt vesle grønsakplantemarked!

Ønskjer du å kunna hauste friske, gode grønnsaker som du sjølv har vore med å dyrka? Då har du fortsatt sjansen til å bl...
18/05/2026

Ønskjer du å kunna hauste friske, gode grønnsaker som du sjølv har vore med å dyrka?

Då har du fortsatt sjansen til å bli med som andelshavar hos oss. Vi har fire ledige andelar på andelsgarden denne sesongen, og det er ennå mogleg å bli med.

Vi er godt i gang med årets dugnader og har så vidt byrja å hauste av årets avling.

Ta kontakt om du er interessert i ein andel eller ønskjer å vite meir om kva det vil seie å vera andelshavar.

På tide med ei oppdatering frå andelsgarden. Mars - april var vått og kaldt, så me kom seint i gang med våronna i år. 23...
16/05/2026

På tide med ei oppdatering frå andelsgarden. Mars - april var vått og kaldt, så me kom seint i gang med våronna i år. 23. april fekk fekk vi tilkøyrt lort av ein bonde i nærleiken som vi har avtale med. Same kvelden og dagen etter pløgde Tormod. Deretter var det horving utkøyring av kalk og hønsegjødsel og horving og så var me klare til å byrja å få ting i jorda.

Også mai månad har vore veldig kald, med frost mange netter, så noko veldig veksever har vi ikkje hatt.

Det første vi fekk i jorda var løk og poteter. Løken har så vidt byrja å spire, og nå håpar vi snart at potetne også spirer.

Før vi plantar ut noko, prøver vi å setje det til herding ein dag eller to ute. Først ute var selleri og stangselleri, og i dag har vi hatt stor dugnad der vi planta salat, sådde pastinakk og byrja å plante kål. Nytt av året er artisjokk. Den blei sett ut til herding i dag og skal også snart i jorda.

I løpet av dei neste par vekene håpar med at det meste av det som står inne i veksttunnellane er planta ut.

Etter dugnaden sådde Tormod gulrøter og persillerot - fleire veker seinare enn i fjor.

Denne veka sende vi også ut sesongens første haustemelding. Det er ikkje så mykje å hausta ennå, men kanskje blir det diverse godsaker med rabarbra og urter rundt hos andelshavarane nå til 17. mai.

Vi ønskjer alle andelshavarar og alle våre følgjararar ei rektig fin 17. mai, og så håpar vi på fint ver i morgon, og passe mykje regn og sol i vekene som kjem.

Adresse

Brekkevegen 5
Klepp Stasjon
4353

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Anda andelsgard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Anda andelsgard:

Snarveier

Del

Type