07/12/2025
I 2025 har vi for få fine juletre i Hatlane Juletreskog til at vi kan ha ordinært sal på den tradisjonelle måten. Men likevel vil vi laurdag 20/12 vere i skogen mellom kl. 12 og 14. Sjølv om mange av juletrea no har blitt "vaksne", har vi også nokre få passe store og særeigne juletre med mykje "sjel". Juletre som har opplevd mange harde vinternetter. Vi kan ikkje garantere at du lukkast å finne eit juletre, men du kan gjerne sage toppen av eit stort tre om du ønskjer det. Du kan ta også deg ein tur i skogen og merke deg eit juletre. Du kan sage treet når det passer deg og Vippse kr 500 til mobilnr. 41677225. Ver venleg og sjekk at treet ikkje alt er merka av nokon andre før du sager det ned.