17/06/2025
ER DU VÅR NYE KOLLEGA?🫵✍️🤩
Vi søker matros/motormann og matros/kokk til våre fartøy!
Faste stillingar, med tiltredelse snarast!
Kven er vi?
Sjøprodukt AS er eit veletablert servicerederi lokalisert i Kalvåg på Bremangerlandet. Vi driv med bløgging og serviceoppdrag innan havbruksnæringa, og har ein moderne flåte beståande av både bløggefartøy og servicefartøy.
På grunn av auka aktivitet, treng vi fleire dyktige medarbeidarar!
Vi søker etter:
•Motormann/matros med relevant erfaring og kompetanse
•Kokk/matros med erfaring.
Arbeidsoppgåver Motormann/matros:
•Dagleg drift og vedlikehald av maskinrom og tekniske system
•Feilsøking og reparasjon
•Bistå med det meste om bord.
Arbeidsoppgåver Kokk/matros:
•Ansvar for matlaging
•Planlegging og innkjøp av matvarer
•Sikre reinhald og hygieniske forhold i byssa
•Bistå med det meste om bord.
Kvalifikasjoner:
•Erfaring frå arbeid om bord på båt er ein fordel
•Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
•Påliteleg, strukturert og løysningsorientert
•Gyldige sertifikater og helseattest for arbeid til sjøs
Vi tilbyr:
•Fast stilling i eit solid og framovelent selskap i vekst
•Godt arbeidsmiljø med engasjerte kolleger
•Moderne fartøy og utstyr
•Turnusordning 3-3
Arbeidsstad: Vestlandskysten og omegn, med base i Kalvåg.
Send din søknad+CV til [email protected]