FjordSunn

Ring Veibeskrivelse

FjordSunn Heimelaga sunnere mat og inspirasjon fra Lærdal. Granola, knekkebrød, proteinrikt produkter. Små steg til sunnare liv. Skulevegen 27, 6887 Lærdal

14/10/2026

Hos FjordSunn lagar vi produkt for dei små vala i kvardagen. Noko sprøtt, noko søtt, noko som gir energi – laga med omtanke og gode råvarer. 🌿

Knekkebrød, granola, Lærdella, energikuler og mykje meir – finn din FjordSunn-favoritt. 🤎

Små steg. Gode val. Masse smak.

📍 Skulevegen 27, Lærdal
🛍️ Sjølvbetent – enkelt med Vipps

27/09/2026

Lærdalsmarnaden
I dag fra 12-16
Velkommen

26/09/2026

Velkommen ✨

🌿 Marknad i Lærdal – 26.–27. september! 🌿Denne helga finn dykka oss på marknaden i Lærdal – og vi gler oss skikkeleg! 😁🙃...
23/09/2026

🌿 Marknad i Lærdal – 26.–27. september! 🌿

Denne helga finn dykka oss på marknaden i Lærdal – og vi gler oss skikkeleg! 😁🙃

Vi tek med oss mykje godt frå FjordSunn: sprø knekkebrød, granola, Lærdella, energikuler og fleire av favorittane våre. Og kanskje dukkar det opp noko heilt nytt også… 👀

Kom innom standen vår, smak og bli betre kjent med FjordSunn.
For oss handlar det ikkje berre om det vi lagar – men også om møta med dykka som bur her og kjem på besøk. 🌿

📍 Marknad i Lærdal
📅 26.–27. september

Vi håpar vi sjåast! 💚
Aga & Marta – FjordSunn
Små steg til sunnare liv

12/09/2026

Me tenkjer på dykka heile tida 💚
og prøver stadig å finne på små ting som kan gjere FjordSunn litt kjekkare.

Denne helga har me derfor gjort klar ein liten smaksprøve til dykk 🥰

Går du forbi?
Opne skapet, ta ein smak og kos deg 💚


Frå oss – til deg.

🍬 Sukker er ikkje berre det du har i sukkerskåla.Mange av oss tenkjer på sukker som noko vi finn i godteri, kaker og bru...
14/08/2026

🍬 Sukker er ikkje berre det du har i sukkerskåla.

Mange av oss tenkjer på sukker som noko vi finn i godteri, kaker og brus. Men sanninga er at sukker finst i overraskande mange av matvarene vi brukar kvar einaste dag.

🥣 frukostblandingar
🥤 drikke og saft
🥫 ferdige sausar og dressingar
🥛 yoghurt og meieriprodukt
🍞 brød og andre ferdigprodukt

Og det som gjer det ekstra vanskeleg? Sukker heiter ikkje alltid «sukker» på ingredienslista. 👀

Du kan mellom anna møte namn som glukosesirup, fruktosesirup, dekstrose, maltose, sukrose eller ulike typar sirup.

Det betyr ikkje at vi skal bli redde for sukker eller unngå alt som inneheld det. 💚

Poenget er å bli meir bevisst.

👉 Snu pakken.
👉 Les ingredienslista.
👉 Hugs at ingrediensane står i rekkjefølgje etter mengde – det det er mest av, står først.

Og hugs også at naturleg sukker i frukt, bær og mjølk ikkje er det same som tilsett sukker. Sjå på heile matvara, ikkje berre eitt tal på næringsdeklarasjonen.

Hos FjordSunn ønskjer vi ikkje å lære deg å ete «perfekt». Vi ønskjer å gjere det litt enklare å forstå kva du faktisk et – slik at du sjølv kan ta betre val i kvardagen. 🌿

Små steg. Meir kunnskap. Betre val. 💚

💬 Har du nokon gong blitt overraska over kor mykje sukker det var i eit produkt du trudde var sunt?

02/08/2026

💚 FjordSunn – små steg til eit sunnare liv.

Vi lagar mat med omtanke, gode råvarer og mykje kjærleik – fordi vi trur at sunnare val ikkje treng å vere kompliserte. 🥰

Litt betre val. Litt oftare. Det er slik vi tenkjer.

Vi er her for deg – midt i Lærdal. 🤍
📍 Skulevegen 27, Lærdal

Du er ikkje svak ❣️Du har berre ikkje lært å lytte til kroppen.Har du nokon gong tenkt:“Kvifor har eg så dårleg viljesty...
19/07/2026

Du er ikkje svak ❣️
Du har berre ikkje lært å lytte til kroppen.

Har du nokon gong tenkt:

“Kvifor har eg så dårleg viljestyrke?”

Sanninga er at det ofte ikkje handlar om viljestyrke.

Kroppen sender signal heile dagen – men vi har sjeldan lært å forstå dei.

🥛 Kanskje er du tørst, ikkje svolten.

🥚 Kanskje får du i deg for lite protein.

🌾 Kanskje manglar måltida dine fiber som held deg mett lenger.

😴 Eller kanskje kroppen eigentleg treng kvile.

Mange kjenner plutseleg lyst på noko søtt og trur dei “må” ha sukker.

Men av og til prøver kroppen berre å fortelje deg at han manglar noko anna.

💧 Prøv eit lite eksperiment neste gong søtsuget kjem:
Drikk eit stort glas vatn og vent 15–20 minutt.
Er du framleis svolten etterpå?

Då er det kanskje kroppen som faktisk treng mat.

⸻

❤️ Det viktigaste du kan lære, er å bli kjend med din eigen kropp❣️

Vi er forskjellige 🤓😇😎🤪

Det som fungerer godt for ein person, passar ikkje nødvendigvis for ein annan.

Legg merke til:

• Kva mat held deg mett lenge?

• Kva gir deg jamn energi?

• Kva gjer at du blir fort svolten igjen?

• Korleis reagerer kroppen din etter ulike måltid?

Kroppen gir deg små signal kvar dag.

Jo betre du blir til å lytte, desto enklare blir det å ta gode val – utan dårleg samvit.

🌿 Små steg. Små observasjonar. Store endringar over tid 🥰

Dykka har teke imot Lærdella med opne armar… 💚🍫No er det tid for neste nyheit hos FjordSunn!✨ Energikuler med amarant – ...
17/07/2026

Dykka har teke imot Lærdella med opne armar… 💚🍫
No er det tid for neste nyheit hos FjordSunn!

✨ Energikuler med amarant – små, gode munnfullar laga av enkle og nøye utvalde ingrediensar.

Kvifor er dei litt spesielle?

🌾 Amarant er eit naturleg frø som er rikt på fiber og inneheld planteprotein. Det gir ein god konsistens og passar perfekt i små energikuler.

🍯 Agavesirup gir ei naturleg sødme, slik at vi slepp å bruke vanleg kvitt sukker.

🥜 Med nøtter, kakao og amarant får du ein smakfull snack som passar:
✔️ når du treng litt ekstra energi
✔️ på tur
✔️ eller når du har lyst på noko godt.

Ingen kunstige tilsetjingar – berre gode råvarer og mykje kjærleik. ❤️

💚 Kom innom FjordSunn og smak vår nye Energikuler med amarant.
Kanskje blir dette din neste favoritt?

Adresse

Skulevegen 27
Lærdalsøyri
6887

Telefon

+4792519919

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når FjordSunn legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del