Årethun Foredling

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Årethun Foredling Me reddar overskåtsfrukt og bær frå regionen Sogn og videreforedlar det til smakfulle produkt 🍒🍑🍐

21/08/2026

Set av helga og følg oss for å få med deg kva som skjer under den aller første Mataukfestivalen i Lærdal 🍒🥕🍎🥔

🗓 16-18 oktober
📍 Håbakken, Lærdal

Tusen takk til
For filming og redigering 📽🎬

26/06/2026

Nytt på årets festivalmeny er rockebrus fra Årethun Foredling AS 😍🎉 Eit kjempegodt alkoholfritt alternativ med smak av rabarbra!😋 Rockebrus får ein kjøpt i matteltet!

Hei 🙋‍♀️🙋‍♀️På tide med ein liten presentasjon til alle nye som er komne til sidan sist 🥰Anja og Silje heiter me, og me ...
14/04/2026

Hei 🙋‍♀️🙋‍♀️
På tide med ein liten presentasjon til alle nye som er komne til sidan sist 🥰

Anja og Silje heiter me, og me er sysken. Heilt fra me var små har me tilbrakt sumrane blant bringebærrendene og i morelltreda. Me har krabba på bakken etter jordbær, hatt ståande dessertbuffet i ripsbuskene og duppa rabarbrastangi i koppen med sukker - Hærlege sumarminner 🥹🫶

Me er vakse opp med ei bestemor som aldri kasta mat, brukte alltid slikkepott så ein fekk ei ekstra lita vaffelhjerta eller litt ekstra sos på potene, men viktigst av alt so skulle ikkje so mykje som éit bær henge at i toppen av morellkrona - da var det fram med sagi 🪚 Kjærleik for frukt og bær ha alltid våre sterk og behovet for å redde kvart éit bær har tidvis våre i drugaste laget - me omtala det som bærsjuka og den har me nok ganske tydleg arva.

Årethun kjem frå pikenavnet til ho mommo og er ei hedring av ho og verdiane hennar som me ynskjer å vidareføre. Årethun Foredling blei stifta i 2023 med den hensikt å redda so mykje råvarer som mogleg fra vår region, Sogn, og videreforedla dette til ærlege og smakfulle produkt 🥰 Me bur midt i eit matfat og ynskjer å ta vare på alt som me har tilgjengelig her 💚

Me er rundt til bønder, på pakkeriet og i private hagar å reddar det av frukt, bær og grønnsaker som me klarar, men me er so vidt starta og gledar oss stort mot vegen framover.

Me er i ei tid kor det å ta vare på lokale råvarer og ressursar er enda viktigere enn nokon gong. Me er so takksame for all støtte, hender og heiarop som har hjelpt oss fram dit me er i dag. På 2,5 år har me redda over 16,4 tonn råvarer, no ventar snart ein ny sesong og me går for rekord! I år vil me redda enda meir råvarer enn nokon gong tidlegare og håpar de er med oss på vegen 😇🥰

Saman i 💚

Tusen takk til Frida Solvang for den finaste illustrasjonen i forbindelse med da me pryda mjølkekartongane til Q-Meieriene i fjor vår 💚

02/01/2026

Ein kan trygt sei at året hadde både oppturar og nedturar, men me kom oss igjennom og står no klare for å gripa 2026 med begge hender! Me vil redda meir råvarer, laga meir gode produkt og samarbeida med fleire produsentar for å få til nettopp det - Godt nyttår alle saman 🫶

🎄 Fra oss til deg, God Jul 💫
23/12/2025

🎄 Fra oss til deg, God Jul 💫

Adresse

Øyraplassen
Lærdalsøyri
6887

Åpningstider

10:00 - 15:00

Telefon

+4797983858

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Årethun Foredling legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Årethun Foredling:

Snarveier

Del