12/07/2026
Sjøl om me har søndagstengt, er det mykje som skjer på Mattisrud.
Denne veka har me utleige av Mjølkebua til trivelege gjester kvar natt. Bra det er god klestørk!
Småhønene har komme på plass i utgarden ved hønehuset. Der kosar dei seg og har fått besøk av ein ny, flott hane.
Tuva Trønderkanin fekk berre to ungar. Dei får litt " tvangskos" kvar dag for at dei skal bli tamme.
I andedammen er det sorg og elendighet. Fyste veka gjekk kjempefint og andeungane voks og trivdes. Men så begynte den eine etter den andre å stryke med, så i skrivende stund er det berre ein att. Vi forstår ingen ting!
I to dagar no har vi drive med gjerding - varmt og masse klegg. Det blei ny kve til kalvane og kopplamma. Masse gras og stor tumleplass fall i smak. I kokvarmen gjorde det godt med ein dukkert I dammen.
Sauene er i skogen og det er roleg og fint. Måtte det få fortsette slik.
Og i morgon blir det full rulle her med grøfting og oppattdyrking av utegriskvea vår ( der vi ikkje lenger kan ha gris)
I ledige stunder har eg fått sydd litt skinnsaum så butikken har fått litt påfyll.
Så arbeidsledige er me ikkje heldigvis🤣💪💪