20/02/2026
Vil du vera sidervert hos Lofthus sideri?
Lofthus Sideri søkjer deg/dykk som har lyst til å vera med på ein smakfull sommar i Hardanger! Me treng ein sidervert som vil jobbe med sidersal, leia smakingar, og tilby enkel servering i idylliske omgjevnader.
Om oss:
Lofthus sideri vart starta i 2008 av fire barndomskameratar med kvar sin fruktgard som har vore i familiane i generasjonar, på gardane Eidnes og Lofthus. Sjølve sideriet ligg ved enden av Dronningstien på Lofthus og dei fleste gjestene me har er blide turgåarar, som har gått langt og vil setja seg ned og nyta lokalprodusert mat og drikka.
Arbeidsoppgåver:
* Selja og servera lokalprodusert sider i utsalet vårt
* Sjenking av sider frå både flaska og tappeanlegg
* Gje utmerka kundeservice til våre gjester
* Påfyll av varer
* Vera med og halda sidersmakingar etter opplæring
* Enkel rydding og reingjering av lokala
* Tilberedning av enkel matservering med spekemat, ost og eple.
Om deg:
* Du er blid, imøtekomande og likar å prate med folk
* Du jobbar sjølvstendig og er påliteleg
* Du har interesse for lokalmat og drikke – og er lærevillig
* Du beherskar norsk og engelsk flytande
* Må vera fylt 18 år
* Pluss om de er to som kan bu i lag
Arbeidstid:
* Arbeidsdagane er stort sett frå kl. 10 til 18 (med 30 min pause)
* Me har ope frå 9–20 på kvardagar og 9–18 laurdagar – noko fleksibilitet vert forventa
* Ingen seine kveldar
Me tilbyr:
* Ein unik arbeidsplass midt i hjartet av Hardanger
* Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
* 100% sommarstilling frå juni-september
* Me er behjelpelig med husrom om det trengs
* Erfaringstilpassa løn
* Muligens den flottaste utsikta i Hardanger
Du får grundig opplæring i sidrane våre, inkludert smakingsteknikkar og lokalhistorie, og vert ein del av eit lite, triveleg team. Me forventar ekstra trykk i sommar, så me treng deg som kan ta i eit tak og som set pris på god stemning i ei travel og spanande verksemd!
September:
Det er mogleg å arbeide heilt ut september om ønskeleg. I september treng me hjelp til hausting og pressing av eple i tillegg til å halde sideriet ope.
Vil du vera med?
Send ein kort søknad og CV til [email protected].
Me vurderer søknader fortløpande - så det løner seg å søkja tidleg. .
Les meir om oss på www.sider.no