Bakkevig Gard

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Bakkevig Gard Me driv gard med gammalnorsk sau (villsau) og sel ulike produkt som lammekjøtt, pinnekjøtt og fenalår, frå desse. På garden har me også hytter til utleige.

I tillegg dyrkar jordbær, litt poteter og grønsaker. Garden vår ligg idyllisk til ved Hervikfjorden på vestsida av Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland. Her har det vore drift i lange tider og både landbruk og fiske har vore viktig som næringsgrunnlag. Drivar i dag er niande generasjon.

17/09/2026

Midt i flokken 🐏😍🐑

04/09/2026

Tre hytter, alle nær sjøen og med fin sjøutsikt.
Ni soverom med plass til minst 16 personar.
Eit halvt minutt å gå mellom hyttene.
=> perfekt for tur med storfamilien, klubbgjengen eller samling med jobben 😃

Desse hyttene ligg på Bakkevig Gard i Nedstrand i Tysvær kommune. Du finn fleire bilder og meir informasjon i lenkene under (Airbnb). Der kan du booka, men har du spørsmål eller ønsker å booka på annan måte, send gjerne melding her eller ta kontakt med Kamilla på e-post ([email protected]).

https://www.airbnb.no/rooms/29898422
https://www.airbnb.no/rooms/18825255
https://www.airbnb.no/rooms/1150412948147016833

📷 Helge Eek og privat

Velkommen til oss 🤗

I år blir det forenkla utgåve av "buå" 😄 Tanken var å ha buå oppe med sal av litt jordbær og poteter. Men med kald vinte...
18/08/2026

I år blir det forenkla utgåve av "buå" 😄 Tanken var å ha buå oppe med sal av litt jordbær og poteter. Men med kald vinter, våt og kald vår og generelt lite sol, blei det ikkje jordbær ... og potetene er seine.
Men no er altså potetene klar 😃🥔 og du finn dei i kassen på mjølkerampen. Det er ikkje så mykje av tidlege, men me set opp så lenge me har. Så håpar me på god avling av dei seine potetene 🍀
Me har posar á 1 kg til kr 30,- og småpoteter 1/2 kg til kr 15,-. Og g kanskje finn du andre godsaker etter kvart viss vêret spelar på lag ☀️

Velkommen ❣️

Fin dag i beitet 🍀🐑🦋
12/08/2026

Fin dag i beitet 🍀🐑🦋

Finaste Rakel 💚Veldig trist å måtta ta farvel med henne...må innrømma det kom nokre tårer 😪Leiarsauen - på godt og vondt...
23/07/2026

Finaste Rakel 💚
Veldig trist å måtta ta farvel med henne...må innrømma det kom nokre tårer 😪
Leiarsauen - på godt og vondt... Ho leia flokken der ho skulle, men også andre stader 😅 I ein alder av 13 år var ho kjempesprek; hoppa over gjerder og smaug både under og gjennom der ho fann ei aldri så lita opning. God læremeister blei ho og 🫩MEN: Bonden saknar det karakteristiske breket, bakholdsangrepa då eg gjekk føre med bøtta og ikkje minst den gode, fine, sauen sin 🤎🐑

Kvar lørdag frå juni til august arrangerer "The FOGN Experience" lørdagsmarknad med kafé og sal av ulike produkt. Kunstn...
09/07/2026

Kvar lørdag frå juni til august arrangerer "The FOGN Experience" lørdagsmarknad med kafé og sal av ulike produkt. Kunstnaren Pia MYrvoLD frå Stavanger tok initiativ til dette i 2022. Ho har utstilling der og inviterer i tillegg lokale produsentar til å visa fram produkta sine 😊

Lørdag 11.juli er me invitert til å bli med og me har med oss villsauskinn, kverna deig av fjorlam (15 mnd), samt litt saft og syltetøy. Dette blir triveligt 😃🐑

Opningstid: 12 - 16.

Velkommen ❣️

19/06/2026

"Slepp fångarna loss, det er vår..." Herleg å gå sommaren i møte med kort hår 😄 Nokre av dei Gammalnorske sauene feller ulla sjølv, dei andre klipper me ein gong i året. På grunn av kald vår, var ikkje den nye ulla under grodd så langt, og dermed tyngre å klippa. Men alt gjekk bra og dagen avslutta med kvit duk og lappar 😍

Utleigebåtane bør også "skina"... 🙄
17/06/2026

Utleigebåtane bør også "skina"... 🙄

Nærmar seg sommarklipp 🐏😃
05/06/2026

Nærmar seg sommarklipp 🐏😃

27/05/2026

Har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv 😅
Håpar 30 x 🦤 held seg vekke ei stund 🥴🧐💩

Adresse

Liarvågvegen 681
Nedstrand
5560

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bakkevig Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bakkevig Gard:

Snarveier

Del

Kategori