Kaltegarden Norddal

Kaltegarden Norddal På Kaltegarden dyrker vi et stort mangfold av usprøytede grønnsaker og blomster. Vi tilbyr ferske snittblomster til bryllup og andre arrangementer.

Grønnsakene våre leverer vi til restauranter og selger gjennom Rekoringen og lokalt.

Desse utallige beda har verkeleg redda oss i år!Å dyrke grønsaker og blomar etter market garden-prinsippet gir meining. ...
20/08/2026

Desse utallige beda har verkeleg redda oss i år!

Å dyrke grønsaker og blomar etter market garden-prinsippet gir meining. Ein viktig del av tanken er å dyrke mange ulike kulturar. Og ja, det gjer drifta mykje meir komplisert, men det fantastiske er at det alltid er noko som fungerer!

I år, til dømes, har vi hatt det kaldt og vått, og då slit til dømes både zinniar og tomatar, men blomsterertene og kålen elskar dette vêret.

Når klimaet blir meir uforutsigbart, er det altfor risikabelt for meg å satse alt på éin kultur.

Jeg er derfor skikkeleg glad for at vi dyrkar rundt 100 ulike sortar grønsaker og blomar (jeg har berre grovt rekna over 😅). Det gjer kanskje drifta meir komplisert, men akkurat i ein "sommar" som denne er det også noko av det som gjer at vi faktisk har noko som fungerer

PS: Dronebildet er frå nokre år tilbake, då hadde jeg nesten ikkje blomar 😲 Hyke Studio kjem dokke ein tur med drona igjen i haust? Jeg treng nye bilete! 📸😍

Altså… dette året har vore litt av ei berg-og-dal-bane.Akkurat når alle byrjar å tenkje at sommaren er over, bestemmer b...
16/08/2026

Altså… dette året har vore litt av ei berg-og-dal-bane.

Akkurat når alle byrjar å tenkje at sommaren er over, bestemmer blomane i hagen min seg for å vakne til liv. Betre seint enn aldri, ikkje sant?

Og når dette endeleg skjer og jeg ikkje har fleire bryllaup på planen, får vi dessverre ikkje til å komme til REKO Ålesund denne veka. Det skjer nemleg nokre tidkrevjande ting her hos oss akkurat no, som kanskje kan føre til nokre endringar framover. Men meir om det seinare 👀

Så då får blomane halde seg skikkeleg kortreiste! Dei kan bestillast og hentast hos meg og etter avtale kan jeg også levere i Norddal og Eidsdal. Dersom det blir stor interesse, kan vi også ta turen til Valldal og Geiranger.

Jeg tilbyr bukettar i tre ulike storleikar, så det finst noko for alle lommebøker og høve.

Send meg ein melding ❤️

Då jeg byrja å jobbe med blomar, undervurderte jeg ein ting ganske mykje. No forstår jeg kor viktig dette er, og samtidi...
15/08/2026

Då jeg byrja å jobbe med blomar, undervurderte jeg ein ting ganske mykje. No forstår jeg kor viktig dette er, og samtidig kor stort og komplisert temaet faktisk er:

Fargar.

Det handlar ikkje berre om å sjå fargane, men om å lære å lese dei, å forstå nyansane, kontrastane og samspelet mellom dei. Det er utruleg kor mange små ting ein må tenkje på.

Ton-i-ton kan gi eit elegant uttrykk. Fargar som liknar kvarandre, kan verke mjuke, medan komplementærfargar kan få kvarandre til å verke sterkare. Sjølv innanfor éin farge finst det varme og kalde tonar. Og grønt er absolutt ikkje berre grønt.

Det er godt jeg hadde kunst som fordjupingsfag på skulen. Likevel har jeg framleis så mykje å oppdage.

Jeg lærer forresten utruleg mykje frå andre blomsterdekoratørar. Av mange, men spesielt når det gjeld dette temaet, er Benedicte Angel Mæhle ei stor inspirasjonskjelde for meg og for mange andre i blomsterverda.

Jeg synest det er viktig å nemne dei som lærer oss noko og inspirerer oss vidare. Jeg kan absolutt anbefale å ta eit kurs hos henne!

På biletet ser de blomsterbøtter til bryllaup eller selskap

Mathildes brudebukett 🩷🧡💛Oppdraget var: Knasande fargar i ein klassisk form 💐Takk for tilliten! Jeg ønskjer dokke alt go...
13/08/2026

Mathildes brudebukett 🩷🧡💛

Oppdraget var: Knasande fargar i ein klassisk form 💐

Takk for tilliten! Jeg ønskjer dokke alt godt for framtida, Mathilde og Kristian !

Dear men, where are you?Da jeg startet bedriften min for nokre år sidan, trudde jeg heilt ærleg at menn kom til å bli ei...
06/08/2026

Dear men, where are you?

Da jeg startet bedriften min for nokre år sidan, trudde jeg heilt ærleg at menn kom til å bli ei stor kundegruppe for meg. For jeg må innrømme at jeg hadde litt den klassiske stereotypien i hovudet: Menn kjøper blomar til kjærasten sin.

Vel… jeg tok visst feil.

Kvinner kjøper seg sjølve blomar (akkurat som Miley Cyrus syng om), og kvinner likar òg veldig godt å gi blomar til andre.

Men heilt ærleg: Har blomar eit stempel på seg der det står at dei berre er for kvinner? 🤔

Jeg trur kanskje vi alle har godt av å tenkje litt over mange av dei tinga i livet der vi har lært at "dette er for kvinner" og "dette er for menn". Mange av desse grensene er jo eigentleg berre noko vi har skapt sjølve, og dei treng ikkje alltid å gi meining 👀

Fortener ikkje alle menneske, uansett kjønn, å ha blomar i livet sitt? ❤️

Send dette innlegget til ein mann i familien din, ein ven eller ein kollega. Kanskje dei tenkjer litt over det og får lyst til å gi nokon blomar, eller kjøpe seg sjølv nokre!

Det skjer mykje på garden akkurat no og sjølv om vi skulle ønske vi rakk alt, må vi av og til prioritere ...Vi kjem difo...
05/08/2026

Det skjer mykje på garden akkurat no og sjølv om vi skulle ønske vi rakk alt, må vi av og til prioritere ...

Vi kjem difor ikkje til byen med grønsaker denne veka, men åkrane er fulle, og grønsakene må ut!!

Frå i dag set vi difor ned prisane på grønsakene i gardsbutikken 🙌

Kva vi har inne akkurat no, finn du i innlegget «Slik bestiller du grønsaker». Det kjem også meir etter kvart, jeg oppdaterer når det er klart 🤗

Kjære bygdefolk, no er dykkar tur! Vis kor godt de støttar lokale produsentar. Kom innom, fyll handleposen og hjelp oss å få den fantastiske avlinga ut til folk. ❤️😍🙏

Ein blomsterbøtte Ei heil bøtte full av lokalt produserte blomster. Kvar einaste blomst er sådd for hand, kvar einaste e...
01/08/2026

Ein blomsterbøtte

Ei heil bøtte full av lokalt produserte blomster. Kvar einaste blomst er sådd for hand, kvar einaste er planta om for hand, kvar einaste er nøye vald ut, kvar einaste blomst er klipt og førebudd.

Utan sprøytemiddel, utan dårleg samvit 🌱

Kan bestillast frå no og fram til første frost, perfekt til festen din !

1200 kr for 70 stilkar.

Adresse

Holebrauta 79
Norddal
6214

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 18:00
Onsdag 10:00 - 18:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 18:00
Lørdag 10:00 - 18:00
Søndag 10:00 - 18:00

Telefon

+4746299696

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kaltegarden Norddal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kaltegarden Norddal:

Snarveier

Del

Type