Reksta villsau

Reksta villsau Reksta Villsau produserar økologiske spekepølser og villsauskinn av eigne villsauer på øya Reksta i F

Godt med båtvande folk og dyr, når beitetilsyn må gjerast sjøvegen. I kveld fekk nokre sauer besøk av snopebøtta, medan ...
28/07/2026

Godt med båtvande folk og dyr, når beitetilsyn må gjerast sjøvegen. I kveld fekk nokre sauer besøk av snopebøtta, medan andre vart flytta frå ein nedbeita holme til ny holme.

Fredag vart slåttegrauten fortært, etter ei god veke med slått, silolemping, raking og innkøyring av tørrhøy. Viktig med...
26/07/2026

Fredag vart slåttegrauten fortært, etter ei god veke med slått, silolemping, raking og innkøyring av tørrhøy. Viktig med vinterfôr og kjekt med engasjerte ungar / ungdommar som tar i eit tak💪💚 Takk til Inga, Espen, Evy, Lina, Sigrid, Helene og Jørgen! Knallgodt jobba👍

På heimveg etter ein særdeles triveleg marknadsdag på Nilsbua i Hellevika👍 Turen gjekk på eigen kjøl 🛥️ mellom Reksta og...
19/07/2026

På heimveg etter ein særdeles triveleg marknadsdag på Nilsbua i Hellevika👍 Turen gjekk på eigen kjøl 🛥️ mellom Reksta og Florø. Resten av reisa gjekk på hjul inn og ut fjordane🚙

Vi gler oss til marknadsdag på Nilsbua😊
16/07/2026

Vi gler oss til marknadsdag på Nilsbua😊

Finnast det noko betre? Nyslåtte bøar, sommarsol og ei sterk jente i siloen💚
14/07/2026

Finnast det noko betre? Nyslåtte bøar, sommarsol og ei sterk jente i siloen💚

Bursdagspresang, dåpsgåve, bryllaup? Kva med eit «evigvarande» villsauskinn? Vi har oppdatert nettsida vår reksta.no med...
09/07/2026

Bursdagspresang, dåpsgåve, bryllaup? Kva med eit «evigvarande» villsauskinn? Vi har oppdatert nettsida vår reksta.no med bilde og pris på ulike skinn🐑

29/06/2026

Tid om anna opplever vi at lam blir påkøyrde, då utmarksbeita våre grensar mot vegen. I dag skjedde det dessverre igjen. Vi skjønar at folk kan vere uheldige, og det er ikkje straffbart å køyre på husdyr. MEN det er straffbart å ikkje melde i frå - i tillegg er det smertefullt for dyra å ikkje få hjelp. Gjer samtidig merksam på at det er bandtvang🐕

Laurdag 27.6. er vi på plass på skuleplassen i Rognaldsvåg kl. 11 til 15 - med gode lokale smakar og skinn. Ta med  heil...
24/06/2026

Laurdag 27.6. er vi på plass på skuleplassen i Rognaldsvåg kl. 11 til 15 - med gode lokale smakar og skinn. Ta med heile familien og bli med på Bygdelaget Havglimt si opning av den nye leikeplassen / samlingsplassen🇳🇴🎈🇳🇴

Då er vi klare for Bondens marked på Sandane i morgon, med nytt heimelaga skilt (fjøsplate, kritt og sjablong) og nypluk...
12/06/2026

Då er vi klare for Bondens marked på Sandane i morgon, med nytt heimelaga skilt (fjøsplate, kritt og sjablong) og nyplukka ramslaukbukett💚

Adresse

Rekstavegen 481
Rognaldsvåg
6915

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Reksta villsau legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Reksta villsau:

Snarveier

Del

Type