31/12/2025
Julehelsing frå Vidsyn
Me skriv 31. desember, og det tid for oppsummering av året som har gått.
Me skulle jo gjerne ha lagt skylda på at porto e blitt så dyrt, men det er vel mest mangel på tid som gjer at også årets julebrev blir i digitalt format.
Den største endringa er det nok jentene som har hatt i løpet av året. Erle har byrja på barneskulen, Live har rykka opp til storskule og Vilje har begynt på ungdomsskulen. Dei veks til desse barna.
Ungane er aktive også etter skuletid, så det er sjelden rolige ettermiddager i heimen.
Både Live og Vilje går på dans. Live speler i skulekorpset, og både Erle og Vilje syng i barnekoret.
Og så spelar no alle tre fotball, og pappen forsøker å henge med som trenar for både Erle og Vilje. Live var i år med på Voss Cup, og Vilje var med på Sør Cup i Kristiansand.
Etter Sør Cup starta me sommerferien med fine dagar på Sørlandet, med blandt anna besøk i Dyreparken.
Når jentene har tid og energi er dei også med å hjelper til med dyra heime på Vidsyn, der me har hester, geiter, høner, hunden Dreng og katten Mattis.
Hanne og Ingve har framleis dei samme jobbane, lærar på barneskulen og instruktør i politiet. I tillegg har Hanne jobba som støttekontakt.
Ingve har framleis ikkje blitt noko flinkare til å ikkje engasjere seg, og i tillegg til politikk og sokneråd, har han også starta opp foreninga Rosendal Kultur, som arrangerer konsertar i Rosendal. Det siste året har Daniel Kvammen, Thom Hell, Silya Nymoen, dePresno og Christian Ingebrigtsen besøkt bygda, og alle har budd i eldhuset heime på Vidsyn.
Me leige ut Eldhuset på Airbnb, og har hatt godt belegg i sommerhalvåret. Ellers bruker me det når me får besøk av familie og venner.
No feire vi inngangen i det nye året med våre gode naboer, og gler oss til å ta fatt på eit nytt og innhaldsrikt år.
Godt nyttår til følgerne, venner og familie. Helsing frå familien på Vidsyn.