Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet Gardsbrenneriet – Proudly part of Nordfjord Distillery. We combine tradition, handcraft, and a passion for pure taste.

We have a factory outlet where you can buy our non-alcohol and low-alcohol products directly from the distillery.

Frisider - perfekt match til blåmuggost 🥂
12/05/2026

Frisider - perfekt match til blåmuggost 🥂

12/05/2026

Til 17. mai lunsjbordet synes vi det er ekstra stas å bruke lokalmat. Og i Gloppen er vi heldige, det er så mykje godt å velge i. Både frå eigne produsentar frå Gloppen og ellers frå Sogn og Fjordane. Vi har eit lite utval lokalmat i fabrikkutsalget vårt og ellers så bugnar det av lokalmat både hos Bakar-Jon, dei lokale Coop-butikkane og i gardsutsala kring Gloppefjorden og ellers i Nordfjord 🥰

🍸 Frivillig på musikkfestivaler sommer 2026 🍸Vi ønskjer å rekruttere ein gjeng som kan hjelpe oss som bartenderar og bac...
11/05/2026

🍸 Frivillig på musikkfestivaler sommer 2026 🍸
Vi ønskjer å rekruttere ein gjeng som kan hjelpe oss som bartenderar og backbar på Norsk Countrytreff og Malakoff juli 2026

Frivillig på musikkfestivaler sommer 2026 Vi ønskjer å rekruttere ein gjeng som kan hjelpe oss som bartenderar og backbar på Norsk Countrytreff og Malakoff juli 2026. Stad Nordfjord Stilling Frivillig bartender Open for søknader Les meir

Kom innom  i dag for ein smak av Nordfjord 💚 Frisider er ein alkoholfri handverksider som passar perfekt på 17. mai bord...
02/05/2026

Kom innom i dag for ein smak av Nordfjord 💚 Frisider er ein alkoholfri handverksider som passar perfekt på 17. mai bordet og til konfirmasjonsmiddagen. No gler vi oss til årets epleblomstring, slik veret ser ut akkurat no tippar vi på at hagen står på det finaste rundt 17. mai 🥰 I mellomtida tittar vi på bilder frå tidlegare år og ventar spent på årets første epleblome.

01/05/2026

Stengt fabrikkutsalg i dag grunna våronna pågår 💚🌱

30/04/2026

Plommetrea blomstrar i Nordfjord – og vi er inne i dei mest avgjerande dagane for årets avling 🌸

I denne fasen er blomane svært frostutsette. Temperaturar ned mot –2 til –3 °C kan skade fruktemna, og korte kuldeperiodar om natta kan vere nok til å redusere avlinga betydeleg.

No er det nettene som tel. Utfallet avgjer kor mykje som endar i glas og flasker til hausten.

Skal du på Norgesferie i år og er interessert i norske bygdeperler og lokalmat? Då vil vi gjerne tipse om å bruke hanen....
27/04/2026

Skal du på Norgesferie i år og er interessert i norske bygdeperler og lokalmat? Då vil vi gjerne tipse om å bruke hanen.no til å planlegge turen. Og vi vil på det sterkaste anbefale å legge turen innom Gloppen 😃 Kvitfella feriehytter med gardsutsalet Storstad Angus, Gardsbrenneriet med fabrikkutsalg samt Påldtun frukt og bær og Tystad Fruktgard, begge med sjølvbetjent utsal, er med i HANEN og ligg perfekt til for dei som ønskjer ein lokalmattur rundt Gloppefjorden. Dette er berre eit lite knippe av lokalmatbedriftene i Gloppen og mange fleire har også gardsutsalg og andre tilbod til besøkjande. Faktisk er det så mange som driv med lokalmat at Gloppen har fått sin eigen lokalmatfestival Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane som går av stabelen i september kvart år. Gloppen ligg i hjartet av regionen Nordfjord som har sitt eige lokalmatnettverk Nordfjord Smak. Sjekk Visit Gloppen og Visit Nordfjord for gode tips til lokalmatopplevingar i ferien.

Visit Nordfjord i juli på festivalsommar. Vi gledar oss til å rigge bar på Norsk Countrytreff og Malakoff og planlegging...
22/04/2026

Visit Nordfjord i juli på festivalsommar. Vi gledar oss til å rigge bar på Norsk Countrytreff og Malakoff og planlegginga er godt i gang. Sjølvsagt må Gardsbrenneriet - soon to be Nordfjord Distillery ha eigendyrka pynt og garnityr i baren. Det meste sår vi sjølv frå økologiske frø frå .no. Enkelte vegetativt formeira slag som sitron- og appelsintimian, sitron- og appelsinmynte, sitron-og appelsin duftpelargonium, rosmarin og spicy gresk oregano har vi kjøpt pluggstiklingar av som vi skal ale opp i veksthuset på garden. Utfordringa er at vi må kjøpe heile stiklingsbrett og det blir litt mykje uansett kor mykje garnityr vi brukar i drinkane 😅 Det er derfor mogleg å kjøpe pluggstiklingar i fabrikkutsalget vårt i Industrivegen 12 fram til fredag kl 16, då blir dei potta opp. ☺️ Nokre av dei opp-potta plantane kjem for sal i det sjølvbetjente planteutsalget ved nedkøyringa til garden vår om nokre veker. 🌱

We are excited to announce that Gardsbrenneriet – soon to be Nordfjord Distillery – is now open for tourist bookings.We ...
16/04/2026

We are excited to announce that Gardsbrenneriet – soon to be Nordfjord Distillery – is now open for tourist bookings.

We are truly grateful for the interest our experiences have received this week at in Lofoten, where we were represented at the and .no / stands.

We look forward to welcoming you to Nordfjord and sharing our craft.

Akevittens dag - «Dei brende det dei hadde»Den norske akevitten var ikkje alltid slik vi kjenner han i dag.Då brennevin ...
13/04/2026

Akevittens dag - «Dei brende det dei hadde»

Den norske akevitten var ikkje alltid slik vi kjenner han i dag.

Då brennevin kom til Noreg på 1500–1600-talet, vart det laga av korn – bygg, rug og havre. Dette var ein kostbar ressurs, og brenning var lenge forbeholdt overskot, fest og medisin. Men utover 1700-talet skjedde noko som skulle endre norsk drikketradisjon for alltid.

Poteta kom.

Ho slo rot i norsk jord fordi ho gav meir mat på mindre areal, og fordi ho tolte klimaet betre enn korn. Dermed vart grunnlaget lagt for det som i dag er potetakevitten. Rundt om på gardane byrja folk å brenne det dei hadde – lokale potetsortar, dyrka i sitt eige jordsmonn. Resultatet var ein rå og karakterfull sprit, som vart krydra med karve, dill og andre vekstar – både for smak og for magen si skuld.

Adresse

Industrivegen 12
Sandane
6823

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 11:00 - 15:00

Telefon

+4795162028

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gardsbrenneriet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gardsbrenneriet:

Del